Videofluoroskopi
Svelgfilming hos barn
Svelgfilming (videofluoroskopi) er ei røntgenundersøking av svelgefunksjon. Ved undersøkinga får barnet mat‐ og drikkevarer (med ulike konsistensar) han/ho vanlegvis et og drikk, tilsett røntgenkontrast. Kontrast finst både i tynt- og tjuktflytande form, og som pulver og pastè. Svelgprosessen blir filma med røntgen. Undersøkinga blir utført for å avklare om det ligg svelgevanskar føre, og i kva grad. Det er spesielt viktig å avklare om det er risiko for feilsvelging til luftrøyret (aspirasjon).
Før
Det er svært viktig at barnet er svolte når undersøkinga startar. Små barn i alderen 0–3 år bør vere fastande i 3 timar før undersøkinga. Barn over 3 år kan vere fastande 3–4 timar. Ta med mat/drikke som barnet liker, og eigna flaske, tutekopp, kopp og skeier. Det er ein stor fordel om barnet er kjent med drikke‐ og etereiskapane.
Under
Når undersøkinga begynner, må du stå eller sitte i ein stol som liknar eit bilsete. Dersom du bruker rullestol, kan du som regel gjennomføre undersøkinga medan du sit i denne. Vi blander litt kontrastmiddel i den maten og den drikka du har tatt med. Kontrastmiddelet er kvitt eller gjennomsiktig, og gjer slik at maten viser på røntgenbilda. Det kan gjere at maten får litt annleis smak eller konsistens, men det skal ikkje smake dårlig.
Det er satt av 45 minutt til sjølve undersøkinga i tillegg til 30 minutt forberedelsestid.


Etter
Undersøkinga krever inga spesiell oppfølging. Resultatet av undersøkinga vert sendt til den legen som har henvist til undersøking.