Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lappetest
Allergitest (epikutantest)
Ved epikutantest, også kalla lappetest, legg vi testmateriale i små kammer direkte på huda, vanlegvis på ryggen. Testen blir brukt ved mistanke om allergi mot stoff som kjem i kontakt med huda. Testmaterialet skal ligge på i 48 timar. Testen blir lesen av etter 72 timar, i nokre tilfelle også etter 5–7 dagar.
I tilvisinga bør legen skrive om det er mistanke om kontaktallergi mot spesielle produkt. Kva yrke pasienten har og eventuell eksponering for kjemiske stoff, er nyttig informasjon. Oppdatert medikamentliste er viktig.
Før
Du må ikkje smøre huda på ryggen med kortisonkremar dei siste to til tre vekene før testen skal bli lagt på. Dersom du bruker Prednisolon-tablettar over 10 mg per dag, kan du ikkje ta testen. Du bør ikkje ha fått sol på ryggen dei siste fire vekene før testen blir lagt. Dersom du mistenker at du reagerer på spesielle produkt (kosmetikk, kremar o.l.), kan du ta med desse til konsultasjonen.
Under
Testkammera/testmaterialet blir limt fast med plaster på ryggen. Vanlegvis blir testområda markerte med tusj. Av og til plastrar vi ein liten bit av stoffet vi mistenker allergi mot, direkte på huda.
Prosedyren kan ta opp til ein halvtime, avhengig av kor mange testar som skal leggast.
Foto: Oslo universitetssykehus
Illustrasjonsbilete som viser korleis testen blir festa og merka på huden.Foto: Oslo universitetssykehus
Etter
Forholdsreglar før avlesing hos hudlege:
Unngå kroppsleg aktivitet som framkallar sveitte.
Ikkje bad, dusj eller vask hudområdet der testen er lagt i tida før du skal til legen for avlesing av testen. Dette gjeld også når du har tatt av plasteret.
Unngå å få sol på testområdet.
Unngå å klø på hudområdet der testen ligg.
Unngå store rørsler og gnissing mot testområdet (plasteret kan losne).
Testen blir lesen av på poliklinikken eller hos tilvisande hudlege. Når testen er lesen av, vil du få informasjon om allergi er påvist eller ikkje og eventuelt kva produkt du bør unngå å komme i kontakt med.
Dei fleste treng ikkje oppfølging på sjukehus.
Ver merksam
Det er sjeldan komplikasjonar etter epikutantesting. I nokre tilfelle kan reaksjonen på testmaterialet bli så kraftig at utslettet må smørjast ned med sterke kortisonkremar i nokre dagar, for å dempe kløe.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no for meir informasjon eller ring 05515.
Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.
Praktisk informasjon
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.