Under EKG-takinga ligg du på ei undersøkingsbenk/i seng, og du må ta av deg klærne på overkroppen.
Vi fester klistrelappar med leidninger på huda, ein på kvar arm og kvar fot, samt seks ledningar på brystet. Ved behov vert huden barbert i det området klisterlappane skal festast. Så fester vi ledningane til EKG-apparatet som registrerer dei elektriske impulsane i hjartet ditt.
Sjølve undersøkinga tar ca 5 minutt og er heilt smertefri. Du merker ikkje at registreringa skjer, og resultatet blir best om du ligg stille.