Ventetid
Ventetiden for utgreiing kan variere frå ei veke til nokre månader, og det kjem an på korleis symptoma er og kor alvorleg tilvisande lege vurderer tilstanden. I sjeldne tilfelle blir pasientane innlagt for utgreiing dersom allmenntilstanden er veldig dårleg.
Hos dei fleste av pasientane er sjukdommen lokalisert i tykktarm og siste del av tynntarmen. Hos desse vil ein kunne stille diagnosen dersom ein ser sår og betennelse, men nokon gonger må vi vente på svar frå vevsprøvane som blir tatt under undersøkinga. Det tar vanlegvis nokon veker å få svar på.
Hos pasientar med sjukdom i øvrige deler av mage-tarmkanalen eller beskjedne funn, kan det vere vanskelegare å setje diagnosen då eit vanleg magesår eller magekatarr av og til kan likne på Crohns sjukdom. Vi brukar då gastroskopi, ultralyd tarm, MR tynntarm og kapselendoskopi for å finne diagnosen, men ofte må ein eller fleire av desse undersøkingane kombinerast før ein er sikker.
Etter at diagnosen er stilt vil behandlinga som oftast starte umiddelbart, men det er avhengig av kva medikament ein har bestemt å gi.