Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodprøve

Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din, og for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.

Blodprøvetaking av barn

Vi har flinke og erfarne prøvetakarar med gode prosedyrar for blodprøvetaking på barn. Saman med oss kan du vere med på å gjere opplevinga av blodprøve så god som mogleg for ditt barn. På denne sida finn du nyttig informasjon og verktøy som du kan bruke til førebuing.

Les meir om blodprøvetaking av barn og førebuingar
Mor og ung gutt sitter i venteareal på sykehus.

Tilvising og vurdering

Prøvetakingspoliklinikkane tar blodprøvar av pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar i opningstidene. 

Prøvetaking av pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen. Om prøvetakinga byr på spesielle problem kan vi ta blodprøver fastlegen din har bestilt.  

Før

Under

Etter