HELSENORGE
Hjarte-CT

CT av hjertet

Moderne CT-maskiner kan framstille hjartets kransårer raskt og på ein trygg og enkel måte.

Innleiing

Dei fleste pasientar som vert tilvist til CT-skanning av hjarte, ønsker å få undersøkt kransårane sine. Kunnskap om hjartets kransårer er viktig for å kunne gje pasientar med brystsmerter optimal behandling og for å kunne bedømme risiko for at hjartesjukdom skal inntreffe (prognose). Teknologiske framskritt innan CT-skanning har gjort det mogleg å vise kransårane jamgodt med den tradisjonelle måten der kontrast vert satt direkte i ein kransåre etter innføring av eit kateter i ei pulsåre.

CT-skanning av kransårene er ein rask og trygg teknikk med få komplikasjonar. Metoden er best egna for å påvise normale årer utan innsnevringar (stenosar).

Kransåresjukdom kan avkreftast med stor sikkerhet som årsak til brystsmerter. For desse pasientane er prognosen svært god med lav risiko for alvorlege hjarterelaterte hendingar i mange år framover.

Angina pectoris (‘hjartekramper’) vert forårsaka av innsnevringer som inneheld ei vekslande mengde kalsium (‘kalk’). CT- skanning er også ein god metode for å vise innsnevringer, men tyding av CT-bileter vert vanskeleg når kalsium hopar seg opp i åreveggen.

For å unngå dette problemet, vert det først teke eit oversiktsbilde (skan) av kransårene utan å sette kontrast. Maskinen gjer det mogleg å kjenne att kalsium (kalk) i åreveggen og talfeste kalsiuminnhaldet. Dette kalles kalsium score. Overstig kalsium score ein fastsatt terskel, vert undersøkinga sluttført utan at kontrast vert gjeve. Andre undersøkingar kan være aktuelle for å kartlegge om det er teikn på kransåresjukdom.

Nokre institusjonar tilbyr måling av kalsium score utan å vidare undersøke kransårene med kontrast. Kalsium score er bunde opp mot risiko for større hendingar forårsaka av sjukdom i kransårene som hjarteinfarkt og plutseleg hjartedød: til høgare kalsium score, til større er risikoen. Individuell vegvisning med tanke på inngripen, lar seg ikkje gjere på bakgrunn av kalsium score åleine.

hjerte CT

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Opplysningar om tidlegare hjarteinfarkt, tidligare inngripen på kransårene (utblokking (PCI), bypass-operasjon osb) og risikofaktorer for kransåresjukdom bør vere nedskreve i ein tilvising.
  • Informasjon som stadfestar nyrefunksjon (s-kreatinin og e-GFR) bør ikkje vere eldre enn ei veke.
  • Dersom pasienten tidligare har hatt ein reaksjon på røntgenkontrast, må det gjerast greie for når reaksjonen oppstod, symptomer, kontrasttype og kva for utgreiing det gjaldt.

Før

Faste medisinar kan takast som vanleg, ein treng heller ikkje å faste. Koffeinhaldig drikk som kaffi, cola og te auker hjartefrekvens med nedsatt billedkvalitet som resultat,  og må derfor unngåast inntil undersøking er gjennomført. Av same grunn skal ein ikkje røyke før undersøkinga.

For CT-undersøking blir det nytta røntgenstrålar. Ved graviditet eller usikkerhet om pasienten er gravid, skal det vurderast grundig om undersøkinga kan verte utsatt eller pasienten kan ta andre undersøkingar utan røntgenstrålar.

Ved tidligare reaksjon på kontrastvæske, vert pasienten oppmoda til å ta kontakt med avdelinga før CT-undersøkinga. For å unngå liknande reaksjon, må pasienten  bruke medisin kvelden før og om morgenen på undersøkingsdagen. Hyppigast reaksjon på kontrastvæske er eit kløande utslett, som går raskt tilbake ved hjelp av ein tablett antihistamin. I alvorlege tilfeller kan pasienten få pustebesvær eller eit betydeleg blodtrykksfall. Slike reaksjonar er svært sjeldne, og oppstår for det meste kort tid etter at kontrastvæska er gitt.  

Det er påkrevd å ta ein blodprøve kort tid før CT-undersøkinga for å sikre at nyrefunksjonen ikkje er nedsett. Kontrastvæske kan forverre nyrefunksjonen, spesielt utsatt er pasienter med diabetes mellitus. Den skadelege effekten er avhengig av mengden kontrastvæske og utgjer sjelden ein fare ved CT-framstiling av kransårene. 

Før skanninga kan begynne, blir det satt inn eit plastrør (venflon) i ei vene (samleåre) i albogen. Tilgang til blodbanen er nødvendig for å kunne gje medikamenter og kontrastvæske.

Under

EKG-elektroder vert festa på kroppen for overvaking av hjarterytmen.

Høg hjartefrekvens er ofte årsak til artefakter grunna rørsla. Betablokkere (t.d. Seloken,) blir satt intravenøst for å senke frekvensen. Låg hjartefrekvens sikrar lågare stråledose.

CT-undersøking av hjarte tek ca. 20 minutt. Mesteparten av tida går med til førebuingar, sjølve skanninga tek berre nokre sekund.

Etter

Grunna moglege reaksjonar etter skanninga, må pasientar vente i 15 minutt før dei kan forlate avdelinga.

CT-bileter vert granska kort tid etter skanninga er ferdig. Samanstilling vert ferdigstilt same dag og sendt til tilvisande lege og til pasientens fastlege. Avhengig av resultat av skanninga, vert det gjeve anbefaling om vidare utgreiing.

Som regel vert pasienten ikkje orientert om resultat av undersøkinga, dette vert overlatt til tilvisande lege.


Ver merksam

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?