HELSENORGE
Brannskadeavdelinga

Brannskade - Flammeskade

Flammeskadar er den vanlegaste forma for brannskadar og utgjer om lag halvparten av alle brannskadar. Typiske årsaker er skadar ved husbrann eller ved eksplosjonsarta brannar som følge av bruk av brennbare væsker til dømes bensin, tennvæske, propan og liknande.

Innleiing

Flammeskadar utgjer ein stor del av brannskadane som treng sjukehusbehandling. Då flammar oftast har svært høg temperatur og inneheld mykje energi, vert det ofte djupe og operasjonskrevande skadar hjå dei som vert utsett for desse skadane.

Alle større flammeskadar (meir enn ei handflate) bør tilsjåast av lege og som oftast leggast inn i sjukehus. Store flammeskadar som omfattar meir enn 15-20 prosent av kroppsoverflata er potensielt livstrugande og må straks takast hand om av kvalifisert helsepersonell.

Store skadar er ei enorm påkjenning for kroppen og ein vil vere avhengig av moderne brannskadebehandling for å kunne overleve. I tillegg vil dei som er utsette for større flammeskadar gjerne også ha pusta inn røyk og giftige gassar og på den måten ha pådrege seg inhalasjonsskadar som og kan vere svært alvorlege.

Tilvising og vurdering

Alvorlege brannskadar vert lagt direkte inn på sjukehus og treng ingen henvisning. Ring 113 og du vil få hjelp vidare derifrå.

Ved større akutte skadar vil ein gjerne verte lagt direkte inn på sjukehus. For mindre skadar vert ein ofte tilvist vidare frå fastlege eller legevakt om dei finn det mest tenleg at skaden vert behandla på sjukehus.

Det vil ikkje vere snakk om ventetid før ein slepp til for behandling av akutte brannskadar, men ved mindre problemstillingar lyt ein gjerne vente til dagtid eller neste kvardag før vidare oppfølging ved sjukehus.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Dersom det er praktisk mogleg, er mottakande sjukehus svært glad for mest mogleg informasjon om pasienten og ulykka. Viktige moment er:

  • Kva har hendt?
  • Når hendte det?
  • Kor stor er skaden
  • Kva type skade er det?
  • Andre skadar
  • Muligheit for røykskade/inhalasjonsskade
  • Er det utført førstehjelp og/eller nedkjøling?

Dei mest omfattande skadane vil verte overflytta til Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Her kan du lese når du bør ta kontakt med dei. 

Utgreiing

Når ein kjem på sjukehuset med ein flammeskade eller annan brannskade vil ein umiddelbart verte møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.

Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at den må opererast eller om den har muligheit til å gro av seg sjølv. Dei fleste flammeskadar er så djupe at det vert behov for operasjon med hudtransplantasjon. Vidare er det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er forbrent. Dette gjer at ein kan berekne  behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.

Det er difor viktig at ein kan få undersøke heile hudoverflata til pasienten og ein ynskjer difor gjerne  å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten vert nedkjølt.

Utredning og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjort i løpet av eit par timar. Men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane 1-2 døger etter fyrste undersøking.

Behandling

Behandlinga av flammeskadar består hovudsakleg av konservativ behandling, det vil seie gjentatte sårstell eller operativ behandling, det vil seie operasjon med fjerning av forbrent vev og dekking av sår med delhudstransplantat. I tillegg vil ein ha behov for fysioterapi under heile behandlingsforløpet.

Tida behandlinga tek, varierer veldig.

For store brannskadar finnes ein tommelfingerregel som seier at ein treng behandling ved ei brannskadeavdeling i 1-1,5 døger per prosent av hudarealet som er brannskada. Det vil seie at om ein har forbrenningar på 30 prosent av kroppsoverflata, må ein rekne med minimum 30-45 dagar innnlagt på ei brannskadeavdeling. Vidare vil ein gjerne trenge tid ved sitt lokale sjukehus og ved rehabiliteringsavdelingar etter det.

For mindre skadar varierer lengda på sjukehusopphaldet veldig. Dei minste skadane treng gjerne ikkje vere inneliggande i det heile og gror av seg sjølv i løpet av eit par veker, medan andre skadar treng fleire veker på sjukehus med gjentatte operasjonar.

Oppfølging

Dersom ein har gjenverande sår eller har behov for oppfølging for å unngå skjemmande arr, vil ein verte følgt opp ved sjukehuset sin poliklinikk. Tida for oppfølging varierer mykje ut frå kva skade pasienten har hatt.

Les meir om Brannskade - rehabilitering og etterbehandling

Brannskade - rehabilitering og etterbehandling

Alle større brannskadar vil har behov for oppfølging og etterbehandling for å sikre eit best mogleg sluttresultat.

Brannskadar av eit visst omfang og/eller djupn vil etterlate seg eit behov for etterbehandling etter det akutte forløpet for å sikre at det endelege sluttresultatet vert så godt som mogleg.

Ofte vil ein etter den akutte behandlinga framleis ha ein del sårproblem og skjør hud som lett får nye sår. Dette vil gjerne trenge oppfølging i form av sårstell ein periode etter det akutte sjukehusopphaldet.

Dei fleste brannskadar etterlet seg og ulike grader av arrdanning. For å sikre at arra vert så lite hemmande som mogleg og samstundes så estetisk lite skjemmande som råd, er det nødvendig med nøye oppfølging, ofte med fokus på fysioterapi og kompresjonsbehandling i tida etter skade.

Pasientar som har gjennomgått svært alvorlege og langvarige sjukdomsforløp vil gjerne vere svært svekka etter sjukehusopphaldet og vil ha behov for systematisk gjenopptrening i ein rehabiliteringsinstitusjon eller liknande.

  1. Før

    Ein vil vanlegvis verte kalla inn til ein time ved poliklinikk ved sjukehus for vurdering av eventuell etterbehandling. Denne vurderinga vil verte gjort av lege som behandlar brannskadar, i nokre tilfelle i samråd med fysioterapeut.

    Utredning og planlegging av etterbehandling vil vanlegvis verte avklart ved utskriving eller etter fyrste kontrolltime på sjukehuset. I ein del tilfelle vil ein justere planen for etterbehandling etter som tida går, avhengig av om behovet endrar seg.

  2. Under

    Pasientar som har hatt store skadar vil gjerne ha behov for avansert rehabilitering og gjenopptrening. For ein del pasientar vil det vere aktuelt med opphald ved spesialiserte rehabiliteringsinstitusjonar. For andre vil det vere aktuelt med opptreningsopphald i regi av sjukehusavdelingar som driv med rehabilitering.

    For nokre pasientar vil det vere meir aktuelt med opptreningsopphald ved sjukeheim i kortare eller lengre tid. Atter andre vil kunne reise heim og gjennomføre opptrening med støtte frå heimesjukepleie og lokale fysioterapeutar.

    Kompresjonsbehandling mot arrdanning

    Dei fleste brannskadar vil i tillegg til dette ha behov for oppfølging av arr og arrkontrakturar. Alle større skadar etterlet seg arr. Dei fleste pasientar kor ein forventar ein del arrdanning vil vere aktuelle for kompresjonsbehandling. Det vil seie at ein nyttar komprimerande klesplagg for å best mogleg å halde arrvevet komprimert og slik unngå tjukke (hypertrofe) og stive (kontrakte) arr.

    Ved utbreidde skadar er det ofte aktuelt å nytte skreddarsydde plagg, slik at dei gir god kompresjon over større område. Tilpassing og veiledning ved bruk at slike plagg vert oftast styrt av fysioterapeut med spesialkunnskap om etterbehandling av brannskadar. Ein nyttar gjerne denne forma for etterbehandling fram til arreaksjonen er gått over, det vil gjerne seie 1-2 år etter skadetidspunktet.

  3. Etter

    Behovet for etterbehandling og rehabilitering varierer mykje ut i frå kva skade ein har hatt og kva følgetilstandar ein sit igjen med. For nokre er det nok med ein enkel kontroll på sjukehuset, medan andre treng jevnleg oppfølging livet ut. For dei fleste pasientane vil behandlinga vere avslutta 1-2 år etter skaden.

    Etterbehandling og rehabilitering vert avslutta når ein meiner ein har oppnådd det ein kan for å attvinne funksjon og ein og har gjort det som ein kan for å gjere arra så bra som råd.

    Pasientar som har vore behandla ved Brannskadeavdelinga vil kunne kontakte avdelinga sin poliklinikk, gjerne gjennom fastlege, dersom det seinare skulle oppstå tvil om det er behov for vidare behandling. Ein vil då kunne få ein ny vurderingstime, sjølv om ein tidlegare har avslutta behandlingsforløpet.

Gå til Brannskade - rehabilitering og etterbehandling

Oppmøte

Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.

Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.

Alle pasientar som har vore innlagt ved Brannskadeavdelinga vert sett opp til kontroll tre månader etter utskriving ved avdelinga sin tverrfaglige poliklinikk. Her vil ein møte brannskadekirurg, fysioterapeut og sjukepleiar. Dei fleste større skadar vil trenge oppfølging i 1-1,5 år, for mindre skadar held det gjerne med ein kontroll. Dersom det er behov for det får pasientane oppfølging livet ut i regi av Brannskadeavdelinga.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Til besøkande på Brannskadeavdelinga

​Mange av pasientane våre har eit nettverk av familie og vener som ynskjer å komme på besøk og/eller ynskjer informasjon om korleis pasienten har det.

Til pasientar ved Brannskadeavdelinga

​Brannskadepasientane vi behandlar varierer frå den alvorleg kritisk sjuke intensivpasienten til den vakne snart utskrivingsklare pasienten som klarer å ete og drikke sjølv. Felles for dei er at dei gjennom opphaldet treng gjenteke sårstell og kirurgi.

  • Sjå all praktisk informasjon til deg som er pasient

 

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?