Arbeids-EKG
Arbeids-EKG (elektrokardiogram) gir informasjon om hjartefunksjonen under belasting. Arbeids-EKG blir brukt for å vurdere fysisk kapasitet, vurdere hjartesjukdom og eventuelt effekt av behandling.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
- Du kan ete ein lett frukost. Unngå mat og tobakk dei siste to timane før testen. Du kan drikke vatn.
- Ta gjerne med lette treningsklede og joggesko.
- Dersom det ikkje er gitt anna beskjed skal du ta medisinane dine som vanleg undersøkingsdagen.
Under
Du utfører testen ved å sykle på ein ergometersykkel.
På brystet blir det kopla til EKG elektrodar og du får ein blodtrykksmansjett på armen. Ved hjelp av dette kan vi følge med hjarterytmen og blodtrykksreguleringa di under belastningstesten.
Du skal halde mest mogleg jamt tempo når du syklar. Testen startar på låg belastning som blir auka med få (1-3) minuttars mellomrom. Blodtrykket blir stadig målt. For at testen skal bli best mogleg er det viktig at du ikkje stansar for tidleg. Testen fortsett til du blir så sliten at du ikkje klarar meir.
Om du får smerter i brystet må du seie i frå. Testen blir avslutta dersom du får smerter i brystet, eller legen ser andre teikn på at det er rett å stoppe
Ved bruk av tredemølle vil du gå/springe og vi justerer hastigheit og stigning undervegs i testen.
I kvilefasen etter belastninga følger vi puls og blodtrykk til det har normalisert seg.
Etter
Vi ser helst at du ventar ei stund etter testen før du reiser heim frå sjukehuset. Du får høyre resultata av testen og råd om kva som bør gjerast, og vi tar oss av den vidare oppfølginga.
Kontakt
Sentralblokka
Hjartepoliklinikken
Oppmøtestad
Vi held til i 1. etg. i Sentralblokka.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen