Kirurgisk behandling består som regel av å fjerne den sjuke delen av tarmen. Ein forsøkjer alltid å fjerne så lite tarm som mogeleg. Av og til nyttar ein kirurgiske teknikkar med korreksjon av forsnevringar utan at ein fjernar noko av tarmen.
Tarmreseksjon (tynntarmreseksjon eller tykktarmreseksjon)
Ved dette inngrepet fjernar ein kun det tarmavsnittet som forårsakar pasientens symptom og / eller komplikasjonar. Det er viktig for å unngå uønska påverknad av tarmfunksjon og næringsopptaket. Tarmreseksjon involverer ofte tynntarm, men kan også dreie seg om delar av tykktarmen. Den resterande delen av tarmen blir kopla saman igjen.
Strikturoplastikk
Dette er ein kirurgisk teknikk som blir nytta når det ikkje er ønskeleg eller gunstig med fjerning av (ytterlegare) tarm. Ved hjelp av denne teknikken korrigerer ein forsnevringa og gjenopprettar uhindra passasje i tarmen.
Stomi (utlagt tarm)
Vanlegvis blir kontinuiteten i fordøyingskanalen bevart etter at eit tarmavsnitt er blitt fjerna, men nokre pasientar må få utlagt tarm (stomi), det vil seie ein pose på magen for oppsamling av tarminnhaldet.