Samtykke til behandling
Før kvar behandling må de signere eit samtykkeskjema. Ha derfor alltid med legitimasjon når de kjem til oss.
Behandlingsmetodar
IVF In Vitro Fertilisering
In vitro betyr utanfor kroppen og fertilisering betyr befruktning. Denne behandlinga inneber at vi tek ut egg frå eggstokkane og befruktar desse med sædceller frå partnaren. Befruktninga skjer i laboratoriet på avdelinga. Denne metoden nyttast oftast når mannen har ein normal sædprøve.
ICSI Microinjeksjon
Denne metoden nyttast ved nedsett sædkvalitet eller om ein ikkje har lukkast med fertilisering ved hjelp av IVF. På same måte som ved IVF, hentar vi ut egg frå eggstokkane, men ved ICSI tek vi ei sædcelle og fører den direkte inn i egget ved hjelp av ei tynn glaspipette. Ein er ikkje garantert befruktning ved bruk av denne metoden, sjølv om ein har injisert ein sædcelle i egget.
CRYO Nedfrysing
Om det er overskot av befrukta egg med god kvalitet etter egguthenting, kan desse bli frose ned og lagra til seinare bruk. De vil då få tilsendt brev i etterkant av egguthentinga om talet på egg som er frose ned, samt ei kort forklaring på korleis ein skal gå fram for å nytta desse ved seinare behandling. Egga kan lagrast i inntil 5 år på avdelinga.
Tinte egg kan bli satt tilbake i naturleg eller hormonstyrt syklus, avhengig om kvinna har regelmessig menstruasjon med eggløysing eller ikkje. Dei lagra egga blir som regel nytta før vi eventuelt må utføre ei ny egguthenting hjå kvinna.
TESA Testicular Sperm Aspiration
Dette er eit inngrep som blir utført dersom vi ikkje finn rørlege sædceller i sædvæska. Legen hentar ut sæd direkte frå testikkelen etter at mannen har fått lokalbedøving. Metoden blir brukt både for å kunne stille diagnose og behandling ved assistert befruktning. I forbindelse med behandling ved assistert befruktning, vil vi bruke ICSI som befruktningsmetode.