Pasientar som har hatt store skadar vil gjerne ha behov for avansert rehabilitering og gjenopptrening. For ein del pasientar vil det vere aktuelt med opphald ved spesialiserte rehabiliteringsinstitusjonar. For andre vil det vere aktuelt med opptreningsopphald i regi av sjukehusavdelingar som driv med rehabilitering.
For nokre pasientar vil det vere meir aktuelt med opptreningsopphald ved sjukeheim i kortare eller lengre tid.
Atter andre vil kunne reise heim og gjennomføre opptrening med støtte frå heimesjukepleie og lokale fysioterapeutar.
Kompresjonsbehandling mot arrdanning
Dei fleste brannskadar vil i tillegg til dette ha behov for oppfølging av arr og arrkontrakturar. Alle større skadar etterlet seg arr. Dei fleste pasientar kor ein forventar ein del arrdanning vil vere aktuelle for kompresjonsbehandling. Det vil seie at ein nyttar komprimerande klesplagg for å best mogleg å halde arrvevet komprimert og slik unngå tjukke (hypertrofe) og stive (kontrakte) arr.
Ved utbreidde skadar er det ofte aktuelt å nytte skreddarsydde plagg, slik at dei gir god kompresjon over større område. Tilpassing og veiledning ved bruk at slike plagg vert oftast styrt av fysioterapeut med spesialkunnskap om etterbehandling av brannskadar. Ein nyttar gjerne denne forma for etterbehandling fram til arreaksjonen er gått over, det vil gjerne seie 1-2 år etter skadetidspunktet.