HELSENORGE

Fjerning av falsk mandel (adenotomi)

Falske mandlar / adenoide vegetasjonar er forstørra lymfevev øvst i svelget ved den bakre opninga til nasen. Slikt vev – som folk flest kallar «polyppar» – kan hos småbarn medføre nasetettleik, munnpusting, dårleg søvn og at barnet er sliten på dagtid. I tillegg kan store falske mandlar bidra til at det dannar seg væske i mellomøyret, og at høyrselen til barnet kan bli dårlegare. Ved uttalte plager er behandlinga operasjon.