Cochleaimplantat, vaksne
Cochleaimplantat (CI) er eit hjelpemiddel som kan hjelpe døve og kraftig tunghøyrde til å få høyrselen tilbake. Det består av ein ytre del som er laus og ein indre del som blir operert inn i sniglehuset. Cochleaimplantatet har ein mikrofon som fangar opp lyd og sender desse signala vidare som elektriske impulsar til høyrselsnerven slik at det blir oppfatta lyd.
Cochlea (koklea) er latin for sniglehus, og i denne delen av det indre øyret er det cirka 15 000 hårceller som formar om dei mekaniske lydbølgene til nerveimpulsar slik at vi kan høyre lyd. Desse hårcellene og strukturane rundt kan bli skadde slik at høyrselen fungerer dårlegare. Ofte er det aldersforandringar og ulike sjukdommar i øyret som forårsakar denne skaden, men det kan også komme av medikament, hjernehinnebetennelse eller andre årsaker.
Høyrselen kan også bli sett ned på grunn av skadar i dei delane av øyret som overfører lydbølgene mekanisk (øyregangen, trommehinna, mellomøyret eller øyreknoklane). Hos andre pasientar er det forandringar i det sentrale nervesystemet som forårsakar nedsett høyrsel (høyrselsnerven, hjernestamme eller hjernen).
Tilvising og vurdering
Det pleier å vere fastlege eller bedriftslege som viser til høyresentral eller øyre-nase-hals-spesialist ved mistanke om nedsett høyrsel hos vaksne.
Dersom undersøkingane viser at det kan vere aktuelt med cochleaimplantat blir du tilvist vidare til eit sjukehus der operasjonen blir utført. I Noreg blir dette gjort ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, Oslo universitetssykehus / Rikshospitalet, St. Olavs hospital i Trondheim og Universitetssykehuset Nord-Norge i Tromsø.
Kontakt
Sentralblokka
Høyresentralen
Ventetid: 52 - 104 uker
Ventetid: 52 - 104 uker
Kontakt HøyresentralenOppmøtestad
Sentralblokka 2. etasje
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Transport
Ventetid
Praktisk informasjon
Kurs
- Cochlea ImplantatGruppebasert opplæring av pasientar og pårørande om Cochlea implantat. Kurset gjennomføres årligCochlea Implantat24.september2025