Brot i overarmen – behandling med operasjon
Ein del brot eignar seg ikkje for behandling med ortose. Då er operativ behandling nødvendig. Det er stillinga i brotet, kontakten mellom brotendane, kor mange bitar som finst og eventuelt følgjande skadar som avgjer om brotet eignar seg best for operasjon eller ikkje.
Typar operasjon
Operasjon av brot i overarmen kan gjerast på fleire måtar, kva type operasjon som blir vald er avhengig av utsjånaden til brotet og situasjonen for den skadde. I denne teksten blir operasjon omtalt med nagle og operasjon med plate og skruar.
Før
Brotet blir stabilisert mellombels med ein gipslaske eller ortose. Du får vanlegvis og ein fatle å kvile armen i. Dette vil ha ein smertelindrande effekt.
Operasjonen vil som regel bli utført i løpet av nokre dagar. I ventetida blir armen, hand og fingrar vanlegvis hoven. Det kan hjelpe å knyte og strekke i fingrar hyppig for å motverke hevelsen.
Du kan ete og drikke som vanleg fram til midnatt. Etter midnatt skal du ikkje ete meir, men du kan røykje, snuse og drikke vatn, saft, jus, brus, te og svart kaffi fram til 1 time før oppmøtetidspunktet ditt.
Under
Operasjon med plate og skruar
Det blir laga eit langsgåande snitt i huda på overarmen for å komme inn til det knekte overarmsbeinet. Beinet blir lagt på plass i rett posisjon og posisjonen blir sikra ved at ei metallplate blir skrudd fast med skruar. Deretter blir huda igjen sydd og operasjonssåra blir dekte med bandasje. Etter operasjonen blir det lagt på ein fatle for smertelindring.
Operasjon med nagle
Ved denne typen operasjon blir eit snitt laga i huda heilt på toppen av skuldra. Gjennom dette snittet kjem ein til overarmsbeinet ovanfrå og ein nagle kan førast ned inne i mergkanalen. For å få naglen ned, må brotet setjast på plass. Naglen held brotet i rett posisjon. Naglen blir festa med skruar i skuldernivå og i nedre del av overarmen, det vil derfor bli laget fleire små snitt i huda. Etter operasjonen blir det lagt på ein fatle for smertelindring.
Kor lang tid tek normalt behandlinga?
Sjølve operasjonen tek omtrent ein til to timar men det kan variere. Brotet er som regel grodd etter 12 veker. Opptreningstida vil variere med kompleksiteten til brotet.
Etter
Ver merksam
Raudheit. Aukande smerte og/eller hevelse. Puss, gul eller grøn væske frå såra. Feber. Sjukdomskjensle.
Dette kan vere teikn på infeksjon og du bør ta snarleg kontakt med oss.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Ortopedisk avdeling, 7.etg, Sentralblokka: her er du innlagt i forbindelse med operasjonen.
Ortopedisk poliklinikk 2. etg, Sentralblokka: her foregår kontrollene.
For medisinske spørsmål: 55977187 (man-fre 09-15)
Etter normal åpningstid, kontakt postene direkte.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen