Etter operasjonen ligg barnet til observasjon på oppvakningsavdelinga. Ein føresatt kan vere hos barnet så fort som praktisk mogleg. Kirurgen vil informere om operasjonen og eventuelle forholdsreglar. Heimreise er vanlegvis ein til to timar etter inngrepet. Barn må ikkje vere aleine dei første 3 dagane etter operasjonen.
Fråvær frå barnehage eller skule i tre til fire dagar.
Reseptar
Barnet får resept på smertestillande medisinar (eResept).
Ved bløding etter operasjonen
Det er ikkje uvanleg med noko blodtilblanda slim. Da anbefalar vi å prøve kaldt omslag på hals/nakke og å suge på ein isbit, spise is eller drikke kaldt vatn. Men dersom barnet blør (meir enn spytt), må de ta direkte kontakt med avdelinga eller ambulanse
113. Bløding etter fjerning av delar av mandlane er sjeldan, men kan vere alvorleg. Vi ønsker derfor at de tar kontakt så fort de er det minste i tvil, og har låg terskel for å ringe 113.
Barn bør bli nøye observert dei første dagane etter operasjonen. Det er anbefalt å sove hos barnet eller sjå til barnet fleire gonger om natta. Ei mogleg bløding etter operasjonen vil ein sjå ved blod frå nase eller munn, blodig hoste eller mørk avføring. Også ein stadig svelgetendens hos barn kan tyde på ei eventuell bløding.
Forholdsreglar for å redusere risiko for bløding etter operasjonen:
Trening og aktivitet
Unngå fysisk slit (sport eller gym) og tunge løft i sju dagar. Når blodtrykket stig, utvidar blodkara seg og dermed aukar blødingsfaren.
Dusj og bad
Unngå varmt vatn i dusjen og badet i tre dagar.
Mat og drikke
Unngå varm mat og drikke og mat med skarpe kantar (som knekkebrød, brødskorper, nøtter og liknande) i tre dagar.
Generell risiko og komplikasjonar
Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Gi smertestillande medisin etter legens anbefaling.
Det er ikkje uvanleg at øyresmerter oppstår omtrent to dagar etter operasjonen. Øyresmertene kjem av hevelse rundt nervane, som går frå halsen og opp til øyret. Ubehaget kan bli redusert ved at barnet ligg med hovudet eller overkroppen heva.
Det er viktig at barnet drikk rikeleg og ofte. Det kan hindre danning av harde skorper på sårflatene, som kan gi auka smerter.
Andre følger etter operasjonen kan vere
- endra smakssans
- hevelse i drøvelen, som kan medføre brekningsrefleks og svelgvanskar
- lett dårleg ande (dersom barnet blir plaga med sterk dårleg ande, kan dette vere teikn på infeksjon)
- tannskadar
- hud- og blautvevsskadar
Sidan ikkje heile mandelen blir fjerna, kan det seinare oppstå halsbetennelsar som treng behandling. Den resterande mandelen kan også bli fjerna i etterkant. I sjeldne tilfelle kan mandelvevet vekse ut igjen og krevje ny behandling.
Ved nedsett allmenntilstand, feber, auka smerte eller problem med væskeinntak, ta kontakt med avdelinga.