Brudd i skulder - behandling med innvendig fiksasjonsmateriale
Nokre skulderbrot har ei stilling som kan fikserast med ei stålplate som ein fester med skruer. Alternativt kan ei nagle av stål plasserast i margkanalen viss brotet har ei litt anna stilling.
Ved eit brot i skulderen må ortopeden vurdere kva for ein operasjonsmetode som sannsynlegvis vil fungere best. For å gjere vurderinga må ortopeden vite kva krav pasienten har til funksjon og korleis skuldra fungerte før brotet. Beslutninga om ein skal operere eller ikkje, blir gjord i samtale med pasienten. Denne teksten forklarer kva som skjer viss ein har landa på operasjon med innvendig fiksasjonsmateriale.
Før
Før operasjonen blir det oftast litt ventetid. Då er det vanlegvis naudsynt å bruke fatle for smertelindring og i tillegg smertestillande tabletter. Du kan være i den aktiviteten du klarer med omnsyn til smertene fra skuldra.
Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller pastiller etter klokka 24.00. Du kan og bør drikke klare væsker (vann, saft), men ikkje melkeprodukter eller juice fram til 2 timar før oppmøtetidspunktet på operasjonsdagen.
Under
Det er vanlegvis naudsynt med full narkose ved denne typen operasjon. Under operasjonen vil kirurgen sett inn enten ei spesialtilpassa plate med skruer eller ei nagle som settes i margkanalen. Ved begge tilfeller vil du få kutt i huda som lukkast med sting. Det vil variera kor lang tid operasjonen tar avhengig av korleis bruddet er.
Når du vaknar frå narkosen blir du kjørt opp til sengeposten du høyrer til. Der får du smertelindrande og hjelp til å kome i gang med bevegelse. For å få eit godt resultat er det viktig at du prøver å følgje retningslinjer frå fysioterapeuten.
Etter
Sårstell
Det vil bli lagt ny bandasje på såret før du reiser heim. Deretter skifter du sjølv på såret om bandasjen skulle bli skitten eller våt, begynner å løsne eller om det siver sårvæske i den. Ein tørr bandasje kan ligge på såret i 5 dager. Vask alltid hendene før og etter bandasjeskift.
Kontroll
Du vil bli innkalt til undersøkelse og oppfølging hos lege 2 veker etter operasjonen. Då blir stinga fjerna og funksjonen i skuldera di evaluert.
Ver merksam
Raudheit. Aukande smerte og/eller hevelse. Puss, gul eller grøn væske frå såret. Feber. Sykdomskjensle.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Ortopedisk avdeling, 7.etg, Sentralblokka Haukeland Sjukehus.Ortopedisk poliklinikk 2. etg,Sentralblokka Haukeland Sjukehus.
For medisinske spørsmål: 55977187 (man-fre 09-15)
- Ortopedisk post 2 Vest: 55973757
- Ortopedisk post 2 Syd: 55973750
- Ortopedisk post 1 Øst: 55973760
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen