Ankelbrudd, operasjon med midlertidig ramme
Ankelbrot er eit vanleg brot som er vanleg ved overtråkk. I nokre tilfelle er ankelleddet så ustabilt etter brotet at det ikkje er nok å sette på gips. Det kan bli nødvendig med ei midlertidig ramme medan du ventar på den endelege operasjonen. Dette blir gjort som ein snarleg operasjon.
Før
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Under operasjonen monterer vi på ei utvendig ramme som blir festa i leggbeinet, hælbeinet og forfoten. På denne måten er foten i ei god stilling medan hevelsen går ned. Sjølve operasjonen tar vanlegvis omtrent ein time.
Etter
- Beveg tærne. Når du vekselvis bøyer og strekker alle tærne, aktiverer du den såkalla vene-muskelpumpa. På denne måten "pumper" du hevelsen ut av foten.
- Hald foten høgt. For å få mest effektiv drenasje, legg du ankelen høgare enn hjartet. Ha opne leddvinklar i kne og hofte. Det er vanleg å ligge på sjukehuset medan du ventar på endeleg operasjon.
- Viss du har hatt foten nede lenge, for eksempel ved toalettbesøk, får du raskast vekk sprenget på denne måten: Legg deg på ryggen og "sykle" med beinet i lufta. På den måten får du både hjelp av tyngda og aktivert vene-muskelpumpa.
Ver merksam
Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:
- tung pust
- bløding i såret
- væske fra såret
- aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- aukande hevelse i eitt eller begge bein
- sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- svimmelheit eller svime
- feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen