Blindtarmbetennelse

Behandlingsprogram, Gastro- og akuttkirurgi

Blindtarmen er eit lite vedheng som er festa til den første delen av tykktarmen. Her kan matrestar eller små forsteina avføringsklumpar sette seg fast, som igjen kan føre til betennelse. Den betente blindtarmen må som regel opererast. Blindtarmbetennelse opptrer oftast hos unge vaksne, men kan førekomme i alle aldrar.

Les meir om Blindtarmbetennelse
Informasjon frå helsenorge.no

Blindtarmbetennelse

Blindtarmbetennelse (akutt appendisitt) kan gi store smerter og må nesten alltid opereres. De fleste blir helt friske.

Blindtarmbetennelse betyr at blindtarmen er betent eller infisert. Blindtarmen er en liten "blindtunell" i nedre høyre del av tykktarmen. Matrester kan sette seg fast i blindtarmen og forårsake en infeksjon.

​Symptomer på blindtarmbetennelse

Det første symptomet er vanligvis smerter i magen. Etter noen timer, kan smertene flytte seg til høyre nedre side av magen. Smertene blir ofte verre dersom du beveger deg, og blir bedre dersom du trekker opp knærne. Du kan miste appetitten, bli kvalm og kaste opp. Det er vanlig å få feber og forstoppelse eller diaré. Ikke alle med blindtarmbetennelse får alle disse symptomene.

Søk lege umiddelbart dersom du tror du har blindtarmbetennelse. Uten behandling kan blindtarmen sprekke. Dette kan føre til en alvorlig infeksjon i kroppen, kalt bukhinnebetennelse (peritonitt).

Blindtarmbetennelse er sjelden hos spedbarn, små barn og eldre, og det kan være vanskeligere for legen å oppdage sykdommen. Derfor sprekker blindtarmen hyppigere hos disse pasientgruppene.

Les meir om Fjerne blindtarmen? (helsenorge.no)

Innleiing

Blindtarmens funksjon er omdiskutert. Tidlegare har ein trudd at han var utan funksjon, men nyare forsking viser at den kan bere «vennlege» bakteriar og frigjere desse, etter ein gjennomgått episode med diaré og magesjuke. Dette for å raskare gjenopprette ein normal bakteriekultur i tarmen.

Tilvising og vurdering

Dette er ein akutt tilstand, og pasientar kjem til sjukehus via legevakt eventuelt i ambulanse.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Utgreiing

Når blindtarmen er betent bør den opererast vekk for å unngå at han sprekk. Ved betennelse opplever ein magesmerter på høgre side av magen, feber og har utslag på blodprøvene. For å bli sikker på diagnosen, kan det vere nødvendig med ein ultralyd eller CT undersøking.

Les meir om  Ultralydundersøkelse

Ultralydundersøkelse

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Ultralyd slik den blir nytta her er ikkje skadeleg for kroppen. 

1. Før

Førebuing til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva som skal undersøkast.

  • Ved undersøking av mageregionen må du vere fastande dei siste fire timane før undersøkinga.
  • Ved undersøking av urinblæra skal du møte med full urinblære.
  • For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

Informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

 

2. Under

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé  på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt.  Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, spesielt viss du har smerter eller er øm i området.

I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Ein legg inn ei plastnål i olbogen eller handryggen. Nåla vert fjerna etter undersøkinga.

Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrast, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

3. Etter

Inneliggande pasientar kan gå tilbake til avdelinga med det same.

Andre pasientar kan reise heim etter undersøkinga. 

Ved ultralydundersøking der kontrast blir gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga ei lita stund etter at kontrasten er sett inn.

Resultatet av undersøkinga

Bileta blir granska av ein lege som lagar ei beskriving av kva bileta viser. Beskrivinga blir sendt legen som tilviste deg, normalt innan ei veke.
Bileta og beskrivinga blir lagra i datasystemet vårt.

Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg. 

Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag. 

Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22 (Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55 97 50 00
Radiologisk avdeling
Telefon
55 97 24 00
Telefaks 55 97 51 40
Mammografisenteret 55 97 40 00
Seksjon for barn 55 97 52 20 (kl. 08-14.30)
Kysthospitalet 56 56 59 40
måndag - fredag 08.00-15.00
Les meir om  CT-undersøkelse

 I enkelte tilfelle har blindtarmen allereie sprokke før ein oppsøker lege, men ein kan som regel likevel behandlast med operasjon.

2. Behandling

Varighet behandling ca. 1 time

Ved Haukeland universitetssjukehus bruker vi kikholskirurgi for alle vaksne og dei fleste barn, med unntak av dei aller minste.

Kikholskirurgi (laparoskopi)

Ved kikholskirurgi lagar kirurgen eit lite snitt ved navlen. Snittet er om lag ein centimeter langt. Kirurgen fører eit laparoskop gjennom opninga. Laparoskop er eit instrument med lys og kamera som gjer det mogleg å sjå inn i bukhola via ein videoskjerm. Samstundes blir det laga to eller fleire snitt lenger ned på magen for å kunne føre inn operasjonsinstrument. Den betente blindtarmen blir deretter fjerna.



Open kirurgi

Det kan av og til bli nødvendig med open kirurgi avhengig av sjukdommens alvorlegheitsgrad. Ein sprokke blindtarm aukar risikoen for ein open operasjon. Ved open kirurgi blir det laga eit snitt som går frå navlen og ned til underlivsbeinet.

Begge operasjonane blir gjort i narkose.

3. Oppfølging

Etter operasjonen skal du unngå å trene magemusklane i ca. 3 veker. Du vil som regel få reise heim dagen etter operasjon. Dersom du er operert for ein sprokke blindtarm kan det bli nødvendig med eit par dagar ekstra på sjukehuset for ytterlegare behandling med antibiotika.

Før heimreise vil du få informasjon, og få med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukmelding. Om nødvendig ordnar sjukehuset med transport heim.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Oppsøk lege om du har magesmerter på høgre side av magen og feber.

Kontakt

Gastro- og akuttkirurgi
Telefon
55 97 28 42
måndag - fredag 08.30-15.00
E-post

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.


Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.


Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​