Bekhterevs sjukdom er kanskje den mest kjende i denne diagnosegruppa, andre diagnosar er psoriasisartritt, reaktiv artritt og artritt ved tarmsjukdommane ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom. Behandlingsprinsippa for dei ulike SpA er i stor grad like.
Ein kan påvise tidlege teikn på betennelse i ryggen ved MR-undersøking. Ved typiske symptom, funn ved klinisk undersøking og blodprøver samt MR-forandringar blir spondyloartritten gjerne kalla non-radiografisk aksial spondyloartritt. Denne sjukdomen kan gå tilbake slik at MR-forandringar og symptom forsvinn, men ein ukjend andel vil etter nokre år få Bekhterev. Det vil seie at betennelsesforandringer blir synlege på vanlege røntgenbilete. Bekhterevs sjukdom vert òg kalla ankyloserande spondylitt sidan denne betennelsessjukdomen i rygg og bekken (spondylitt) over lang tid kan føre til tilstivning (ankylose). Framleis ser ikkje medikament-behandling ut til å hindre ei eventuell sjukdomsutvikling frå non-radiografisk aksial spondyloartritt til Bekhterev, men behandling kan betre symptoma i stor grad. Aksial spondyloartritt byrjar oftast i ung vaksen alder, nesten alltid før 40 år.
Årsaker til sjukdomen er lite kjende, men genet HLA-B27 (den såkalla Bekhterev-blodprøva) utgjer ein arveleg disposisjon.