Fosfolipid er feittstoff som fins i overflata til alle celler. Hjå nokre personar dannar immunsystemet antistoff mot fosfolipid eller mot protein som er knytt til desse. Antistoffa aukar risikoen for å danne blodpropp og er òg knytt til ein auka risiko for spontanabortar eller dødfødslar hjå gravide.
Diagnosen antifosfolipidsyndrom vert stilt hjå personar som har desse antistoffa, og som samtidig har hatt blodpropp eller visse typar svangerskapskomplikasjonar. Mange menneske har slike antistoff utan nokon gong å få svangerskapskomplikasjonar eller blodpropp. Ein har då ikkje antifosfolipidsyndrom.
Utbreiing
Antifosfolipidantistoff er relativt utbreidd hjå friske personar, og ein reknar med at 1-5 % av befolkninga har slike antistoff. Fleire eldre enn yngre har antistoff, og dei er òg vanlegare hjå personar som har ein annan revmatisk sjukdom, som for eksempel SLE (Lupus). Sjølv om funn av antistoff er relativt vanleg hos friske personar, er antifosfolipidsyndrom ein svært sjeldan sjukdom, og omtrent halvparten av dei med antifosfolipidsyndrom har i tillegg ein annan revmatisk sjukdom, oftast SLE.