Elektroencefalografi
EEG undersøking
EEG (elektroencefalografi) er ei undersøking som registrerer elektrisk aktivitet/signal i hjernen. Dette gjer vi ved hjelp av elektrodar som er festa på hovudet. Signala blir bearbeidd og kan sjåast i form av bølger på ein skjerm. Under undersøkinga gjer vi eit videoopptak av deg. EEG er heilt smertefritt.
Kvifor gjer vi undersøkinga?
EEG er ei nyttig undersøking for utgreiing av ulike tilstandar som det å svime av, epilepsi, koma, personlegdomsforandringar, spiseforstyrringar, søvnforstyrringar og etter ulike hendingar.
Ved elektrokonvulsiv terapi, også kalt elektrosjokkbehandling, blir EEG brukt som overvaking.
Før
- Et og ta dei vanlige medisinane du pleier også den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje andre beskjeder er gitt.
- Skriv ned kva medisinar du bruker.
- For at prøven skal bli teknisk god bør håret være nyvaska og tørt (Ikkje bruk andre hårprodukt enn nøytral shampo).
- Ha med eigen kam, børste, evt. hårpleiemidlar
- Barn kan ha med seg leikar, smokk, tåteflaske etc
- Barn / personer som treng ekstra førebuing (f.eks ved autisme, eller psykisk utviklingshemming), kan avtala å koma til avdelinga før undersøkinga for å sjå avdelinga og rommet der undersøkinga skal gå føre seg, sjå / kjenna på utstyr, evt. låna med seg heim noko av utstyr for å øva seg til undersøkinga – ta kontakt med oss dersom dette er aktuelt.
Under
- Undersøkinga er smertefri.
- Små elektrodar blir plassert på hovudet si overflate for å registrera den elektriske aktiviteten i hjernen.
- Det brukes elekrodepasta og elektrodekrem i hodebunnen.
- Nokre gonger festar ein elektrodane i ei hette.
- I tillegg blir det plassert to elektrodar på brystet eller hender for å registrera hjerterytmen.
- Det er viktig å slappa godt av under testen. Uro eller rørsler gir forstyrring i registreringa og bør reduserast til eit minimum.
- Personen ligg helst og som oftast på ein benk, men kan også sitja i ein stol. Barn kan sitja på fanget til ein av foreldra eller liggje i vogna.
- Samtidig med registreringa av hjerneaktiviteten blir det gjort videoopptak.
- Ofte blir det gjort lysblinkstimulering, og / eller hyperventilasjon under EEG
- Sjølve EEG-registreringa varer ca. 20 minutt. Til saman tek undersøkinga ca. 1 time.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Ver merksam
Det er ingen komplikasjonar ved denne undersøkinga.