Gastrokirurgisk avdeling

Crohns sjukdom - operasjon

Morbus Crohn er ein kronisk betennelsessjukdom i mage-tarm-kanalen. Sjukdommen kan vere flekkvis i heile fordøyingskanalen, men oppstår oftast i siste del av tynntarmen og kan forårsake diaré og vekttap.


Innleiing

Ved hjelp av medikamentell behandling kan dei fleste oppnå kontroll med symptoma, men hos enkelte kan betennelsen forårsake forsnevringar i tarmen som fører til redusert eller manglande passasje. Hos desse pasientane kan kirurgi vere nødvendig.

Pasientar med Morbus Crohn blir ofte behandla i spesialisthelsetenesta.

Ved regelmessig oppfølging vurderer ein effekten av medikamentell behandling. Dersom dette ikkje fører til betring av symptom og undersøkingar viser alvorleg og aktiv betennelse, vil legen din tilvise deg til ein kirurg for vurdering av operasjon.

Hos nokon pasientar vil sjukdommen kunne føre til komplikasjonar som for eksempel fistlar. Slike komplikasjonar vil også ofte krevje kirurgisk behandling.


Tilvising og vurdering

Legen din vil undersøke deg og ta blodprøvar, og CT eller MR-undersøkingar av tarmen. I tillegg blir det ofte gjort ein koloskopi-undersøking for å kunne vurdere betennelsen frå innsida av tarmen. Deretter blir du tilvist vidare til kirurgisk behandling.


Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Tidlegare sjukdommar
  • Behandling som har vore forsøkt
  • Utgreiing (koloskopi), inkludert spesialistundersøkingar og biletdiagnostikk
  • Medisinliste
  • Ernæringsstatus


Før

Du skal møte fastande på sjukehuset til avtalt tid og stad.

Dette inneber at du ikkje kan ete, drikke kaffi, mjølk eller mjølkeprodukt, tygge tyggegummi, ete pastillar eller røykje/snuse frå kl. 24.00 natta før planlagt operasjon. Du kan drikke klare væsker som vatn, saft eller te inntil to timar før frammøte på sjukehuset. 

På sjukehuset blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjon får du ein samtale med anestesilege og kirurg som skal operere deg.


Under

Kirurgisk behandling består som regel av å fjerne den sjuke delen av tarmen. Ein forsøkjer alltid å fjerne så lite tarm som mogeleg. Av og til nyttar ein kirurgiske teknikkar med korreksjon av forsnevringar utan at ein fjernar noko av tarmen.

Tarmreseksjon (tynntarmreseksjon eller tykktarmreseksjon)

Ved dette inngrepet fjernar ein kun det tarmavsnittet som forårsakar pasientens symptom og / eller komplikasjonar. Det er viktig for å unngå uønska påverknad av tarmfunksjon og næringsopptaket. Tarmreseksjon involverer ofte tynntarm, men kan også dreie seg om delar av tykktarmen. Den resterande delen av tarmen blir kopla saman igjen.

Strikturoplastikk

Dette er ein kirurgisk teknikk som blir nytta når det ikkje er ønskeleg eller gunstig med fjerning av (ytterlegare) tarm. Ved hjelp av denne teknikken korrigerer ein forsnevringa og gjenopprettar uhindra passasje i tarmen.

Stomi (utlagt tarm)

Vanlegvis blir kontinuiteten i fordøyingskanalen bevart etter at eit tarmavsnitt er blitt fjerna, men nokre pasientar må få utlagt tarm (stomi), det vil seie ein pose på magen for oppsamling av tarminnhaldet.



Etter

Som regel vil du bli følgt opp hos tilvisande lege på medisinsk avdeling. Det er inga rutinemessig kontroll hos kirurg etter operasjon, men det blir gitt individuell oppfølging tilpassa ditt behov.

Dersom du har fått utlagt tarm, får du oppfølging hos stomi-sjukepleiar.

Før du reiser heim får du utfyllande informasjon, og du får med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukemelding.


Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

Sør for Haukeland (line 5 og 6)​, nord for Haukeland (line 12 og 16E), Ibsensgate (arbeidsruter) og Haukelandsveien (line 5,6 og 16E).

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Grunna Koronavirus får pasientar midlertidig dekka køyring med eigen bil

Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg.
Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover.

Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.

Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøksreglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Visittid

Besøk på sjukehuset etter avtale
Vi har begrensingar på besøk grunna koronavirus-pandemien. Besøksreglane vil kunne variere noko frå avdeling til avdeling, og derfor må du avtale besøk med den aktuelle avdelinga på førehand.


Blomar
Det er hyggeleg med blomar, men på grunn av liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og liknande er det ønskeleg at dette vert begrensa. Det kan jo vere vel så kjekt å få ein blome etter at ein har komme heim.
Fann du det du leita etter?