Operasjonen gir heving og misfarging (gul/blå) av huda. Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter 2-3 veker. For å redusere dette, kan du legge eit tørt kjølig omslag over auga i 15-30 minutt om gongen 3-4 gonger operasjonsdagen. Du kan til dømes bruke ein pose frosne erter pakka i eit handkle.
Nedre augelokk blir veldig stramt etter operasjonen, dette er normalt og gir seg etter nokre veker.
Operasjonsdagen må du ta det med ro. Du bør helst sitte eller ligge med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt (fleire puter under hovudet). Det er ikkje tilrådeleg å køyre bil. Du kan merke smerter/ubehag etter operasjonen, ta vanleg smertestillande, for eksempel Paracet.
Du bør ikkje bøye deg langt framover. Unngå hard fysisk aktivitet i ei vekes tid.
Unngå å klø og gni på huda og hald såra tørre. Vær forsiktig med dusj og hårvask slik at skyllevatn ikkje kjem i såret. Augesminke er ikkje anbefalt før stinga er fjerna.
Viss du treng sjukemelding, får du det etter operasjonen.