For høgt blodsukker
Det kan vere behov for å sette ekstra doser med hurtigverkande insulin for å få ned eit veldig høgt blodglukose.
Syreforgifting
Symptom på syreforgifting kan blant anna vere magesmerter, kvalme, oppkast hovudverk, nedsett allmenntilstand og uttalt tørste. Ved mistanke om syreforgifting må du ta kontakt med lege/legevakt eller sjukehus snarast mogleg.
For lågt blodsukker (føling, hypoglykemi)
Ved lågt blodsukker vil du kunne oppleve symptom som konsentrasjonsvanskar, hjertebank, kaldsveitte, skjelving og hovudverk. Blodglukose kan da korrigerast ved å innta karbohydrat som søt drikke og mat (for eksempel grov brødskive).
Ved ekstra lågt blodsukker kan det oppstå svekka bevisstheit, akutt forvirring eller bevisheitstap. Det er viktig å få blodsukkeret til å stige raskt. Dersom enkle tiltak som mat og drikke ikkje verkar raskt, og ein ikkje oppnår kontakt med deg eller du ikkje kan samarbeide, kan andre gi hormonet glukagon, anten som ein nasespray eller som injeksjon.
Dersom ingen av desse tiltaka hjelper må ein kontakte legevakt eller 113 med ein gong. Det kan da gis infusjon av glukose (sukker), og det kan vere behov for akutt innlegging i sjukehus.