HELSENORGE
Brannskadeavdelinga

Brannskade - Kjemisk brannskade / etseskade

Etseskadar er ei form for brannskadar som skuldast eit kjemisk agens. Dei fleste slike skadar skuldast kontakt med kraftige syrer eller basar.

Innleiing

Kjemiske agens som gjev opphav til hud og vevskadar er som oftast former for syrer (lav pH) eller basar (høg pH). I tillegg finnes det enkelte andre stoff som til dømes oksidasjonsmiddel eller alkaliske metaller (litium, natrium, kalium) som og kan gje vevsskade.

Fyrstehjelp ved kjemiske skadar består i å fjerne gjenverande kjemikalierestar (fjerne tilsølte klede, børste vekk eventuelle tørre restar) og deretter skylle skaden med store mengder lunka vatn i lang tid, gjerne opp til ein time.

Kontakt samstundes Giftinformasjonssentralen (Tlf: 22 59 13 00) for å få detaljert oppskrift på korleis ein handterer det bestemte kjemiske agenset.

Alle større kjemiske brannskadar bør tilsjåast av lege. Nokre kjemikalier kan og gje andre effektar enn den direkte vevsskaden og kan i sjeldne tilfelle vere livstrugande sjølv ved mindre eksponering. Det er difor særs viktig å avklare dette i ein tidleg fase. 

Tilvising og vurdering

Alvorlege etseskadar vert lagt direkte inn på sjukehus og treng ingen henvisning. Ring 113 og du vil få hjelp vidare derifrå.

For mindre skadar vert ein ofte tilvist vidare frå fastlege eller legevakt om dei finn det mest tenleg at skaden vert behandla på sjukehus.

Det vil ikkje vere snakk om ventetid før ein slepp til for behandling av akutte etseskadar, men ved mindre problemstillingar lyt ein gjerne vente til dagtid eller neste kvardag før vidare oppfølging ved sjukehus.

Ved skadar på arbeidsplassen har arbeidsgjevar oftast oversikt over kva kjemikalier som er i bruk. Det er til stor hjelp om ein kan bringe med seg databladet for det aktuelle produktet, dersom det er tilgjengelig.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Dersom det er praktisk mogleg, er mottakande sjukehus svært glad for mest mogleg informasjon om pasienten og ulykka. Viktige moment er:

  • Kva har hendt?
  • Når hendte det?
  • Kor stor er skaden
  • Kva type skade er det
  • Andre skadar
  • Muligheit for røykskade/inhalasjonsskade
  • Er det utført førstehjelp og/eller nedkjøling?

Dei mest omfattande skadane vil verte overflytta til Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Her kan du lese når du bør ta kontakt med dei.

Utgreiing

Når ein kjem på sjukehuset med ein etseskade eller kjemisk brannskade vil ein umiddelbart verte møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.

Når det gjeld sjølve etseskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at den må opererast eller om den har muligheit til å gro av seg sjølv. Dei fleste etseeskadar er så djupe at det vert behov for operasjon med hudtransplantasjon. Vidare er det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er skada. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.

Det er difor viktig at ein kan få undersøke heile hudoverflata til pasienten og ein ynskjer difor gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten vert nedkjølt

Spesielt for etseskadar er det at skylling av skaden med store mengder vatn vil fortsette i lang tid. Dette vert gjort for å nøytralisere stoffet pasienten har fått på seg. For enkelte stoff finnes det og spesielle antidot (motgifter) som ein kan nytte for å nøytralisere effekten av det skadelege stoffet.  

Les meir om Mottak og akuttbehandling ved alvorlige brannskader

Mottak og akuttbehandling ved alvorlige brannskader

Alvorlege brannskadar kan vere livstrugande og treng rask og høgspesialisert behandling.

Større brannskadar vert behandla som andre ulykker og vert tekne imot direkte på sjukehus av eit traumeteam. Dette er legar, sjukepleiarar og anna personell som er spesielt trena til å ta imot alvorleg skadde pasientar.

Ved store skadar vil ein gjerne verte overflytta til sjukehus med tilgang på plastikkirurgisk og brannskadefagleg spesialkompetanse. Dei mest omfattande skadane vil verte overflytta til Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

  1. Før

    Før ankomst vil traumeteam verte varsla slik at dei står klare til å ta imot pasienten i det han/ho kjem til sjukehuset. Traumeteamet er tilgjengelig på kort varsel heile døgeret.

    På Haukeland er også personell ved Brannskadeavdelinga klare for mottak av pasient heile døgeret.

  2. Under

    Når pasienten kjem inn på sjukehuset vil han/ho bli tatt imot umiddelbart. Det vil bli gjennomført ein standarisert traumeundersøkelse for å avdekke eventuelle livstrugande og alvorlege problem som det hastar å få gjort noko med.

    Deretter vil det gjerne bli supplert med nødvendige billedundersøkingar, til dømes røntgenbilder.

    Ein sjeldan gong kan det vere aktuelt at pasienten må takast direkte til operasjonsstova for akutt kirurgi. Det er då oftast snakk om eskarotomiar (å dele den uelastiske, brannskadde huden slik at ein unngår skadeleg auke av vevstrykket i den aktuelle delen av kroppen) eller fasciotomiar (å dele ei muskelhinne for å unngå skadeleg auke av vevstrykket inne i ein muskel).

    Vidare vil ein gjennomføre ei systematisk gjennomgang og vurdering av brannskadane pasienten har pådrege seg. Ein vil freiste å finne ut kor mykje av huden som er skada og kor djupt skada denne huden er. Til slutt vil ein vaske og stelle alle brannsåra og dekke desse med reine bandasjar.

    Det akutte mottaket og vurderingane tek gjerne 30-60 minuttar. Dersom det er snakk om svært omfattande skadar kan sårstellet ta fleire timar.

    Ved Haukeland universitetsjukehus vil brannskadevurderingane og sårstellet verte utført på Brannskadeavdelinga.

  3. Etter

    Etter mottak og sårstell vil ein vurdere kvar pasienten er best tent med at vidare behandling foregår. For større skadar er det ofte aktuelt med overflytting til regionsjukehus eller sjukehus med plastikkirugisk kompetanse.

    Nasjonal behandlingsteneste for avansert brannskadebehandling har landsfunksjon for behandling av dei største brannskadane. Dersom det er behov for overflytting til anna sjukehus vil dette skje enten så snart som praktisk mogleg eller neste dag på dagtid. Nokre gongar er det behov for å stabilisere og varme opp pasienten før transport og ein vel då gjerne å overflytte morgonen etter skaden hendte.

    Pasientar som kjem til Haukeland universitetssjukehus vil vanlegvis verte plassert på Brannskadeavdelinga initialt. Ved mindre skadar vert ein gjerne plassert på Plastikkirugisk sengepost (vaksne) eller Barnekirurgisk sengepost (barn).

Ver merksam

Dersom du mistenker alvorleg brannskade, ring 113 og be om hjelp.

Gå til Mottak og akuttbehandling ved alvorlige brannskader

Oppmøte

Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.

Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.

Les meir om Sårstell etter brannskade

Sårstell etter brannskade

Fram til ein brannskade er grodd vil ein ha behov for sårstell. Dette gjeld både om skaden vert operert eller om den vert behandla utan operasjon. Slike sårstell vil i varierande grad vere smertefulle, og ved omfattande skadar vil ein i byrjinga ha behov for narkose. Stell og reingjering av sår hos brannskadde er viktig for å redusere faren for infeksjonar.

  1. Før

    Ved større sårstell der det er behov for sedasjon eller narkose, må ein forberede stellet på same måten som ein forbereder ved andre operasjonar.

    • Ein må vere fastande
    • Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose/sedasjon med riktig smertelindring
    • Det er gjerne behov for å utføre stellet på ei operasjonsstove.

    Ein er avhengig av god overvaking og trygge rammer når ein nyttar sedasjon/narkose. Det er og nødvendig å klargjere store mengder materiell til stell og bandasjar. Det trengs då gjerne opp mot ein halv time med forberedande arbeid før sjølve sårskiftet kjem i gang.

    Ved Brannskadeavdelinga har vi muligheit for å gje narkose på det rommet der pasienten befinn seg resten av døgeret. For pasientar som ligg ved andre avdelingar på Haukeland har vi og muligheit for å utføre sårstell på eit sårstellsrom inne på Brannskadeavdelinga. Avdelinga har eigne anestesilegar og anestesisjukepleiarar som tek vare på og overvakar pasienten i samband med narkose og sedasjon.

  2. Under

    Ved store skadar og omfattande sårstell vil pasienten gjerne ligge i narkose når stellet vert utført. Etter kvart som skadane gror og ved mindre skadar vil gjerne pasienten kunne vere vaken under sårstellet.

    Ei startar med å fjerne alle gamle bandasjar. Deretter vaskar ein alle sårflater og inspiserer såra. Ved mistanke om infeksjon tek ein gjerne prøvar frå såroverflata for å sjå om det veks sjukdomsframkallande bakteriar der. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med meir hardhendt mekanisk reingjering av sårflatene, for å fjerne skorper, gamle hudrestar og liknande. Såra blir ofte tatt bilete av, så situasjonen kan dokumenterast i pasienten sin journal.

    Dersom det er spørsmål om endring av behandling eller behov for operasjon, vil ein kirurg ta stilling til dette.

    Ein vil til slutt bandasjere pasienten på best mogleg måte, her finns det ei rad ulike bandasjar og sårprodukt som ein velger blant. Hovudmålet er å finne den bandasjen som gjev best tilheling, samstundes som den gjev minst mogleg fare for infeksjon og bidreg til at ein slepp alt for hyppige sårskift.

    Stell av store skadar kan ta fleire timar, medan stell av små skadar kan vere unnagjort på nokre få minuttar.

    Ved stell av dei større skadane ved Brannskadeavdelinga, vil også fysioterapeut delta for å utnytte muligheten til passiv tøying av ledd i samband med narkose/sedasjon. Vidare vil ein ofte nytte narkosen til å få utført andre tilsyn og undersøkingar som kan vere ubehagelege eller smertefulle.

  3. Etter

    Dersom det er nytta narkose eller sedasjon vil ein gjerne bli overvaka på same måte som nyopererte pasientar.

    På Brannskadeavdelinga foregår sårskifta stort sett på pasienten sitt eige rom , og ein vil verte overvaka der fram til ein er skikkelig vaken.

Gå til Sårstell etter brannskade

Oppmøte

Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.

Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.

Behandling

Behandlinga av etseeskadar består hovudsakleg av konservativ behandling, det vil seie gjentatte sårstell, eller operativ behandling, det vil seie operasjon med fjerning av øydelagt vev og dekking av sår med delhudstransplantat. I tillegg vil ein ha behov for fysioterapi under heile behandlingsforløpet.

Tida behandlinga tek, varierer veldig. Etseskadar er ofte svært krevande å behandle og treng ofte lengre tid på sjukehus enn tilsvarande brannskadar av andre årsaker.

Mindre skadar treng gjerne ikkje vere inneliggande i det heile og gror av seg sjølv i løpet av eit par veker, medan større skadar gjerne treng fleire veker på sjukehus med gjentatte operasjonar.

Les meir om Operasjon av brannskade

Operasjon av brannskade

Store og djupe brannskadar gror ikkje av seg sjølv og må som oftast opererast.

Dersom ein har djupe brannskadar vil ikkje huda ha moglegheit for å gro av seg sjølv. Det er då nødvendig å operere. Fyrste steg er å ta bort all brent og øydelagt hud og underliggande vev. Deretter freistar ein å dekke dei åpne sårflatene med pasienten si eiga hud dersom dette er mogleg. Som oftast vil dette vere i form av ein delhudstransplantasjon.

Ved brannskadar som heilt sikkert er djupe, vil ein helst fjerne alt brent og øydelagt vev innan tre døger etter at skaden inntreff. For mindre skadar, og spesielt for skåldingsskadar som ofte har molegheit til å kunne gro av seg sjølv, vil ein nokre gongar vente opp mot to til tre veker før ein opererer. På denne måten får den huda som har potensial til å gro av seg sjølv moglegeit til det.

  1. Før

    • Ein må faste frå midnatt kvelden før operasjonen.
    • Det vil bli teke blodprøvar og ein vil klargjere blod til blodoverføring, sidan det ofte er behov for dette ved store brannskadeoperasjonar.
    • Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose med riktig smertelindring

    Ein er avhengig av god overvaking og trygge rammer ved brannskadeoperasjonar. Det trengs gjerne ein time med førebuande arbeid på operasjonsstova før sjølve operasjonen kjem i gang. I denne fasen ligg ofte pasienten alt i narkose.

  2. Under

    Ved operasjonen fjernar ein først den huda og dei underliggande strukturane som er brent i stykker. Ved store skadar er det mange kirurgar som arbeider saman, gjerne 3-4 stk. Dette vert gjort for å gjere operasjonen så effektiv som mogleg slik at påkjenninga for pasienten vert minst mogleg.

    Når ein har fått fjerna alt brannskada vev, ynskjer ein om det er mogleg å dekke pasienten sine sår med hans/hennar eiga hud i form av ein delhudstransplantasjon.

    I nokre tilfelle er det ikkje mogleg å dekke alle sårflater med pasienten si eiga hud. Ein vil då nytte syntetiske produkter og ulike spesialbandasjar i ein fase fram til det seinare vert mogleg å dekke sårområda med pasienten sin eigen hud.

    Dersom djupareliggande strukturar er øydelagde kan det og vere aktuelt med komplekse plastikkirurgiske teknikkar som til dømes stilka og frie vevslappar (der ein flyttar musklar/bein/hud frå ein stad på kroppen til ein annan).Mindre inngrep tar ned til 20-30 minuttar, medan store brannskadeoperasjonar gjerne varer ein heil arbeidsdag eller meir.

  3. Etter

    Etter operasjonen vil ein verte overvaka på ei spesialavdeling fram til ein er skikkeleg vaken, på same måte som for alle andre nyopererte pasientar. Deretter vil ein verte flytta tilbake til ei vanleg avdeling. For store brannskadar kan det vere aktuelt å verte overvaka på ei intensivavdeling/brannskadeavdeling. Det kan og vere tilfelle ved svært alvorleg skadde der det ikkje er aktuelt å vekke pasienten dei fyrste dagane og ein vert liggande i ein samanhengande narkose fram til ein er stabil nok til å tole oppvakning.I fasen etter operasjon ynskjer ein å få pasienten mobilisert og i stand til å ete og drikke godt sjølv så raskt som råd. Dette er med og sikrar best mogleg sluttresultat og reduserer også faren for komplikasjonar.

Gå til Operasjon av brannskade

Oppmøte

Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.

Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.

Les meir om Hudtransplantasjon ved brannskade

Hudtransplantasjon ved brannskade

Den vanlegaste forma for operasjonar ved brannskadar er hudtransplantasjonar.

Dei fleste større brannskadar treng omfattande kirurgi. Etter at ein har fjerna den huden og det underliggande vevet som er brent i stykker, er målet å få dekka såra med pasienten sin eigen hud. Dette vert hovudsakleg gjort gjennom det vi kallar delhudstransplantasjon.

Eit delhudstransplantat består av overhuda og litt av lêrhuda, og er ca 0,2-0,3 millimeter tjukt. Det vert gjennomhôla slik at det kan verte strekt ut og på den måten dekke eit større område. Hôla slepp óg ut væske eller blod som ligg under. Difor kan det sjå fiskegarnmønstra ut. Etter kvart som såret gror, vil ny hud dekke desse hôla. Denne type hudtransplantat vert gjerne nytta når store sår skal dekkast. Huda vert ofte teke frå ein av pasienten sine lår.

Ved små sår, spesielt i ansiktet og på hendene, kan det vere aktuelt å nytte eit fullhudstransplantat.

Eit fullhudstransplantat består av alle hudlaga. Huda vert gjerne henta frå halsen, bak eller framom øyret, fra innsida av overarmen eller frå lyskene.

  1. Før

    Dei alle fleste hudtransplantasjonar vert utførte på operasjonstove med pasienten i narkose.

    • Ein må faste frå midnatt kvelden før operasjonen.
    • Det vil bli teke blodprøvar og ein vil klargjere blod til blodoverføring, sidan det ofte er behov for dette ved store brannskadeoperasjonar.
    • Anestesilege vil gå nøye gjennom pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand slik at ein kan gi ein trygg og godt overvaka narkose med riktig smertelindring.

  2. Under

    Dei fleste hudtransplantasjonar ved behandling av akutte brannskadar er det vi kallar delhudstransplantasjonar. For å redusere blodtapet mest mogleg vil ein gjerne infiltrere huda med ei løysing med fysiologisk saltvatn tilsett litt adrenalin før ein startar operasjonen, vidare vil ein gjerne nytte tøyklutar som er dyppa i ei liknande adrenalingløysing til å legge på såra for å stoppe blødning fortast mogleg.

    Ein haustar eit 0,2-0,3 millimeter tjukt hudlag frå ein stad på kroppen kor huden er uskada. Ofte nyttar ein hud frå låra eller hovudbotnen. Denne huden vert gjerne ekspandert ved å lage hôl i den omtrent som eit fiskegarn, alternativt ved å dele den opp til mange bitte små kvadratiske hudbitar.

    Ein nyttar så hudtransplantatet til å dekke dei reingjorde såra. Transplantata kan festast ved at ein syr, stiftar eller limer dei fast til såra. Ein kan og i nokre tilfelle fiksere transplantata ved å nytte det ein kallar vakuumbandasjar, det vil seie ein bandasje som dekkes med lufttett film og ein koplar på eit sug/undertrykk for at bandasjen skal halde seg på plass.

    Der ein har hausta hud ifrå får ein eit nytt sår som tilheler av seg sjølv i løpet av 2-3 veker.

    For svært små defektar på hender og i ansiktet kan det vere aktuelt å nytte fullhudstransplantat til å dekke sår. Desse består av alle hudens lag og gjer ofte mindre arrproblem vidare, men her har ein begrensa areal tilgjengelig og risikoen for å mislukkast er noko større. Ein vil oftast nytte dette i seinare fasar til dømes ved rekonstruktive inngrep.

    Etter at hudtransplantasjonen er ferdig dekker ein transplantata med bandasjar og det same gjeres med donorstaden, det vil seie områder kor ein hausta huden i frå.

    Operasjonstida avheng av kor stor skaden er. Den kan varierer frå 15-20 minuttar til mange timar.

  3. Etter

    Etter hudtransplantasjonar er det vanleg å vente 5-7 dagar før ein pakkar ut dei transplanterte områda. Då har huden fått sjansen til å feste seg på den nye staden og nye blodårer har fått vekse inn frå sårbotnen og inn i hudtransplantatet. Deretter vil ein gjerne stelle området om lag kvar tredje dag inntil alt er tilhela. På donorstaden freistar ein å la bandasjen ligge urørt dei fyrste 14 dagane. Her vil huden kunne gro ut igjen av seg sjølv, på mange måtar som ved eit stort skrubbsår. Dersom ein mistenker infeksjon, kan det vere aktuelt å skifte på dei opererte områda tidlegare.

    I dei fleste tilfelle vil pasienten kunne bevege seg fritt etter operasjonen. Dersom hudtransplantata ligg over ledd, kan det vere kirurgen legg inn ei gipsskinne i bandasjen for at ein ikkje skal bevege det aktuelle leddet for mykje dei fyrste dagane. Det kan og vere aktuelt at det vert lagt på ein vakuumbandasje.

Ver merksam

Dersom ein får feber, aukande smerte eller føler seg i dårlegare allmentilstand, kan dette vere teikn på infeksjon. Det er då viktig at ein kontaktar personalet og får dei til å vurdere om det er behov for å framskynde planlagde sårstell.

Gå til Hudtransplantasjon ved brannskade

Oppmøte

Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.

Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.

Les mer om Fysioterapi etter brannskade

Fysioterapi etter brannskade

Fysioterapi er en viktig del av moderne, tverrfaglig brannskadebehandling.Brannskader fører ofte til stram hud som igjen kan føre til stivhet i ledd (såkalte kontrakturer), det vil si nedsatt bevegelighet og funksjon. Fysioterapi kan i stor grad motvirke dette.

Brannskader kan også føre til skjemmende og hemmende arrutvikling, såkalt arrhypertrofi. Fysioterapeuten kan hjelpe deg med tiltak som motvirker dette også.

Fysioterapien bør starte straks du blir innlagt i sykehuset, og fortsette etter utskrivelse.

  1. Før

    Det kreves ingen forberedelser.

  2. Under

    Behandlingen består av passive øvelser i starten, dersom du er bevisstløs, tilkoblet pustemaskin, og ikke klarer å bevege deg selv. Det vil si at fysioterapeuten hjelper deg med å bevege på leddene dine, og med å tøye stram hud og stramme muskler.

    Etterhvert som du våkner til, vil du bli instruert i å gjøre aktive øvelser, det vil si trene, for å vedlikeholde eller bedre bevegelighet, styrke og utholdenhet. Dette er særlig viktig dersom hendene dine er skadet. Da må du trene og tøye ofte, og kanskje få tilpasset hvileskinner, for å holde leddene i en gunstig stilling mens sårene gror.

    Av samme grunn er det ofte behov for tilrettelagt sengeleie. Den brannskadete og ny-transplanterte huden må holdes på strekk, for å unngå kontrakturer. Armbord, fotbrett, puter, nattskinner med mer brukes til dette.

    Fysioterapeuten, sammen med sykepleierne, hjelper deg opp av sengen så fort som mulig etter ulykken. Gangtrening (med eller uten støtte) og trening på dagliglivets gjøremål (ADL) vektlegges, slik at du kan klare deg mest mulig selv når du blir utskrevet fra sykehuset.

    Får du pusteproblemer, for eksempel som lungebetennelse med slimdannelse, vil du få lungefysioterapi så lenge du trenger det. Det vil si øvelser, pustehjelpemidler og hostestøtte med mer.

    Dersom sårene dine er dype og gror sent, det vil si at det tar over 3 uker før sårene er grodd, kan du forvente at arrene vil bli hypertrofiske. Det vil si tykke, røde, harde og ujevne, gjerne med strammende drag. De kan klø og være smertefulle. For å forebygge dette og behandle arrene vil du få tilpasset stramme, elastiske plagg (kompresjonsplagg) som du må bruke dag og natt i lang tid, når sårene er fullstendig grodd. Disse plaggene vil trykke mot arrene slik at de blir gradvis flatere, blekere og mykere, og klør mindre. Teiping med papirplaster eller silikon hjelper også. Det kan brukes i tillegg til de stramme plaggene.

    Er ansiktet skadet, vil du få tilpasset en spesiell hardplastmaske, gjerne med silikon på innsiden.

    I påvente av spesialplaggene bør du bruke noe som heter Tubigrip (doble hylser av elastisk, stramt materiale) på armer, ben og overkropp, og eventuelt pre-fabrikerte hansker.

    Fysioterapeuten avgjør i samråd med plastikkirurg hvilken arrbehandling du trenger i de ulike fasene av rehabiliteringen.

    Ved alvorlig skade

    Ved alvorlige brannskader kan du bli henvist til Nasjonal behandlingstjeneste for avansert brannskadebehandling på Haukeland universitetssjukehus. Her vil du få daglig fysioterapi under oppholdet. Gjerne flere ganger daglig, også i helger og på kveldstid, ved behov.

    Hvor lang tid tar behandlingen?

    Jo mer omfattende (hvor mange prosent av kroppsoverflaten som er forbrent) og jo dypere brannskade du har pådratt deg, jo lenger må du være innlagt i sykehus. Det beregnes vanligvis minst et liggedøgn per prosent brannskade. Har du andre diagnoser i tillegg, og oppstår det komplikasjoner underveis, vil behandlingen ta lengre tid. Du vil da trenge mer fysioterapi mens du er innlagt, og mer etter utskrivelse fra sykehuset.

  3. Etter

    Når du utskrives fra brannskadeavdelingen på Haukeland, vil du enten reise rett hjem med henvisning til fysioterapeut på hjemstedet ditt hvis du er i stand til det, eller bli overført til lokalsykehuset ditt for videre sårbehandling og fysioterapi.

    Ofte er dette i påvente av plass på rehabiliteringsinstitusjon dersom du har behov for det.

    Du vil bli fulgt opp med tverrfaglig brannskadekontroll på Plastikkirurgisk poliklinikk på Haukeland cirka hver tredje måned etter utskrivelse fra brannskadeavdelingen, helt til arrene dine er modne. Det vil si flate, bleke og myke, slik at kompresjonsbehandlingen kan avsluttes.

    Hensikten med disse kontrollene er å se om rehabiliteringen med trening og arrbehandling går greit, eller om du har sår eller andre problemer du trenger hjelp til. Det kan bli aktuelt med flere operasjoner på sikt, det vil si rekonstruktiv kirurgi. Du vil da bli innlagt på Plastikkirurgisk sengepost på Haukeland, og fulgt opp med nye kontroller på poliklinikken.

Gå til Fysioterapi etter brannskade

Oppmøte

Brannskadeavdelingen er en del av Plastikkirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus (HUS), og ligger i 5. etg, øst, i Sentralblokken. Plastikkirurgisk poliklinikk er lokalisert i 2. etg. i korridor J i Sentralblokken, HUS.

Spørsmål vedrørende tverrfaglig kontrolltime på Plastikkirurgisk poliklinikk: Tlf 55 97 3560.Spørsmål om fysioterapi ved brannskade: Ring Fysioterapiavdelingen: Tlf 55 97 2909.

Oppfølging

Dersom ein har gjenverande sår eller har behov for oppfølging for å unngå skjemmande arr, vil ein verte følgt opp ved sjukehuset sin poliklinikk. Tida for oppfølging varierer mykje ut frå kva skade pasienten har hatt.

Les meir om Brannskade - rehabilitering og etterbehandling

Brannskade - rehabilitering og etterbehandling

Alle større brannskadar vil har behov for oppfølging og etterbehandling for å sikre eit best mogleg sluttresultat.

Brannskadar av eit visst omfang og/eller djupn vil etterlate seg eit behov for etterbehandling etter det akutte forløpet for å sikre at det endelege sluttresultatet vert så godt som mogleg.

Ofte vil ein etter den akutte behandlinga framleis ha ein del sårproblem og skjør hud som lett får nye sår. Dette vil gjerne trenge oppfølging i form av sårstell ein periode etter det akutte sjukehusopphaldet.

Dei fleste brannskadar etterlet seg og ulike grader av arrdanning. For å sikre at arra vert så lite hemmande som mogleg og samstundes så estetisk lite skjemmande som råd, er det nødvendig med nøye oppfølging, ofte med fokus på fysioterapi og kompresjonsbehandling i tida etter skade.

Pasientar som har gjennomgått svært alvorlege og langvarige sjukdomsforløp vil gjerne vere svært svekka etter sjukehusopphaldet og vil ha behov for systematisk gjenopptrening i ein rehabiliteringsinstitusjon eller liknande.

  1. Før

    Ein vil vanlegvis verte kalla inn til ein time ved poliklinikk ved sjukehus for vurdering av eventuell etterbehandling. Denne vurderinga vil verte gjort av lege som behandlar brannskadar, i nokre tilfelle i samråd med fysioterapeut.

    Utredning og planlegging av etterbehandling vil vanlegvis verte avklart ved utskriving eller etter fyrste kontrolltime på sjukehuset. I ein del tilfelle vil ein justere planen for etterbehandling etter som tida går, avhengig av om behovet endrar seg.

  2. Under

    Pasientar som har hatt store skadar vil gjerne ha behov for avansert rehabilitering og gjenopptrening. For ein del pasientar vil det vere aktuelt med opphald ved spesialiserte rehabiliteringsinstitusjonar. For andre vil det vere aktuelt med opptreningsopphald i regi av sjukehusavdelingar som driv med rehabilitering.

    For nokre pasientar vil det vere meir aktuelt med opptreningsopphald ved sjukeheim i kortare eller lengre tid. Atter andre vil kunne reise heim og gjennomføre opptrening med støtte frå heimesjukepleie og lokale fysioterapeutar.

    Kompresjonsbehandling mot arrdanning

    Dei fleste brannskadar vil i tillegg til dette ha behov for oppfølging av arr og arrkontrakturar. Alle større skadar etterlet seg arr. Dei fleste pasientar kor ein forventar ein del arrdanning vil vere aktuelle for kompresjonsbehandling. Det vil seie at ein nyttar komprimerande klesplagg for å best mogleg å halde arrvevet komprimert og slik unngå tjukke (hypertrofe) og stive (kontrakte) arr.

    Ved utbreidde skadar er det ofte aktuelt å nytte skreddarsydde plagg, slik at dei gir god kompresjon over større område. Tilpassing og veiledning ved bruk at slike plagg vert oftast styrt av fysioterapeut med spesialkunnskap om etterbehandling av brannskadar. Ein nyttar gjerne denne forma for etterbehandling fram til arreaksjonen er gått over, det vil gjerne seie 1-2 år etter skadetidspunktet.

  3. Etter

    Behovet for etterbehandling og rehabilitering varierer mykje ut i frå kva skade ein har hatt og kva følgetilstandar ein sit igjen med. For nokre er det nok med ein enkel kontroll på sjukehuset, medan andre treng jevnleg oppfølging livet ut. For dei fleste pasientane vil behandlinga vere avslutta 1-2 år etter skaden.

    Etterbehandling og rehabilitering vert avslutta når ein meiner ein har oppnådd det ein kan for å attvinne funksjon og ein og har gjort det som ein kan for å gjere arra så bra som råd.

    Pasientar som har vore behandla ved Brannskadeavdelinga vil kunne kontakte avdelinga sin poliklinikk, gjerne gjennom fastlege, dersom det seinare skulle oppstå tvil om det er behov for vidare behandling. Ein vil då kunne få ein ny vurderingstime, sjølv om ein tidlegare har avslutta behandlingsforløpet.

Gå til Brannskade - rehabilitering og etterbehandling

Oppmøte

Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.

Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.

Alle pasientar som har vore innlagt ved Brannskadeavdelinga vert sett opp til kontroll tre månader etter utskriving ved avdelinga sin tverrfaglige poliklinikk. Her vil ein møte brannskadekirurg, fysioterapeut og sjukepleiar. Dei fleste større skadar vil trenge oppfølging i 1-1,5 år, for mindre skadar held det gjerne med ein kontroll. Dersom det er behov for det får pasientane oppfølging livet ut i regi av Brannskadeavdelinga.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Til besøkande på Brannskadeavdelinga

​Mange av pasientane våre har eit nettverk av familie og vener som ynskjer å komme på besøk og/eller ynskjer informasjon om korleis pasienten har det.

Til pasientar ved Brannskadeavdelinga

​Brannskadepasientane vi behandlar varierer frå den alvorleg kritisk sjuke intensivpasienten til den vakne snart utskrivingsklare pasienten som klarer å ete og drikke sjølv. Felles for dei er at dei gjennom opphaldet treng gjenteke sårstell og kirurgi.

  • Sjå all praktisk informasjon til deg som er pasient

 

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?