Vanskar med merksemd og uro

Merksemdsvanskar og uro kan vere normale reaksjonar på forhold rundt barnet/ungdommen, men kan òg vere teikn på ADHD. Vanskar med konsentrasjon og uro kan påverke utvikling og læring, og det er derfor viktig med tidlege tiltak.


​Evna til konsentrasjon utviklar seg gradvis gjennom oppveksten og varierer mykje mellom individ. Følelsar, stress, søvn og sjukdom kan òg påverke konsentrasjonsevna. Konsentrasjonen heng saman med evnenivå og lærevanskar. Det er derfor viktig med eit vidt normalitetsomgrep. Dersom vanskane varer over tid og kjem til syne på fleire arenaer, kan det vere mistanke om ADHD.

Ved lette merksemdsvanskar og kroppsleg uro kan systematisk tilrettelegging i barnehagen/skulen vere tilstrekkeleg tilbod. Ved vedvarande teikn på merksemdsvanskar og uro må ein sikre at vanskane til barnet/ungdommen blir kartlagt og vurdert i kommunale tenester. Mistanke om underliggande utviklingsforstyrring eller ADHD gir rett til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Barn eller ungdom som får diagnosen ADHD, vil ofte ha behov for tilrettelegging og tiltak over tid.

Kven gjer kv​​​a

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde.

Fa​stlege

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse gjennom direkte undersøking av barnet/ungdommen og samtaler med føresette. Kartlegginga vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Symptoma til pasienten og omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si oppfatning av utfordringane til barnet og opplysningar om korleis plagene kjem til uttrykk heime og i barnehage/skule
  • Somatisk status og somatisk historie (syn, høyrsel, språk, motorikk, blodprøvar ved indikasjon)
  • Utviklingshistorie og vurdering av eventuelle utviklingsforstyrringar
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Reguleringsvanskar (matinntak, kroppsleg uro, handtering av følelsar, åtferdsvanskar)
  • Søvnproblem
  • Rusmiddelproblem
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Krenkingar som f.eks. overgrep eller andre belastningar kan forklare symptoma
  • Familieanamnese (førekomst av ADHD, psykiske lidingar, lærevanskar, rusmisbruk eller hjartesjukdom i nær familie)
  • Informasjon om kartlegging som er gjennomført, og tiltak/tenester som er prøvd ut, særleg treng ein informasjon frå barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta og PPT
  • Tilvisar si vurdering av vanskane til pasienten og alvor av symptoma

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for vidare kartlegging. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer. Barn med merksemdsvanskar og uro har ofte tilleggsvanskar som åtferdsproblem, emosjonelle problem, lærevanskar og samspelsvanskar. Det er viktig at slike vanskar blir tatt med i vurderinga.

Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved merksemdsvanskar og uro

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtaler med pasient og føresette. Vurder behov for dobbelttime.
  • Dersom ein vurderer at vanskane heng saman med psykososiale belastningar, kan kommunale tenester som helsestasjon og skulehelsetenesta eller psykisk helseteneste tilby samtaler og foreldrerettleiing. Fastlegen bør informere om eller sette pasienten i kontakt med aktuelle tenester.
  • Barn og unge med merksemdsvanskar og uro har ofte behov for tilrettelegging og støttetiltak i barnehage/skule. Fastlegen bør drøfte med føresette om dei skal be barnehage/skule om kartlegging av behov for tilrettelegging, og vurdere behov for å drøfte sak med PPT.
  • Ved mistanke om ADHD bør ein vurdere tilvising til BUP. Det tilrådd at tilvising skjer i samråd med barnehage/skule, PPT eller andre kommunale instansar som er involvert i saka.
  • Ved kjent ADHD og etter at medikamentell behandling er prøvd ut og evaluert i BUP, blir ansvar for medisinske kontrollar overført til fastlege. Fastlege bør foreta minimum halvårlege kontrollar med tanke på å følge med på og registrere effekt av behandlinga og eventuelle biverknader. Kontrollane bør inkludere måling av høgde, vekt, blodtrykk og puls. Ved betydelege biverknader må ein vurdere om ein skal justere dosen, eventuelt skifte eller avslutte legemiddelbehandlinga. Ved spørsmål må fastlege kontakte legespesialist ved BUP.

Tiltaka blir evaluert i samtaler med pasient og føresette og i dialog med andre involverte instansar.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP. Oppsummeringar frå andre instansar kan bli sendt som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det anbefalast òg at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov.

Ved kjent ADHD kan det vere behov for ny tilvising til BUP for komorbide psykiske helseplager eller ny vurdering av medikasjon. Ved spørsmål må fastlege kontakte BUP.

Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging. Barn og ungdom med ADHD har ofte behov for tiltak frå både kommune og spesialisthelseteneste. Fastlegen følger barnet/ungdommen og familien over tid og samarbeider med dei tenestene som til ei kvar tid er involvert i oppfølginga av barnet/ungdommen. Ved kjent ADHD samarbeider fastlegen tett med BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøte dersom pasient/føresette sett opp time hos fastlegen i aktuelt tidsrom.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. Rolle som koordinator bør fyllast av instansar som skal følge barnet over tid.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om dette her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

 

Helsestasjon og sku​​lehelseteneste

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Helsestasjon og skulehelsetenesta skal så tidleg som mogleg fange opp barn og unge med psykiske helseplager. Ved mistanke om psykiske vanskar bør helsestasjonen/skulehelsetenesta kartlegge vanskane gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I kartlegginga bør ein utforske symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet/ungdommen. Vidare kan kartlegginga innehalde faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, og kor lenge dei har vart
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen og deira ønske om hjelp
  • Utviklingshistorie og milepælar
  • Vurdering av syn og høyrsel
  • Vurdering av språk og kommunikasjon
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen    
  • Trivsel, humør og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, og fysisk/psykisk sjukdom eller rusproblem hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Sjølvskading og suicidalitet
  • Bruk av sosiale medium og spel
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Medisinske tilstandar eller sjukdommar som påverkar utviklinga til barnet
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for vidare kartlegging. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer.

I kartlegginga bør ein vere særleg merksam på teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved merksemdsvanskar og uro

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette og skal tilvise til andre tenester ved behov. Ved merksemdsvanskar og uro kan aktuelle tiltak frå helsesjukepleiar vere:

  • Samtaler og rettleiing til barnet/ungdommen der ein kan legge vekt på å forstå seg sjølv og sine vanskar, sortering av følelsar/tankar og strategiar for å handtere eigen uro.
  • Rettleiing til føresette om kva som er hjelpsam foreldreåtferd, og korleis dei kan gi barnet/ungdommen den støtta han/ho treng i kvardagen.
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp.
  • Rettleiing, kurs eller grupper for føresette dersom kommunen har dette tilbodet

Tiltaka bør bli evaluert i samtaler med barnet/ungdommen og føresette, og i dialog med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evalueringa bør gjerast i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Dersom tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg, må helsesjukepleiar samarbeide med eller tilvise til andre tenester:

  • Om ein mistenker at plagene til barnet/ungdommen heng saman med psykososiale belastningar eller andre psykiske vanskar, kan tenesta sette barnet/ungdommen i kontakt med psykisk helseteneste i kommunen eller kommunepsykolog som kan kartlegge vanskane og tilby samtaler.
  • Om kartlegginga viser gjennomgåande vanskar med merksemd og uro, bør helsesjukepleiar etablere kontakt med barnehage/skule for vidare kartlegging og vurdering av tiltak i samråd med barnet/ungdommen og føresette. Det er barnehagen/skulen som vurderer om det er grunnlag for å be PPT om bistand til og kartlegging av spesialpedagogiske behov.  
  • Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med barn/ungdom og føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon/skulehelseteneste bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan bli sendt som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Samarbeid med andre tenester

Helsesjukepleiar har ofte ei sentral rolle for å sikre samarbeid og informasjonsflyt mellom ulike tenester, og særleg mellom barnehage/skule og helsetenestene.

Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage/skule, PPT, fastlege, fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste og BUP. Ofte kan ein kombinere samtaler hos helsesjukepleier med tiltak frå BUP eller fastlege, men då må roller og ansvar vere avklart.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Helsesjukepleiar er ofte koordinator for individuell plan. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om dette her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

 

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

 

Barneh​​age

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Barnehagen skal fange opp teikn som gir grunn til uro, for eksempel manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Ved uro for eit barn skal barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette for å få tak i deira forståing av utfordringane til barnet. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. Ved behov for vidare kartlegging og drøfting ber ein om samtykke til det. Kartlegginga kan innehalde:

  • Observer barnet i ulike situasjonar og legg merke til i kva situasjonar barnet strevar med merksemd og uro, kor ofte det skjer, og kor intense symptoma er. Legg særleg merke til teikn som at barnet:                                                 
    • har høgt aktivitetsnivå, problem med å sitte stille
    • gir lite stabil blikk-kontakt
    • er rastlaus i leik og skifter mellom ulike aktivitetar
    • kjem lett i konflikt med andre barn eller blir lett frustrert
    • er sein og motorisk klossete
    • har språkvanskar og problem med å gjere seg forstått
    • har vanskar med å delta i fellesaktivitetar i barnehage
  • Snakk med barnet for å få tak i barnet si eiga oppleving av utfordringa (ikkje aktuelt for dei aller yngste)
  • Kartlegg og vurder den generelle utviklinga til barnet
  • Kartlegg språket og kommunikasjonen til barnet
  • Drøft saka i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen. Ved behov kan ein drøfte sak med PPT, etter samtykke frå føresette.

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege symptoma er. Det er stor variasjon i barn si evne til ro, konsentrasjon og vere merksam over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. For mange er vanskane forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei negativt påverkar korleis barnet fungerer, og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til uro. I slike tilfelle skal barnehagen drøfte med PPT om det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen, belastningar i familien, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Barnehagen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får rask hjelp og nødvendige tiltak.

I barnehagen kan aktuelle tiltak vere:

  • Pedagogiske tiltak for å sikre trivsel, tryggleik og inkludering. Legg vekt på at barnet skal bli inkludert i barnehagegruppa og ikkje skal oppleve mobbing eller utestenging.
  • Samtaler og rettleiing til føresette ved behov.
  • Tilrettelegging rundt barnet ut frå behov, alder, utviklingsnivå, sterke og svake sider. Tilrettelegginga bør omfatte leik, sosialt samspel, omsorg og læringssituasjonar. Nokre konkrete tiltak kan vere:
    • Eit oversiktleg og strukturert miljø både inne og ute.
    • Tydelege og klare reglar som barnet kjenner til og forstår.
    • Anerkjennande vaksenstøtte i krevande situasjonar som måltid, overgangar, av- og påkledning, leik- og læringssituasjonar og i samlingsstunder.
    • Bruk visuell støtte, eksempelvis dagsplan med bilder.
    • Tilpass omfang, vanskegrad og lengde på læringsøkter.
  • Kontakt PPT for rettleiing og hjelp til vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Drøft ev. behov for tilvising til PPT.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp (§31), skal kommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse). Det skal også bli utarbeidd ein individuell utviklingsplan (IUP) som sikrar at barnet får eit likeverdig tilbod.

Tiltaka i barnehagen bør bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i dialog med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Dersom barnet har rett på spesialpedagogisk hjelp, skal spesialpedagog i barnehagen utarbeide ein skriftleg rapport til føresette og kommunen med oversikt over hjelpa barnet får, og ei vurdering av utviklinga til barnet.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Etter kartlegging vurderer PPT behov for spesialpedagogisk hjelp.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon, psykisk helseteneste eller fysio- og ergoterapiteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd og rettleiing. Andre aktuelle samarbeidsinstansar er helsestasjon, psykisk helseteneste, fysio- og ergoterapitenesta, barnevernteneste og BUP. 

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå korleis barnet opplever vanskane, og behovet det har for hjelp, ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om dette her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

​All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Barnehagen skal legge til rette for samarbeid med føresette, sørge for at dei får nødvendig informasjon, og at dei får moglegheit til å påverke kvardagen til barnet i barnehagen. Retten til medverknad blir sikra ved at føresette får ta del i alle avgjerder og blir involvert i alt samarbeid rundt barnet. Føresette skal alltid samtykke før barnehagen fattar vedtak om og gir spesialpedagogisk hjelp.

 

Sku​​le

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Ved bekymring for ein elev si psykiske helse og utvikling, speler skulen ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Teikn på psykiske helseproblem kan vere manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, endra åtferd eller at eleven ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksam på teikn og signal på manglande trivsel hos eleven. Skulen må samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får hjelp.

  • Observere eleven og i kva situasjonar eleven strevar med konsentrasjon og uro. Hensikten med observasjonane er å få eit godt grunnlag for vidare kartlegging. Legg særleg merke til om eleven:
    • er motorisk uroleg og har problem med å sitte stille
    • kjem lett i konflikt med andre
    • har vanskar med å regulere følelsar og blir lett frustrert eller sint
    • har kort spenn for merksemd og blir lett forstyrra
    • har vanskar med å regulere søvn og mat
  • Samtale med eleven. Sett ord på det du har observert, og få tak i eleven si oppfatning av vanskane, og om han/ho ynskjer hjelp. Informer eleven om at du må snakke med føresette og avtal om eleven skal vere med på samtalen.
  • Ta opp problemstilling med føresette i skule-heim-samtale så raskt som mogleg. Be om samtykke til vidare kartlegging og drøfting.
  • Kartlegge generell utvikling, språk og kommunikasjon.
  • Drøfte bekymring med skuleleiing/støtteapparat eller dei etablerte ordningane for rettleiing/konsultasjon som skulen har. Ein bør drøfte sak med PPT eller andre støtteinstansar, etter samtykke frå eleven og føresette.

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege utfordringane til eleven er. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og unge vere forbigåande. Det er når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei negativt påverkar korleis eleven fungerer, og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegging gjennomfører skulen ny samtale med elev og/eller føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak på skulen og heime.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak.

For dei fleste barn som strevar med merksemd og uro, er allmennpedagogiske tiltak tilstrekkeleg. Dei treng at læringsmiljøet er prega av rammer, struktur og oversikt. Barn med meir uttalte vanskar eller kjent ADHD-diagnose treng individuell tilrettelegging ut frå behov, alder, utviklingsnivå, sterke og svake sider. Aktuelle tiltak i skulekvardagen kan vere:

  • Etabler ein trygg relasjon til eleven og legg til rette for gode relasjonar til medelevar. Dette er viktig for å sikre trivsel og inkludering.
  • Sikre god dialog og informasjonsflyt med føresette, etter dialog med elev, og ha regelmessige skule-heim- samtaler for å sikre at tiltak på skulen blir følgt opp heime. 
  • Tilpass undervisning, lekser og vekeplanar. Eleven kan trenge tilpassa opplæring sjølv om han/ho følger kompetansemål og av det ikkje har rettigheiter etter § 5-1.
  • Ha eit oversiktleg og godt strukturert miljø i klasserommet og ute.
  • Ha tydelege og klare reglar som du veit at eleven kjenner til og forstår.
  • Gi anerkjennande vaksenstøtte i situasjonar som kan vere utfordrande for eleven.
  • Gi ekstra tid til å løyse eller å bli ferdig med oppgåver.
  • Bruk positiv merksemd aktivt, gi positive konsekvensar og oversjå avvikande åtferd som ikkje fører til problem for eleven eller andre.
  • Kontakt PPT for rettleiing, vurdering av tiltak og drøft ev. behov for å tilvise eleven til PPT.
  • Dersom eleven har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med spesialpedagogiske behov, skal kommunen fatte enkeltvedtak som gir eleven rett til spesialundervisning. Enkeltvedtaket skal beskrive innhaldet i spesialundervisninga (varighet, omfang, organisering og kompetanse). Skulen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) som sikrar at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod.

Tiltaka på skulen bør bli evaluert jamleg: internt på skulen, i dialog med eleven og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Eleven bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. I tilfelle der eleven får spesialundervisning, skal skulen evaluere opplæringstilbodet og eventuelt justere IOP ved behov.

Dersom tiltak kring eleven ikkje gjev tilfredsstillande effekt, bør skulen drøfte med eleven og føresette om det er behov for vidare oppfølging i andre instansar. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam som kan vurderast dersom tiltak ikkje har effekt eller ein treng bistand.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialundervisning. Ved mistanke om manglande utbytte av opplæring og ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan skulen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør ein kople på aktuelle instansar som skulehelseteneste eller psykiske helseteneste i kommunen for vidare kartlegging og vurdering. Det er oftast helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og koplar på andre instansar ved behov. Om det er behov for tilvising til BUP, er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som står for utgreiing og vurdering. Skulen bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, som kan leggast ved tilvisinga. Ved mistanke om ADHD er det ønskeleg med rapportar frå kartlegging i skule og PPT.

Samarbeid med andre tenester

Skulen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar gjort på skulen, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan skulen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT kan rettleie skulen både på individ- og systemnivå. Skulen samarbeider tett med skulehelsetenesta, som kan bidra i både kartlegging og tilrettelegging. Ved oppfølging i BUP bør skulen vere involvert i både utgreiingsfasen og tilbakemeldingsmøte. Skulen samarbeider elles med dei tenestene som er involvert rundt barnet/ungdommen.

Skulen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt eleven. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. For elevar med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom klassetrinn og skulebyte.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Samarbeid skulen har med andre tenester må alltid vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 15 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad bli sikra, ved at eleven får informasjon og får uttale seg før alle avgjerder. Les meir her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

Dei føresette er dei viktigaste omsorgspersonane til eleven og har hovudansvar for utviklinga og oppdraginga til barnet/ungdommen. Skulen har ansvar for å legge til rette for samarbeid med føresette, sørge for at dei får nødvendig informasjon, og at dei får moglegheit til å påverke kvardagen til eleven i skulen. Føresette skal alltid samtykke før skulen fattar vedtak om og gir spesialundervisning.

 

Pedagogisk psykologis​​k teneste (PPT)

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka med PPT før det eventuelt blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

PPT er ei viktig hjelpeteneste ved merksemdsvanskar og uro og skal særleg vurdere om barnet/ungdommen har spesialpedagogiske behov. I tilviste saker kan kartlegginga i PPT innehalde:

  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule gjennom samtaler og pedagogisk rapport
  • Barnet/ungdommen si forståing av vanskane og ønske om hjelp
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen
  • Styrkane og ressursane til barnet/ungdommen                                                                                                                     
  • Kartlegging av den generelle utviklinga og utviklingsnivå til barnet/ungdommen
  • Kartlegging av den kognitive fungeringa til barnet/ungdommen
  • Kartlegging av språk
  • Observasjon av og samtale med barnet/ungdommen i barnehage/skule
  • Vurdering av klassemiljø, konfliktar eller mobbing frå medelevar
  • Innhenting av opplysningar frå skulehelsetenesta eller andre aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år

Ut frå kartlegginga skal PPT vurdere om merksemdsvanskane påverkar barnet/ungdommen i opplæringssituasjonen, og om han/ho har krav på spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og familien. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Rolla til PPT er å støtte barnehage og skule med tilrettelegging av det pedagogiske tilbodet for barn og ungdom med særskilte behov. PPT kan hjelpe barnehagen/skulen med kompetanse- og organisasjonsutvikling og gi rettleiing og råd i enkeltsaker og på systemnivå. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet/ungdommen har spesialpedagogiske behov, skal kommunen fatte enkeltvedtak og barnehagen/skulen utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan rettleie barnehagen/skulen ved behov.

Tiltak frå PPT kan vere:

  • Rettleiing i korleis barnehage/skule skal legge til rette for barnet/ungdommen i opplæringssituasjonen og sikre rettane barnet/ungdommen har, etter opplæringslova.
  • Rettleiing på systemnivå i korleis barnehagen/skulen skal sikre eit læringsmiljø prega av struktur og rammer. 
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette om opplæringsrelaterte spørsmål.   

Tiltaka frå PPT bør bli evaluert jamleg: i faste møte med barnehagen/skulen, i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Barnet/ungdommen bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet/ungdommen får spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet/ungdommen.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager, skal PPT i samarbeid med barnehage/skule sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal PPT anbefale tilvising til BUP. Ved behov for tilvising til BUP, er hovudregelen at vanskane barnet/ungdommen har skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising. Psykolog i PPT har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. PPT kan legge ved ei beskriving av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i forkant av tilvisinga, og eventuell effekt av tiltaka.

Om kartlegginga gir mistanke om ADHD, må PPT sikre at BUP får relevant informasjon om utfordringane til barnet/ungdommen, og korleis desse kjem til syne i opplæringssituasjonen.

Samarbeid med andre tenester

I det tverrfaglege samarbeidet er hovudoppgåva til PPT å støtte barnehagar/skular i arbeidet med å tilrettelegge for barn og unge med særlege behov slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa opplæringstilbod. Dersom merksemdsvanskane påverkar fungering i barnehage/skule og særleg utbytte av opplæringa, bør PPT vere med i samarbeidet rundt barnet/ungdommen.  

PPT kan ved behov samarbeide med tenester som gir oppfølging som helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, fastlege, BUP, fysio- og ergoterapitenesta og barneverntenesta. Ved utgreiing i BUP bør PPT vere involvert i utgreiingsfasen og delta i tilbakemeldingsmøte. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. PPT kan delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen etter behov. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Elevar over 15 år, føresette, barnehagar, skular og andre tverrfaglege tenester kan ta kontakt med PP-tenesta for råd og rettleiing. Føresette eller ungdom over 15 år må samtykke til sakkunnig vurdering og til samarbeid med andre tenester. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon og får uttale seg vedrørande alle avgjersler som blir tatt. Les meir om dette her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Kommunale psyk​iske helsetenester for barn og unge

Utgreiing og behandling av psykiske helseplager er ein del av kommunen sitt helse - og omsorgstilbod til barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge eller eit familiesenter som gir behandling. Andre har samla tenestene for barn og unge i ei barne- og familieteneste eller eit familiens hus. Tilbodet kan òg vere lagt til helsestasjon og skulehelsetenesta eller psykolog i kommunen. Felles for tenestene er at dei har ansvar for førebygging, oppfølging og behandling ved lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge.

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstforholda til barnet/ungdommen. Det er mange årsaker til merksemdsvanskar og uro hos barn og unge. Kartlegginga kan innehalde faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, intensitet og omfang, og kor lenge plagene har vart
  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane, og tankar om kva som må til for å skape endring
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen og ønske om hjelp
  • Korleis vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Styrkane, ressursane og interessene til barnet/ungdommen
  • Trivsel, humør og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet og fysisk/psykisk sjukdom eller rusproblem hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Klassemiljø, konfliktar eller mobbing
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Sjølvskading og sjølvmordstankar
  • Bruk av sosiale medium og spel
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar med samtykke frå føresette/ungdom

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for vidare kartlegging. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer.

I kartlegginga bør ein vere særleg merksam på teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og føresette og tilbyr oppfølging og behandling ved lette og moderate psykiske helseplager. Målet er at barn, ungdom og deira føresette skal få støtte og hjelp til å utvikle ei god psykisk helse og meistre eigen kvardag.

Ved merksemdsvanskar og uro kan kommunal psykisk helseteneste tilby oppfølging til barnet/ungdommen og familien. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Samtaler med og rettleiing til barnet/ungdommen med vekt på å styrke sjølvbilde, forstå seg sjølv og eigne vanskar, sortere følelsar/tankar og utvikle strategiar for å handtere eigen uro
  • Rettleiing til føresette i aktuelle tema, som korleis dei skal handtere utfordringane til barnet/ ungdommen i kvardagen, få familien til å fungere betre saman, utvikle meistringsstrategiar for vanskelege situasjonar i kvardagen
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette om korleis dei skal legge til rette og tilpasse kvardagen
  • Kurs/grupper for føresette dersom kommunen har slike tilbod.
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om støtte og tilrettelegging i barnehagen/skulekvardagen
  • Behandling av andre psykiske helseplager, som angst eller depresjon

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT. 

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar, skal psykisk helseteneste sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane som barnet/ungdommen har, skal blir kartlagt i kommunale tenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i kvardagen til barnet/ungdommen. Tenesta skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp.

Ved merksemdsvanskar og uro vil dei mest sentrale samarbeidspartnarane vere barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, fastlege og BUP. Ved behov for vidare kartlegging av utviklinga eller læringa til barnet/ungdommen, må tenesta drøfte med barnehagen/skulen og PPT om det kan vere grunnlag for tilvising til PPT. Psykisk helseteneste kan tilvise til og samarbeide med ergo og fysioterapiteneste.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om dette her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

 

Fysio- og ergotera​​piteneste

Kartlegging ved m​​erksemdsvanskar og uro

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Merksemdvanskar og uro kan ha ulike årsaker, som vanskar med syn og høyrsel, språk, kroppslege spenningar eller stress, sansemodulering/sanseintegrasjon og motorikk. Kartlegging frå fysio- og/eller ergoterapeut kan derfor vere sentralt i vurderinga av vanskane til barnet/ungdommen.

Ved oppstart av ei ny sak er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging som kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av eigne ressursar, utfordringar og behov for hjelp
  • Føresette si vurdering av barnet/ungdommen sine ressursar, vanskar og hjelpebehov
  • Barnehagen/skulen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen
  • Motorikken til barnet/ungdommen og ferdigheiter i kvardagen   
  • Funksjon på ulike arenaer og deltaking i organiserte aktivitetar
  • Responsen barnet/ungdommen har på ulike sanseuttrykk (sansemodulering/sanseintegrasjon)
  • Om barnet/ungdommen har plager i muskel og skjelettapparat                                                                         
  • Behovet barnet har for strukturering av kvardagen
  • Vurdere om motoriske vanskar er ei primærårsak, eller om vanskane kan vere resultat av ei underliggande utviklingsforstyrring
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for vidare kartlegging. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, mestring og deltaking i kvardagen. Aktuelle tiltak frå fysio- og ergoterapeut kan vere:

  • Å sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking og der ein aktivt involverer barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i måla og tiltaka
  • Å utvikle og styrke barnet/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve meistring i staden for å unngå situasjonar. Motorisk trening kan vere aktuelt  individuelt eller i gruppe.
  • Rettleiing til føresette og barnehage/skule i korleis ein kan tilrettelegge for at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring i ulike aktivitetar som fritidsaktivitetar og gym.
  • Funksjonstrening i aktivitetar i dagleglivet, som påkledning og måltid.
  • Tilrettelegging av fysisk miljø og aktivitetar.
  • Hjelpe pasient og/eller pårørande å søke om, og gi opplæring i bruk av, tekniske hjelpemiddel til vanskar med struktur og tidsforståing, og andre enklare tiltak.

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager bør ein kople på andre kommunale tenester som kan kartlegge vanskane barnet/ungdommen har, og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen eller fastlege. Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen eller psykolog i kommunen som sender tilvising. Det er viktig at fysio- og ergoterapitenesta legg ved beskriving av kontakten dei har med barnet/ungdommen, og dei vurderingane tenesta har gjort.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av det førebyggande og helsefremmande arbeidet til kommunen. Tenesta samarbeider med barnehage, skule, helsesjukepleiar, PPT, psykisk helseteneste og fastlege. Instansar utanfor kommunen kan vere habiliteringsteneste, barneavdeling og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om dette her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

 

 

Barnevern​teneste

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Den viktigaste rolla til barnevernet er å sikre at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Tenesta gir hjelp og støtte til barn, unge og familiar som har det vanskeleg, og set inn hjelpetiltak ved behov. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn eller ein ungdom.

Som del av kartlegginga skal barnevernet vurdere om barnet/ungdommen har psykiske helseplager som treng oppfølging frå andre tenester. Barn og ungdom som får oppfølging frå barnevernet, har høg risiko for psykiske helseplager. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging. Kartlegginga kan innehalde:

  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og kva som skal til for å skape endring
  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet/ungdommen har,  og hjelpebehov
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, og kor lenge dei har vart
  • Om vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette            
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Søvnvanskar
  • Sjølvskading og sjølvmordstankar
  • Bruk av sosiale media og spel
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for vidare kartlegging. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer. I kartlegginga bør ein vere særleg merksam på samspelsvanskar i familien og teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein tiltaksplan saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Det kan vere krevjande for føresette når barn/ungdom har store vanskar med merksemd og uro. Barneverntenesta har ei viktig støttande rolle for familien og kan rettleie føresette. Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barneverntenesta er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Fritidskontakt
  • Familiesamtaler og familierådslag
  • Familieterapi
  • Tryggingsplan
  • Oppfølging frå miljøterapeut/miljøarbeidar
  • Samarbeidsmøte med instansane familien er i kontakt med
  • Fosterheim/barneverninstitusjon dersom det er alvorleg omsorgssvikt, og der hjelpetiltak ikkje har hatt eller har effekt på omsorgssituasjonen til barnet.

Tiltaka frå barnevernet og tiltaksplanen blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen, for eksempel stafettlogg i BTI-kommunar. Korleis og kven som skal vere med på denne evalueringa, må vere avtalt med barnet/ungdommen og føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

  • Tilbakemeldingar frå barnet/ungdommen og føresette
  • Tilbakemeldingar frå andre instansar
  • Status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet/ungdommen
  • Vidare ansvar og oppgåvedeling

​Tilvising til andre tenester

Ved behov for kartlegging eller behandling av psykiske helseplager må barneverntenesta sikre at barnet/ungdommen får rett helsehjelp, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk helse og rus hos barn og unge - Helsedirektoratet. Barnevernet bør innkalle barnet og familien til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal barnevernet sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Samarbeid med andre tenester

Barneverntenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke (Barnevernloven §3.2).

Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT, fastlege, psykisk helseteneste og BUP. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Oppfølging av barn og unge er i barnevernet basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 15 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Barneverntenesta skal i alle delar av ei undersøking snakke med barnet, orientere om kva dei vurderer og lytte til kva barnet sjølv tenker er tenleg. Alle som snakkar med barneverntenesta, kan ha med seg ein person dei har tillit til. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. Dersom undersøkinga avdekker særlege behov i familien eller barnet har utvikla alvorlege åtferdsvanskar, får familien tilbod om frivillige hjelpetiltak. Fylkesnemda kan når det er naudsynt og foreldra ikkje vil samtykke, pålegge hjelpetiltak jf. lov om barneverntenester § 4-3.

Koordinerand​e eining

Kartlegging ved koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresatte si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.

Medverking og samtykke

Brukar/pårørande kan sjølv velje om dei berre ønsker koordinator eller individuell plan. Barnet/ungdommen/føresette sitt ønske om kven som skal vere koordinator, skal bli lagt vekt på når det blir oppnemnt koordinator i kommunen.

Når brukar/føresette søker om IP/koordinator, skal det sendast eit svarbrev på tilvisinga. Vurderinga kan klagast på ved å sende skriftleg klage til tenesta som har svart på søknaden. Søknaden blir då vurdert på nytt, og om klagen ikkje får medhald, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 for endeleg avgjerd.

Les meir her: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/rehabilitering-habilitering-individuell-plan-og-koordinator/individuell-plan-og-koordinator/om-individuell-plan-og-koordinator-formal-og-rettigheter

 

Psykisk helsevern for barn og ​​unge (BUP)

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med pakkeforløpet Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling. I tråd med pakkeforløpa skal BUP gjere ei grunnleggande utgreiing som kan bestå av:

  • Samtaler med barn og/eller føresette for å kartlegge:
    • Oppleving av vanskane, forventningar, behov og ønske om hjelp
    • Ressursar, styrkar og interesser - Symptom, vanskar, funksjon
    • Psykisk status
    • Sjølvmordsfare
    • Behov for umiddelbare tiltak, eventuelt behov for kriseplan.
  • Anamnese for å kartlegge
    • Tilknyting
    • Utvikling i spe- og småbarnsalder
    • Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • Psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • Ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
    • Den psykiske og somatiske helse til barnet og førsette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Standardiserte intervju eller skjema for å kartlegge psykiske plager
  • Traumekartlegging

Ved behov gjennomfører BUP ei utvida utgreiing. Utgreiing av merksemdsvanskar og uro hos barn og unge bør vere omfattande og inkludere både medisinsk og psykososial utviklingshistorie. Utgreiinga kan innehalde:

  • Kartlegging av symptom på ADHD ved standardiserte kartleggingsverktøy/intervju
  • Diagnostisk intervju med pasient
  • Somatisk legeundersøking og supplerande medisinske undersøkingar ut frå indikasjon
  • Observasjon i barnehage/skule og samtale med pedagog/lærar dersom dette ikkje allereie er gjennomført av PPT
  • Vurdering av kognitive evner
  • Kartlegging av rusmiddel og rusmiddelavhengigheit
  • Søvnkartlegging
  • Ved mistanke om tilleggsvanskar relatert til språk eller hukommelse, hjerneorganiske tilstander eller nevrologiske utfall kan ein tilvise pasient til nevropsykologisk vurdering.

Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. ADHD-diagnosen er aktuell når eit tilstrekkeleg antal symptom på merksemdsvanskar og/eller impulsivitet/hyperaktivitet har vore til stades over tid, har oppstått i barndommen, fører til betydelege problem i kvardagen og ikkje kan forklarast ut frå andre diagnosar eller forhold.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet/ungdommen. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om utgreiinga og den eventuelle diagnosen. Ein gjennomgår konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen i samtale og drøfter behovet for vidare oppfølging/behandling. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre instansar etter samtykke frå dei føresette eller ungdom over 16 år.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Behandlar samarbeider med barnet/ungdommen og/eller føresette om å utarbeide ein behandlingsplan som oppsummerer planlagte tiltak. Mål med behandlinga er å redusere konsentrasjonsvanskar og uro, auke funksjon og livskvalitet i kvardagen, legge til rette for best mogleg utvikling og hindre utvikling av andre lidingar.

Ved ADHD, kan følgande behandlingstiltak vere aktuelle:

  • Diagnoseformidling og opplæring til barnet/ungdommen og føresette, og utvida familie/søsken/nettverk
  • Rettleiing og opplæring til føresette: infokurs, nettverkskurs og programbasert rettleiing
  • Informasjon om diagnosen til skule, og eventuelt rettleiing ved indikasjonbehandling med legemiddel er førstevalet i behandling av barn og unge med alvorlege funksjonsvanskar
  • Individuelt samtaletilbod til barnet/ungdommen ved behov, særleg aktuelt ved andre samtidige psykiske plager som angst, depresjon e.l.
  • Råd om søvn
  • Informasjon om relevante hjelpetiltak og rettar
  • Informasjon om diagnosen til barnehage/skule

Tiltaka ska bli evaluert løpande i samtaler med barnet/ungdommen og føresette. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall.

Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet/ungdommen, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet/ungdommen. BUP må derfor samarbeide tett med dei tenester som er involvert rundt barnet/ungdommen og familien.

Ved ADHD vil sentrale samarbeidspartnarar vere barnehage/skule, PPT, fastlege, helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen, fysio-/ergoterapiteneste og barnevernteneste.

BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet/ungdommen/familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat bli lagt ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. Ungdom over 16 år skal sjølv samtykke til både utgreiing og behandling i BUP. Yngre barn har rett til å uttale seg om helsehjelpa både før tilvising og ved oppstart av behandling. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om dette her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

Tilvising til BUP krev informert samtykke frå begge føresette med foreldreansvar for barn og ungdom under 16 år. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. ​