Brot i overarm – behandling med ortose
Brot i overarmen kan ofte behandlast med ortose. Behandlinga varer vanlegvis i 10–12 veker og blir følgd med kontrollar på ortopedisk poliklinikk.
Behandlingsforløp
Ved behandling av brot i overarmen med ortose blir brotet stabilisert med ei skjene som blir festa med borrelås. Denne skal vere på i totalt 10–12 veker for at beinet skal gro.
Ortosebehandling føreset at du bruker musklane i armen aktivt og gjer øvingane du blir tildelt.
Før
Dersom brotet eignar seg for behandling med ortose, kan denne anten leggjast same dag, eller etter cirka éi veke. I mellomtida blir brotet stabilisert mellombels med ein gips.
Det tek berre få minutt å få ortosen på plass og det blir gjort så skånsamt som mogleg. Likevel kan det vere ubehageleg akkurat under tilpassinga. Ortosen stabiliserer brotet og verkar smertestillande. Den må sitje stramt for å sikre maksimal effekt. Er den laus, kan brotet forskyve seg og du får meir smerter. Ved behov kan du ha på ein fatle som verkar smertelindrande. Denne skal ikkje brukast meir enn maksimalt 2 veker.
Under
Etter at ortosen er på, kan du reise heim.
Du skal fleire gonger dagleg:
- Så snart smerta tillèt det og seinast 1 veke etter brotet, skal du byrje med pendeløvingar i skuldra.
- Strekke og bøye i olbogen, så langt du klarer med armen si eiga kraft.
- Knytte og strekke fingrar.
- Bevege i handledd så mykje som mogleg.
Du skal:
- Ha ortosen på natt og dag inntil legen gir annan beskjed.
- Etterstramme stroppane på ortosen dagleg.
- Slutte med fatle så snart du klarer det med omsyn til smerte og seinast etter 14 dagar.
- Oppnå full strekk i olbogen dei 2 første vekene etter at du fekk ortosen.
- Så lenge overarmen ligg inntil kroppen (olbogen i midja) skal du bruke fingrane til daglegdagse aktivitetar som å smørje ei skive, vaske dei, handtere knappar og glidelås.
- Etter kvart trene bøy og strekk i olbogen mot motstand. Du kan då gjerne løfte lette gjenstandar. Overarmen må då liggje inntil overkroppen.
Du skal ikkje:
- Løfte overarmen før legen tillèt det.
- Støtte deg på olbogen/armen.
I starten er det vanleg å hovne opp i underarmen og fingre. For å redusere hevelsen kan du:
- Liggje på rygg med underarmen kvilande på ei stor pute over magen.
- Knytte handa og strekkje ut fingrane så langt du kan, fleire gonger.
Aktiv bruk av fingermusklane er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelse.
Når legen tillèt det, kan du ta av ortosen for å dusje/vaske deg. Sjekk at du ikkje har trykk eller gnagsår. Når du bevegar og belastar armen, skal du alltid har ortosen på deg.
Etter
Cirka 1 veke etter tillaging av ortose skal du til kontroll på poliklinikken med røntgen. Vi kontrollerer då at ortosen sit godt og at brotet står i fin stilling. Vi sjekkar også at du har forstått korleis du skal forhalde deg når du har ortose og repeterer øvingane du skal utføre.
Ikkje ver redd for å spørje om det er noko du lurer på. Det er ofte lurt å skrive ned spørsmål heime slik at du ikkje gløymer dei når du kjem på kontroll.
Etter første kontroll blir det ny kontroll cirka 1 gong i månaden inntil du kan slutte med ortose.
Informasjon frå fysioterapeut
Denne informasjonen er tilpassa deg med brot i overarmen (humerusskaftfraktur), som blir behandla med overarmsortose.
Behald ortosen på dag og natt, inntil legen gir annan beskjed. Etterstram stoppa på ortosen dagleg.
Du skal gjere bøyingar:
Alle bilete og filmar: Haukeland universitetssjukehus.
Takk til kvinna som samtykte til fotografering for denne nettsida, dagen etter at ho brekte overarmen og fekk ortose.
Ver merksam
Ta kontakt ved teikn til gnag i huda, Dersom ortosen ikkje sit bra, aukande smerter eller det er noko du er usikker på.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Ortopedisk avdeling, 7.etg, Sentralblokka Haukeland Sjukehus.
Ortopedisk poliklinikk 2. etg,Sentralblokka Haukeland Sjukehus.
For medisinske spørsmål: 55977187 (man-fre 09-15)
Etter normal åpningstid:
- Ortopedisk post 2 Vest: 55973757
- Ortopedisk post 2 Syd: 55973750
- Ortopedisk post 1 Øst: 55973760
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen