Ankelbrudd operasjon med innvendig plate og skrue
Ankelbrot er eit vanleg brot og skjer gjerne ved overtråkk. Brotet kan ha forskjellige grader av alvor, noko som avgjer behandlinga. Ved kirurgisk behandling blir brotet først stabilisert med midlertidig gips eller ramme. Deretter gjennomfører vi operasjonen. Du må vanlegvis gå på krykker i 6-12 veker etterpå.
Nokre tilfelle av ankelbrot vil kreve operasjon. Då set vi inn skruar og eventuelt ei plate av kirurgisk stål slik at brotet blir halde i ei god stilling. Målet med operasjonen er å stabilisere ankelleddet og å få brotet til å gro i best mogleg stilling.
Før
Viss du kjem til sjukehus innan 6 timar etter skaden, kan ankelbrotet vanlegvis opererast akutt. Dette krev at det er ledig kapasitet på operasjonsstova. I praksis lar dette seg ikkje alltid gjere. Då må brotet stabiliserast midlertidig i påvente av operasjon, anten med gips eller utvendig ramme.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Informasjon fra fysioterapeut
Ver merksam
Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sjukehuset. Teikn på infeksjon er:- Hevelse og hud som blir raud og varm
- Væske frå såret
- Aukande smerter
- Feber
- Generell sjukdomsfølelse.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen