Kontakt avdelinga ved menstruasjon
Vidare behandlingsløp avheng av om du skal ha naturleg eller stimulert syklus. Hos kvinner med regelmessig menstruasjon og bekrefta eggløysing brukast oftast naturleg syklus. Hos kvinner som ikkje har menstruasjon, svært uregelmessig menstruasjon eller andre medisinske årsaker bruker vi hormonstyrt syklus. Dette kaller ein også stimulert eller substituert syklus.
Medikamenta du skal bruke er føreskrivne på e-resept og kan bestillast på valfritt apotek. Oversikt over dine e-reseptar finn du på helsenorge.no (medikamenter)
NATURLEG SYKLUS
Skal du ha innsetting i naturleg syklus, skal du teste deg for eggløysing (LH-stigning) heime. Vi er opptatte av LH-toppen (stigning av Luteiniserande Hormon), for å finne det rette tidspunktet for tilbakeføring av embryo. Denne stigninga skjer 24-36 timar før sjølve eggløysninga. Embryoet blir tilbakeført 3-7 dagar etter positiv eggløysingstest, avhengig av kva for dag embryoet er frose på.
Start testinga frå 8. syklusdag ved sykluslengde 23-27 dagar og frå 10. syklusdag ved sykluslengde 28-35 dagar.
Det finst fleire ulike eggløysingstestar å få kjøpt. Nokre er digitale, mens andre har strekar som skal tolkast. Les rettleiinga som ligg ved pakka, og følg denne nøye. For å vite at vi finn optimalt tidspunkt for tilbakeføring av embryo, er det viktig at du er sikker på at testen for LH-stigning er korrekt. Vi kan dessverre ikkje tolke dei ulike testane over telefon.
Vi anbefaler testen
«Clearblue DIGITAL eggløsningstest». Denne testen måler berre nærvær av luteiniserande hormon – LH. Den plutselege stigninga av dette hormonet er det som fører til at eggløysinga skjer.
«Clearblue DIGITAL eggløsningstest» er lett å lese av og vi opplever få brukarfeil med denne typen test.
Det finst kombinasjonstestar som måler både østrogen og LH i ein og same test. Desse blir ofte anbefalte av apoteket, då dei viser eit større tal dagar der befruktning kan skje. Desse opplever vi ein del brukarfeil og spørsmål ved, då dei kan vere vanskeleg å tolke.
Ved utslag på eggløysingstesten kontaktar du laboratoriet. Enten via melding på helsenorge.no eller på telefon 55974274. Du vil da få ein time til innsetting.
Dersom utslag laurdag eller søndag, ring måndag.
NB! Dersom vi ikkje har mottatt samtykket, må vi utsette forsøket til neste eggløysing.
HORMONSTYRT SYKLUS
Nokon får ein tablettkur for å få bløding. Du skal ta ein graviditetstest før du startar på denne kuren. 3-4 dagar etter at du har slutta å ta tablettane, vil du få ei bløding. Ta kontakt med avdelinga når blødinga har starta.
Med hormonstyrt syklus har vi no to valmoglegheiter.
- Du bruker hormontablettar frå første blødingsdag. Dosen blir fastsett av lege. Ved graviditet fortset behandlinga til og med svangerskapsveke 9. Tablettane inneheld østrogen som gjer at livmorslimhinna (endometriet) veks. Livmorslimhinna er viktig for at embryoet kan feste seg. Den første gongen du skal ha fryseforsøk med hormontablettar, vil du få ein time til ultralyd på dag 10-12 av syklus. Ved eventuelle seinare forsøk vil det ikkje vere behov for ultralyd, med mindre legen endrar på doseringa av tablettane.
- Du kan stimulerast med hormonsprøyter for å få eggløysing. Dette er dei same hormona du brukte under stimuleringa ved det ferske forsøket, men i lågare dosar. Dette kallast ofte «lågdose-stimulering». Du set hormonsprøyter dagleg frå første blødingsdag, til same tid kvar dag. Du får time til ultralydundersøking på dag 10-12 av syklus. Etter denne undersøkinga bestemmer legen når eggløysingssprøyta skal settast og kva for dag egginnsettinga skal vere.
Legen vil velje behandlingsalternativet som er best for deg.
Egginnsettinga skjer vanlegvis mellom 15-20 syklusdag, avhengig av kva for dag embryoet er frose ned på.
NB! Dersom vi ikkje har mottatt samtykket, må vi utsette forsøket til neste syklus.