HELSENORGE

Spisevanskar og spiseforstyrring

Alvorlege spiseforstyrringar er sjeldne, men kan ha alvorlege konsekvensar. Det er derfor viktig med førebygging og tidlege tiltak. 



​Mange barn har periodar der dei et lite eller selektivt, utan at det blir eit problem. Dersom det varer over tid og barnet ikkje får dekka næringsbehovet sitt, kan det vere teikn på eit meir alvorleg spiseproblem.

Misnøye med eigen kropp og slankeåtferd er vanleg blant ungdom. Vi snakkar først om spiseforstyrringar når mat, kropp og vekt blir opplevd som viktigare enn alt anna, slik at det styrer tankar, følelsar og oppførsel og går utover korleis ein fungerer i kvardagen.

Det finst i dag gode behandlingstilbod for denne type vanskar. Lette spisevanskar kan behandlast i kommunen. Mistanke om spiseforstyrringar gir rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

​Les meir om spiseva​​nskar hos sped- og småbarn

Spisevanskar hos barn er kjenneteikna av at barnet har vanskar med å ete eller drikke det som er nødvendig for å dekke næringsbehovet sitt. Vanskane syner seg ved at barnet har eit anstrengt forhold til mat eller måltid, eller at dei vegrar seg for å ete. Barn kan då utvikle eit veldig selektivt eller sært etemønster. Andre barn kan ha munn- og svelgmotoriske vanskar som gjer det vanskeleg å ete. Spisevanskar kan også oppstå i samband med medisinske komplikasjonar i nyføddperioden, sjukdommar i mage og tarmkanalen, eller ved utviklingsforstyrringar som autisme eller ADHD.

Spisevanskar hos barn kan ein dele inn i tre kategoriar. Barn kan ha ein eller fleire av desse vanskane;

  • vanskar relatert til mengde: at barnet et lite eller vegrar seg for å ete
  • vanskar relatert til konsistens: at barnet har vanskar med å tygge eller svelge mat som andre på same alder meistrar
  • vanskar relatert til variasjon: at barnet er svært kresent eller sær når det kjem til mat

Nokre spisevanskar er forbigåande, mens andre kan vare over tid, i enkelte tilfelle gjennom heile livet. Nokre gonger veit ein kvifor barnet har vanskar med mat, andre gonger er det vanskeleg å vite årsaka. Vanskane kan vere relatert til psykososiale belastningar eller til utfordringar i samspelet mellom barn og foreldre. Vanskane kan vere avgrensa, eller dei kan vere eit resultat av somatiske, motoriske, emosjonelle, sosiale og ernæringsmessige faktorar som verkar saman.

I alvorlege tilfelle kan spisevanskar verke inn på humøret, konsentrasjonen og energinivået til barnet og føre til vekttap eller manglande vektauke. Spisevanskar kan òg føre til store samspelsutfordringar i familien og verke inn på korleis barnet utviklar seg og fungerer på fleire livsområde. Det er derfor viktig med tidlege tiltak og hjelp.

Les meir her: Spisevansker | Knappen Foreningen

 

Les meir om spisefo​rstyrringar hos eldre barn og ungdom

Barn og unge kan ha enkelte teikn på spiseforstyrringar og treng ikkje ha alle. Grensa mellom eit problematisk forhold til mat, kropp og vekt og det å ha spiseforstyrring er glidande. Det er normalt å ha periodar der ein ikkje er fornøgd med kroppen sin, slurvar med maten eller tenker ekstra mykje på «rett» kosthald. Vi snakkar først om spiseforstyrring når mat, kropp og vekt blir opplevd som viktigare enn alt anna, slik at det styrer tankar, følelsar og oppførsel og går ut over korleis ein fungerer i det daglege.

Spiseforstyrringar er ei gruppe psykiske lidingar med symptom som handlar om forholdet til mat, kropp og vekt. Det er ulike typar spiseforstyrringar, som anoreksi, bulimi og tvangseting. Både gutar og jenter kan få det. Spiseforstyrringar er farleg og kan påverke både den psykiske og fysiske helsa.

Nokre vanlege teikn på spiseforstyrring kan vere:

  • Vekttap eller manglande vektauke
  • Opptatt av kropp og vekt
  • Oppkast etter måltid
  • Endring av matvanar, som å unngå måltid eller visse mattypar, eller ete store mengder mat
  • Stress og skuld etter å ha ete
  • Trening prega av stress og tvang
  • Forakt for eigen kropp eller utsjånad
  • Humørsvingingar og konsentrasjonsvanskar

Spisevanskar har, som dei fleste psykiske vanskar, samansette årsaker. Både genetiske faktorar og miljøfaktorar kan påverke utvikling og vedlikehald av vanskane. For eksempel kan krenkingar som seksuelle overgrep, ulike psykososiale belastningar eller periodar med stress utløyse eller forverre plagene.

Sjølv om det er mykje ein ikkje veit om årsaksforholda, har ein god kunnskap om behandlingsmetodar for barn og ungdom. Dei fleste barn og unge som har spiseforstyrringar, blir heilt friske. Det er viktig å få hjelp så tidleg som mogleg.

Les meir her: Spiseforstyrrelser - helsenorge.no

Kven gjer kva​​​

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde​.

​Fast​lege

Kartlegging ved spisevansker og spiseforstyrringar

Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse gjennom direkte undersøking av barnet/ungdommen og samtaler med føresette. Kartlegginga vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Symptoma til pasienten og omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
    • symptomdebut og utløysande årsak
    • sjølvbilde og kroppsbilde
    • etevanar og matinntak
    • vektreduserande åtferd som slanking, oppkast eller overdriven trening
    • overspising eller tap av kontroll over matinntak
    • symptom på andre psykiske lidingar inkludert reguleringsvanskar på andre område (følelsar, søvn, uro)
    • sjølvskading og sjølvmordrisiko
    • barnet/ungdommen si forståing av utfordringa og behov
  • Medisinsk sjukehistorie og grundig somatisk status:
    • vekt/høgde (KMI), eventuelt vekttap og vektutvikling (percentilskjema)
    • blodtrykk, puls og relevante laboratorieprøvar
    • menstruasjon, regelmessigheit og eventuelt fråvær
    • EKG ved lav eller uregelmessig puls
    • somatiske, motoriske og sensoriske forhold som kan ha samanheng med spisevanskane
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasienten
    • ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
    • føresette si forståing av utfordringane til barnet og deira ønske om hjelp
    • psykososiale belastningar
    • familiehistorie og førekomst av psykiske lidingar i familien
  • Informasjon om kva tiltak og tenester som er prøvd ut

Tommelfingerregel ved vurdering av alvorsgrad av spiseforstyrringar er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap og om vanskane fører til funksjonstap i kvardagen. Ved tvil om grad av alvor bør ein konsultere BUP. Les meir her: Spiseforstyrrelser hos barn og unge under 23 år - Helsedirektoratet.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Ver òg merksam på at manglande matlyst og spisevanskar kan vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst og utviklingsvanskar. Det kan òg vere teikn på ein mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.


Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtaler med pasient og føresette. Vurder behov for dobbelttime.
  • Ved lettare spisevanskar kan kommunale tenester som helsestasjon og skulehelseteneste eller psykisk helseteneste tilby samtaler og foreldrerettleiing. Fastlegen bør informere om eller sette pasienten i kontakt med aktuelle tilbod. Sett eventuelt opp ny time med pasient og føresette for evaluering.
  • Ved mistanke om spiseforstyrring skal pasienten bli vist til BUP for utgreiing og behandling, jamfør Spiseforstyrrelser hos barn og unge under 23 år - Helsedirektoratet. Behandlinga i BUP skal starte innan 7 eller 28 dagar avhengig av alvorsgrad. I påvente av behandlinga bør fastlege sette opp snarleg oppfølgingstime for vurdering av somatisk status og rettleiing om regelbunde måltid og reduksjon av fysisk aktivitet.
  • Ved behov for snarleg hjelp må fastlege bruke tilbodet til BUP om rask vurdering/augeblikkeleg hjelp eller vurdere behov for innlegging i somatisk avdeling.
  • Dersom ein mistenker at alvorleg somatisk sjukdom ligg til grunn for spisevanskane, må fastlegen sende tilvising til barneavdelinga.

Dersom ein ikkje ser betring eller symptom blir forverra, må fastlege ta kontakt med BUP.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP. Oppsummeringar frå andre instansar kan bli sendt som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det anbefalast òg at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov.

Ved mistanke om spiseforstyrring bør tilvisinga innehalde informasjon om somatisk status, vektutvikling, noverande vekt og høgde samt blodtrykk, puls og resultat av blodprøver. Kartlegginga kan skje i samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta og det blir anbefalt at vektkurver blir lagt ved tilvisinga.

​Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging. Ved behandling i BUP er det viktig at ansvar for somatisk oppfølging blir avklart.

Dei mest aktuelle samarbeidspartnarane ved spiseforstyrringar vil vere helsestasjon og skulehelsetenesta og BUP. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøte dersom pasient/føresette sett opp time hos fastlegen i aktuelt tidsrom.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. Rolle som koordinator bør fyllast av instansar som skal følge barnet over tid.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. Ved spiseforstyrringar er det vanleg at barnet/ungdommen sjølv ikkje erkjenner problemet eller er ambivalent til å få hjelp. Ein må bruke tid på å motivere han/ho til å ta imot hjelp. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Ved bekymring for somatisk eller psykisk helse kan helsepersonell ha informasjonsplikt til føresette også når ungdom er over 16 år. Ungdommen må få informasjon om vurderinga og få påverke korleis informasjonen blir gitt.

Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen.

 

Helsestasjon og skuleh​​elseteneste

​Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Helsestasjon og skulehelsetenesta skal så tidleg som mogleg fange opp barn og unge med psykiske helseplager. Ved mistanke om psykiske vanskar bør helsestasjonen/skulehelsetenesta kartlegge vanskane gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I kartlegginga bør ein utforske symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet/ungdommen.

Helsestasjon og skulehelsetenesta har ei viktig rolle i å oppdage barn og ungdom med spiseforstyrringar på eit tidleg tidspunkt og sikre at dei får nødvendig oppfølging. Barn og ungdom som utviklar spiseforstyrringar ser sjeldan sjølv at dei har eit problem, ofte er det føresette, lærar eller medelevar som reagerer først. Det er ofte helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga.

Ved spisevansker hos små barn bør ein i samtale med barnet og føresette og kartlegge faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, og kor lenge dei har vart
  • Trivsel, humør og venneforhold
  • Styrkane og ressursane til barnet/ungdommen                                                                                                                    
  • Etemønster og måltidsrytme
  • Korleis dei fungerer i barnehage, heime og sosialt
  • Familieforhold, psykisk og fysisk sjukdom i familien og familiekonfliktar
  • Psykososiale belastningar
  • Somatiske, motoriske og sensoriske forhold som kan ha samanheng med spisevanskane
  • Reguleringsvanskar på andre område (følelsar, søvn, uro, sansemotorisk
  • Vekt og høgdemål (KMI/percentilskjema)

Ved spisevanskar hos eldre barn og ungdom bør kartlegginga inkludere faktorar som:

  • Korleis plagene arter seg, og kor lenge dei har vart
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet/ungdommen og deira ønske om hjelp
  • Sjølvbilde, identitet og trivsel
  • Styrkane og ressursane til barnet/ungdommen
  • Haldningar til kropp og utsjånad
  • Måltid og måltidsrytme
  • Vektreduserande åtferd som slanking, oppkast eller overdriven trening
  • Bruk av mat for å regulere følelsar
  • Overspising eller tap av kontroll over matinntak
  • Vekt og høgdemål (KMI/percentilskjema) og eventuelle vektendringar
  • Menstruasjon, regelmessigheit og eventuelt fråvær
  • Fagleg funksjonsfall
  • Fråvær frå skulen og eventuelt fråvær i gymtimar
  • Familieforhold, økonomi, psykisk og fysisk sjukdom i familien

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det bli gjort ei vurdering av kor alvorlege symptoma er og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Tommelfingerregel ved vurdering av alvorsgrad er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap og om vanskane fører til funksjonstap i kvardagen. Ved tvil om grad av alvor bør ein konsultere BUP.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Ver òg merksam på at manglande matlyst og spisevanskar kan vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst og utviklingsvanskar. Det kan òg vere teikn på ein mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette og skal tilvise til andre tenester ved behov.

Ved lettare spisevanskar kan tiltak frå helsesjukepleiar vere:

  • Samtaler med barnet/ungdommen med vekt på å styrke sjølvfølelse, meistring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp eller Hei-spelet
  • Rettleiing til føresette rundt aktuelle tema, som korleis dei skal forstå og handtere vanskane til barnet/ungdommen, eller løyse utfordringar i familien
  • Rettleiing om matinntak, kosthald og fysisk aktivitet. Eventuelt vektkontrollar ved behov.

Ved mistanke om alvorlege spiseforstyrringar bør barnet/ungdommen tilvisast til BUP. Tiltak frå helsestasjon og skulehelsetenesta vil då vere:

  • Informere og involvere føresette i dialog med barnet/ungdommen
  • Kontakte fastlege for gjennomføring av somatisk undersøking og vurdering av tilvising til BUP
  • Ta kontakt med BUP ved behov for drøfting av alvorsgrad og tiltak
  • Samtaler med barnet/ungdommen og føresette i påvente av oppfølging frå BUP
  • Samarbeide med skule om tiltak og tilrettelegging i kvardagen
  • Delta i samarbeidsmøte med BUP og vere ei støtte i samarbeidet mellom skule og BUP

Tiltaka bør bli evaluert i samtaler med barnet/ungdommen og føresette, og i dialog med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evalueringa bør gjerast i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Dersom betring uteblir eller symptom blir forverra, må ein kople på fastlege eller andre aktuelle fagpersonar i kommunen for vurdering og drøfting av tiltak. 

Tilvising til andre tenester

Dersom tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg, må helsesjukepleiar samarbeide med eller tilvise til andre kommunale tenester som psykisk helseteneste eller kommunepsykolog som kan kartlegge vanskane, og gi behandling ved milde til moderate vanskar.

Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med barn/ungdom og føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon/skulehelseteneste bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan bli sendt som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Ved mistanke om alvorlege spiseforstyrringar er det viktig å få til eit samarbeid med fastlege om tilvising, då fastlegen har ansvar for vurdering av somatisk helse. Vektpercentilar bør bli sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Helsesjukepleiar har ofte ei sentral rolle for å sikre samarbeid og informasjonsflyt mellom ulike tenester, og særleg mellom barnehage/skule og helsetenestene.

Ved spiseforstyrringar vil dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vere fastlege, kommunal psykisk helseteneste, BUP og fysio-/ergoterapiteneste. Helsesykepleiar kan støtte opp om behandlinga ved BUP ved å ha samtaler med barnet/ungdommen eller føresette. Då er det viktig at roller og ansvar er avklart. Helsesjukepleiar bør samarbeide med barnehagen/skulen og eventuelt PPT ved behov for tilrettelegging av opplæringa. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte kring barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Helsesjukepleiar er ofte koordinator for individuell plan. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om rettane til medverking her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Ved spiseforstyrringar er det vanleg at barnet/ungdommen sjølv ikkje erkjenner problemet eller er ambivalent til å få hjelp. Ein må bruke tid på å motivere han/ho til å ta imot hjelp.

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld. Ved bekymring for somatisk eller psykisk helse kan helsepersonell ha informasjonsplikt til føresette også når ungdom er over 16 år. Ungdommen må få informasjon om vurderinga og få påverke korleis informasjonen blir gitt.

 

 

Barnehage

Kartlegging ved spisevanskar

Barnehagen skal fange opp teikn som gir grunn til uro, for eksempel manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Ved uro for eit barn skal barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette for å få tak i deira forståing av utfordringane til barnet. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. Ved behov for vidare kartlegging og drøfting ber ein om samtykke til det.

Kartlegginga kan innehalde:

  • Observer barnet i måltidssituasjonar. Legg merke til om barnet har lite matlyst eller eit selektivt etemønster.
  • Kartlegg faktorar som kan påverke etemønsteret til barnet, som uro, mistrivsel eller negativt samspel med andre barn.
  • Legg merke til fysiske teikn som energitap, brekningar, oppkast, vekttap eller manglande vekst.
  • Observer barnet i samspel og leik med andre barn og vaksne, i felles aktivitet og samlingsstund,
  • Snakk med barnet for å få tak i barnet si eiga oppleving av utfordringa (ikkje aktuelt for dei aller yngste).
  • Kartlegg og vurder den generelle utviklinga, språket og kommunikasjonen til barnet.                                                       
  • Ved tvil om alvorsgrad kan ein, med samtykke frå føresette, drøfte saka i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen og be aktuelle kommunale instansar om hjelp til vurdering av vanskane og vidare tiltak.

Tommelfingerregel for vurdering av spisevanskar er om barnet får i seg tilstrekkeleg næring til å dekke næringsbehovet sitt. Barnehagebarn kan ha periodar der dei har mindre matlyst eller eit selektivt kosthald utan at det er problematisk. Det er først når barnet har vedvarande vanskar med mat og ikkje får dekka næringsbehovet sitt, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Ver òg merksam på at manglande matlyst og spisevanskar kan vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst og utviklingsvanskar. Det kan òg vere teikn på ein mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Barnehagen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får rask hjelp og nødvendige tiltak.

I barnehagen kan aktuelle tiltak vere:

  • Pedagogiske tiltak for å sikre tryggleik og inkludering.
  • Samtaler med barnet.
  • Samtale og rettleiing til føresette ved behov.
  • Legg til rette for ro, tryggleik og gode samtaler under måltida. Ver merksam på kvar barnet blir plassert i rommet, og med kven.
  • Fleksibilitet når det kjem til hyppigheit, tidsbruk og type mat (konsistens, varm/kald mat eller kulturelle forhold).
  • Ekstra vaksenstøtte i måltid eller andre situasjonar barnet treng det
  • Kontakte PPT for rettleiing. PPT kan hjelpe barnehagen i kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt også rettleiing av medarbeidarar i barnehagen.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp (§31), skal kommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse). Det skal også bli utarbeidd ein individuell utviklingsplan (IUP) som sikrar at barnet får eit likeverdig tilbod.

Tiltaka i barnehagen bør bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i dialog med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Ved alvorlege spisevanskar er det viktig at barnehagen melder frå til ansvarleg helseteneste dersom ein ikkje ser betring eller tilstanden blir verre.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Etter kartlegging vurderer PPT behov for spesialpedagogisk hjelp.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon, psykisk helseteneste eller fysio- og ergoterapiteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

Ved alvorlege spisevanskar vil barnet trenge tilrettelegging og tiltak i barnhagen. PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd og rettleiing om tiltak i barnehagen. Ved spisevanskar vil dei mest aktuelle samarbeidsinstansane vere helsestasjon, fastlege, kommunal psykisk helseteneste og BUP. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå korleis barnet opplever vanskane, og behovet det har for hjelp, ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Barnehagen skal legge til rette for samarbeid med føresette, sørge for at dei får nødvendig informasjon, og at dei får moglegheit til å påverke kvardagen til barnet i barnehagen. Retten til medverknad blir sikra ved at føresette får ta del i alle avgjerder og blir involvert i alt samarbeid rundt barnet. Føresette skal alltid samtykke før barnehagen fattar vedtak om og gir spesialpedagogisk hjelp.

 

 

Skule

​Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Ved bekymring for ein elev si psykiske helse og utvikling, speler skulen ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Teikn på psykiske helseproblem kan vere manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, endra åtferd eller at eleven ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksam på teikn og signal på manglande trivsel hos eleven. Skulen må samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får hjelp.

Barn og ungdom som utviklar spisevanskar ser sjeldan sjølv at dei har eit problem, eller dei prøver å skjule det. Det er ofte føresette eller lærarar som reagerer først. Skulen har derfor ei viktig rolle i å oppdage tidlege teikn på at eleven har utvikla spisevanskar.

For å avklare om det er grunn til bekymring kan kartlegginga innehalde:

  • Observer og legg merke til teikn på spisevanskar.
    • Hos barn i småskulen bør ein særleg legge merke til om barnet har eit avvikande etemønster, har lite energi og ikkje utviklar seg fysisk som forventa.
    • Hos barn i storskulen eller ungdomsskulen kan synlege teikn på spiseforstyrringar vere
      • endringar i forholdet til mat; eleven et mindre, pirkar i maten, er opptatt av å vere sunn og av kaloriar, eller går på toalett rett etter måltid
      • fysiske teikn: rask vektnedgang, at eleven frys eller svimar av
      • åtferdsendringar, som sosial tilbaketrekking og tap av interesse
      • faglege endringar, som konsentrasjonsvanskar, fagleg funksjonsfall eller at eleven endrar åtferd i gym og fysisk aktivitet
  • Snakk med eleven og sett ord på det du har observert. Ver tydeleg og open om kva som gjer deg bekymra. Det er vanleg at eleven avviser at han/ho har eit problem. Utforsk korleis eleven forstår sin eigen situasjon, og om han/ho har ønske om hjelp. Informer eleven om at det er viktig at føresette får informasjon, og avtal om eleven sjølv eller du skal snakke med føresette. 
  • Ta opp bekymring i samtale med føresette så raskt som mogleg. Innhent samtykke til vidare drøfting og tiltak.
  • Drøft bekymringa med skuleleiing/støtteapparat¸ skulen sitt tverrfaglege team eller andre etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon. Ein kan drøfte sak med PPT eller andre støttetenester etter samtykke frå føresette.

Det er ikkje skulen sitt ansvar å vurdere alvorsgrad av psykiske helseplager. Om ein blir bekymra for at ein elev har utvikla spiseforstyrringar, bør ein drøfte bekymringa med helsesjukepleiar og be han/ho om bistand i vurderinga.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Ver òg merksam på at manglande matlyst og spisevanskar kan vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst og utviklingsvanskar. Det kan òg vere teikn på ein mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegging gjennomfører skulen ny samtale med elev og/eller føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak på skulen og heime.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak.

Dersom ein elev viser teikn på spisevanskar/-forstyrring, bør ein sette inn tiltak så raskt som mogleg. Lærar skal ikkje ta på seg ei terapeutisk rolle eller ha ansvar for å vurdere alvorsgrad. Dette ansvaret ligg hos helsetenesta.

Aktuelle tiltak for skulen kan vere å:

  • Kople på helsesjukepleiar og/eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering av behov for tilvising til BUP.
  • Legge vekt på ressursane og moglegheitene til eleven og skape eit trygt og godt miljø i klassen.
  • Legge til rette skulesituasjonen ut frå behov (matsituasjonar, sosiale situasjonar, reduksjon av faglege krav, tilrettelegging av gym og svømmeundervisning).
  • Samarbeide med eleven, føresette og helsesjukepleiar om oppfølginga og tiltak. Ved meir alvorlege tilstandar bør skulen samarbeide med BUP. Avklar kven som har ansvar for kva.
  • Drøfte sak med PPT dersom eleven har langvarig skulefråvær.
  • Ved alvorlege spiseforstyrringar kan det vere aktuelt å informere medelevar om situasjonen og gi litt generell informasjon om spiseforstyrringar. Avtal med eleven og føresette kva som skal seiast.

Tiltaka på skulen bør bli evaluert jamleg: internt på skulen, i dialog med eleven og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Eleven bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. I tilfelle der eleven får spesialundervisning, skal skulen evaluere opplæringstilbodet og eventuelt justere IOP ved behov.

Ved alvorlege spiseforstyrringar er det viktig at skulen melder frå til ansvarleg helseteneste dersom ein ikkje ser betring eller tilstanden blir verre.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialundervisning. Ved mistanke om manglande utbytte av opplæring og ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan skulen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør ein kople på aktuelle instansar som skulehelseteneste eller psykiske helseteneste i kommunen for vidare kartlegging og vurdering. Det er oftast helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og koplar på andre instansar ved behov. Om det er behov for tilvising til BUP, er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som står for utgreiing og vurdering. Skulen bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, som kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Skulen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar gjort på skulen, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan skulen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

Alvorlege spisevanskar fører ofte til fråvær frå skulen og behov for tilrettelegging i periodar. Det er viktig at skulen samarbeider med dei som gir behandling. Skulen bør samarbeide med helsesjukepleiar om kartlegging og vurdering av behov for oppfølging. Helsesjukepleiar har ofte ei sentral rolle for å sikre samarbeid og informasjonsflyt mellom skulen og BUP. Ved behandling i BUP bør skulen vere med i samarbeidsmøte om eleven. Dersom spisevanskane går utover korleis eleven fungerer på skulen eller særleg fører til langvarig skulefråvær, må skulen drøfte med PPT om det er behov for kartlegging.

Andre sentrale samarbeidspartnarar vil vere fastlege og kommunal psykisk helseteneste. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio- og ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Skulen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt eleven. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. For elevar med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom klassetrinn og skulebyte.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Samarbeid skulen har med andre tenester må alltid vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 15 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad bli sikra, ved at eleven får informasjon og får uttale seg før alle avgjerder. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Ved spiseforstyrringar er det vanleg at barnet/ungdommen sjølv ikkje erkjenner problemet eller ikkje vil involvere føresette. Ved bekymring for somatisk eller psykisk helse kan skulen ha informasjonsplikt til føresette. Ungdommen må få informasjon om vurderinga og få påverke korleis informasjonen blir gitt.

Dei føresette er dei viktigaste omsorgspersonane til eleven og har hovudansvar for utviklinga og oppdraginga til barnet/ungdommen. Skulen har ansvar for å legge til rette for samarbeid med føresette, sørge for at dei får nødvendig informasjon, og at dei får moglegheit til å påverke kvardagen til eleven i skulen. Føresette skal alltid samtykke før skulen fattar vedtak om og gir spesialundervisning.

 

 

 

Pedagogisk psykol​​ogisk teneste (PPT)

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka med PPT før det eventuelt blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

PPT er ikkje primær hjelpeteneste ved spisevanskar, men bør bli kopla inn dersom vanskane går utover opplæringssituasjonen eller fører til langvarig fråvær. I tilviste saker kan kartlegging i PPT innehalde:

  • Innhente informasjon frå barnehage/skule gjennom samtaler og pedagogisk rapport.
  • Samtale med barnet/ungdommen for å få tak i eleven si oppfatning av utfordringa, behov og ønske om hjelp.
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen og ønske om hjelp.
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen.
  • Teikn på spisevanskar og om symptoma påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i barnehage/skule.
  • Om spisevanskane påverkar opplæringssituasjonen og eventuelle lærevanskar.
  • Observasjon av og samtale med barnet/ungdommen i barnehage/skule.
  • Kartlegging av korleis barnet/ungdommen fungerer generelt, utviklingsnivå og korleis barnet/ungdommen fungerer kognitiv.
  • Innhenting av opplysningar frå aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år

Ut frå kartlegginga skal PPT vurdere om spisevanskane påverkar barnet/ungdommen i opplæringssituasjonen og om han/ho har krav på spesialpedagogisk hjelp. Tommelfingerregel for vurdering av alvor er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som vekttap eller manglande utvikling, og om vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i kvardagen.

Ver særleg merksam på at spisevanskar også kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen eller på skulen, belastningar i familien eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, barnehage-/skulemiljø og familieforhold i kartlegginga av vanskane.

Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Rolla til PPT er å støtte barnehage og skule med tilrettelegging av det pedagogiske tilbodet for barn og ungdom med særskilte behov. PPT kan hjelpe barnehagen/skulen med kompetanse- og organisasjonsutvikling og gi rettleiing og råd i enkeltsaker og på systemnivå. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet/ungdommen har spesialpedagogiske behov, skal kommunen fatte enkeltvedtak og barnehagen/skulen utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan rettleie barnehagen/skulen ved behov.

Dersom eit barn eller ungdom utviklar spisevanskar/-forstyrringar bør det bli sett inn tiltak så raskt som mogleg. Helsetenesta har hovudansvar for oppfølging ved spisevanskar, men PPT kan bidra med følgande:

  • Anbefale at barnehagen/skulen koplar på helsesjukepleiar og/eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering av behov for tilvising til BUP
  • Rettleie barnehage/skule om korleis dei skal legge til rette i opplæringssituasjonen
  • Vurdere om det er behov for sakkunnig vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.

Tiltaka frå PPT bør bli evaluert jamleg: i faste møte med barnehagen/skulen, i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Barnet/ungdommen bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet/ungdommen får spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet/ungdommen.

Om ein ikkje ser betring eller tilstanden blir verre og ein blir bekymra for den fysiske eller psykiske helsa til barnet/ungdommen, er det viktig at barnehage/skulen eller PPT melder frå til ansvarleg helseteneste.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager, skal PPT i samarbeid med barnehage/skule sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar bør PPT anbefale at barnet/ungdommen bli tilvist BUP. Ved behov for tilvising til BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester først. Psykolog i PPT har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. PPT kan legge ved ei beskriving av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i forkant av tilvisinga, og eventuell effekt av tiltaka.

Samarbeid med andre tenester

I det tverrfaglege samarbeidet er hovudoppgåva til PPT å støtte barnehagar/skular i arbeidet med å tilrettelegge for barn og unge med særlege behov slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa opplæringstilbod. Dersom spisevanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i barnehagen/skulen eller fører til langvarig fråvær, kan det vere behov for rettleiing eller vurdering frå PPT.

PPT kan ved behov samarbeide med tenester som gir oppfølging og behandling, som helsestasjon og skulehelseteneste, kommunal psykisk helseteneste, fastlegen og BUP. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.  

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. PPT kan ved behov delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. 

Medverking og samtykke

Elevar over 15 år, føresette, barnehagar, skular og andre tverrfaglege tenester kan ta kontakt med PP-tenesta for råd og rettleiing. Føresette eller ungdom over 15 år må samtykke til sakkunnig vurdering og til samarbeid med andre tenester. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon og får uttale seg vedrørande alle avgjersler som blir tatt. Les meir om dette her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 

Kommunale psykiske helsete​​​nester for barn og unge

Utgreiing og behandling av psykiske helseplager er ein del av kommunen sitt helse - og omsorgstilbod til barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge eller eit familiesenter som gir behandling. Andre har samla tenestene for barn og unge i ei barne- og familieteneste eller eit familiens hus. Tilbodet kan òg vere lagt til helsestasjon og skulehelsetenesta eller psykolog i kommunen. Felles for tenestene er at dei har ansvar for førebygging, oppfølging og behandling ved lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstforholda til barnet/ungdommen. Ved mistanke om spiseforstyrringar bør ein utforske breitt faktorar som:

  • Korleis plagene arter seg, intensitet og omfang, og kor lenge plagene har vart
  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane, og tankar om kva som må til for å skape endring
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen og ønske om hjelp
  • Korleis vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Sjølvbilde, identitet og trivsel
  • Styrkane og ressursane til barnet/ungdommen
  • Haldningar til kropp og utsjånad
  • Måltid og måltidsrytme
  • Vektreduserande åtferd som slanking, oppkast eller overdriven trening
  • Bruk av mat for å regulere følelsar
  • Episodar med overeting eller tap av kontroll over matinntak
  • Vekt og høgdemål (KMI/percentilskjema) og eventuelle vektendringar
  • Menstruasjon, regelmessigheit og eventuelt fråvær
  • Funksjonsfall i skulen
  • Fråvær frå skulen og eventuelt fråvær i gymtimar
  • Familieforhold, økonomi, psykisk og fysisk sjukdom i familien

 

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein vurdere kor alvorlege symptoma er og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Tommelfingerregel ved vurdering av alvorsgrad er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap og om vanskane fører til funksjonstap i kvardagen. Ved tvil om grad av alvor bør ein konsultere BUP.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Ver òg merksam på at manglande matlyst og spisevanskar kan vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst og utviklingsvanskar. Det kan òg vere teikn på ein mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og føresette og tilbyr oppfølging og behandling ved lette og moderate psykiske helseplager. Målet er at barn, ungdom og deira føresette skal få støtte og hjelp til å utvikle ei god psykisk helse og meistre eigen kvardag.

Psykisk helseteneste kan gje oppfølging til barn og unge med lettare spisevanskar. Aktuelle tiltak vil då vere:

  • Samtalar med barnet / ungdommen med fokus på å styrke sjølvfølelse, mestring og eigenomsorg
  • Mestringsverktøy som psykologisk førstehjelp
  • Rettleiing til føresette i aktuelle tema som korleis dei kan handtere barnet / ungdommen sine utfordringar, etablere meistringsstrategiar for utfordrandre situasjonar i kvardagen og få familien til å fungere betre saman
  • Familiesamtaler og familieterapi
  • Rettleiing om regelbundne måltider og aktivitet
  • Samarbeid med skule og føresette om støtte og tilrettelegging i kvardagen
  • Gruppetilbud til barn/ungdom dersom kommunen har slikt tilbod

Ved mistanke om meir alvorlege spiseforstyrringar bør barnet/ungdommen tilvisast BUP. Tiltak frå psykisk helseteneste vil då vere:

  • Gje informasjon og involver føresette i dialog med barnet/ungdommen
  • Avklar kva instansar som er involvert, innhent samtykke og etabler samarbeid med desse
  • Tilråd somatisk undersøking og vurdering hos fastlege

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT. 

Tiltaka kan også evaluerast ved å gjere ei  ny kartlegging av symptom. Dersom ein ikkje ser betring eller symptom blir forverra, er det tilrådd at ein så raskt som mogleg får i gang eit samarbeid med fastlege for vidare somatisk utgreiing og tilvising til BUP.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar, skal psykisk helseteneste sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane som barnet/ungdommen har, skal blir kartlagt i kommunale tenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste som vedlegg til tilvisinga.

Det er viktig at psykisk helseteneste følger opp barnet/ungdommen og føresette i påvente av oppfølging frå BUP.

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i kvardagen til barnet/ungdommen. Tenesta skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp.

Ved lette spisevanskar bør ein samarbeide med helsestasjon og skulehelsetenesta, som kan gjere vektkontrollar og rettleie når det kjem til måltid og aktivitet. Ved alvorlege spiseforstyrringar bør ein ha eit tett samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta, fastlege og BUP. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Psykisk helseteneste samarbeider med barnehage/skule om tiltak i kvardagen. Ved utfordringar i opplæringssituasjonen eller stort skulefråvær bør ein drøfte med skule og føresette om det kan vere behov for tilvising til PPT. Tilvising skal alltid drøftast med PPT først.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Ved spiseforstyrringar er det vanleg at barnet/ungdommen sjølv ikkje erkjenner problemet eller er ambivalent til å få hjelp. Ein må bruke tid på å motivere han/ho til å ta imot hjelp.

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld. Ved bekymring for somatisk eller psykisk helse kan helsepersonell ha informasjonsplikt til føresette også når ungdom er over 16 år. Ungdommen må få informasjon om vurderinga og få påverke korleis informasjonen blir gitt.

 

 

Fysio- og ergotera​​piteneste

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Spisevanskar hos barn og unge kan ha samanheng med somatiske, motoriske eller sensoriske forhold som bør bli kartlagt. Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av:

  • Barnet/ungdommen si forståing av eigne ressursar, utfordringar og behov for hjelp.
  • Føresette si vurdering av barnet/ungdommen sine ressursar, vanskar og hjelpebehov.
  • Barnehagen/skulen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen, og behov og ønske om hjelp.   
  • Generell helsefunksjon, anbefal eventuelt somatisk undersøking hos fastlege
  • Etemønster frå fødselen av og eventuelle endringar.
  • Måltidsrytme, matinntak, haldningar til mat.
  • Munnmotoriske vanskar som kan påverke spisevanskane.
  • Vekt/høgdemål, eventuell vektendring og tidsaspekt (opplysningar kan innhentast frå helsesjukepleiar).
  • Fysisk aktivitet, aktivitetsnivå og motoriske forutsetningar.
  • Vurdering av korleis barnet/ungdommen fungerer på andre område (generell utvikling, motorikk, sosialt, kognitivt).
  • Innhenting av relevante opplysningar frå andre tenester.

Ut frå kartlegginga skal ein gjere ei vurdering av spisevanskene, alvorsgrad og kva som kan vere nyttige tiltak. Ved mistanke om meir alvorlege spiseforstyrringar er det tilrådd å samarbeide med helsesjukepleiar og fastlege om kartlegging og vurdering av tiltak.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Ver òg merksam på at manglande matlyst og spisevanskar kan vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst og utviklingsvanskar. Det kan òg vere teikn på ein mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, mestring og deltaking i kvardagen. Ved spisevanskar hos både barn og ungdom kan aktuelle tiltak frå fysio- og ergoterapeutar vere:

  • Sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking og der ein aktivt involverer barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i måla og tiltaka
  • Rettleiing til barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i korleis dei skal legge til rette måltidssituasjonen (omgivnader og fysiske forhold)
  • Rettleiing i nødvendige endringar av måltidsrytme og måltidsstruktur
  • Tilrettelegging for helsefremmande fysisk aktivitet
  • Trening av munnmotorikk

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager bør ein kople på andre kommunale tenester som kan kartlegge vanskane barnet/ungdommen har, og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen eller fastlege. Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen eller psykolog i kommunen som sender tilvising. Det er viktig at fysio- og ergoterapitenesta legg ved beskriving av kontakten dei har med barnet/ungdommen, og dei vurderingane tenesta har gjort.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av det førebyggande og helsefremmande arbeidet til kommunen.

Tenesta samarbeider mest med dei tenestene som er nærmast barnet/ungdommen, som barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT og fastlege. Ein bør samarbeide med den tenesta som gir behandling til barnet/ungdommen. I spesialisthelsetenesta kan både BUP, habiliteringstenesta og barneavdeling vere aktuelle instansar.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

Ved bekymring for somatisk eller psykisk helse kan helsepersonell ha informasjonsplikt til føresette også når ungdom er over 16 år. Ungdommen må få informasjon om vurderinga og få påverke korleis informasjonen blir gitt.

 

Barnevernt​​​eneste

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Den viktigaste rolla til barnevernet er å sikre at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Tenesta gir hjelp og støtte til barn, unge og familiar som har det vanskeleg, og set inn hjelpetiltak ved behov. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn eller ein ungdom.

Som del av kartlegginga skal barnevernet vurdere om barnet/ungdommen har psykiske helseplager som treng oppfølging frå andre tenester. Barn og ungdom som får oppfølging frå barnevernet, har høg risiko for psykiske helseplager. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging. Kartlegginga kan innehalde:

  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og kva som skal til for å skape endring
  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet/ungdommen har,  og hjelpebehov
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, kor lenge dei har vart, og om dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid).
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Sjølvbilde og identitet, oppleving av stress og prestasjonskrav
  • Haldningar til mat, kropp og utsjånad
  • Vektreduserande åtferd som slanking, oppkast eller overdriven trening
  • Bruk av mat for å regulere følelsar
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Søvnvanar og endring i søvnmønster
  • Fagleg funksjonsfall eller skulefråvær
  • Teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt

Ved mistanke om spisevansker/-forstyrringar må barnevernet gjere ei vurdering av kor alvorlege symptoma er, og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Tommelfingerregel ved vurdering av alvorsgrad er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap, og om symptoma påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i kvardagen. Ved tvil om alvorsgrad bør ein konsultere fastlege eller BUP.

Ver særleg merksam på at spisevanskar  kan vere teikn på andre fysiske eller psykiske lidingar, belastningar i familien eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og familieforhold i kartlegginga av vanskane.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein tiltaksplan saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barneverntenesta er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Familiesamtaler og familierådslag
  • Fritidskontakt
  • Familieterapi
  • Tryggingsplan
  • Oppfølging frå miljøterapeut/miljøarbeidar
  • Samarbeidsmøte med dei forskjellige instansane som familien er i kontakt med
  • Fosterheim/barneverninstitusjon dersom det er alvorleg omsorgssvikt, og hjelpetiltak ikkje har effekt på omsorgssituasjonen til barnet

Tiltaka frå barnevernet og tiltaksplanen blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen, for eksempel stafettlogg i BTI-kommunar. Korleis og kven som skal vere med på denne evalueringa, må vere avtalt med barnet/ungdommen og føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

  • Tilbakemeldingar frå barnet/ungdommen og føresette
  • Tilbakemeldingar frå andre instansar
  • Status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet/ungdommen
  • Vidare ansvar og oppgåvedeling

Ved bekymring for somatisk tilstand er det viktig at barnevernet melder frå til fastlege eller ansvarleg helseteneste. Dersom ein ikkje ser betring eller symptom blir forverra, er det tilrådd at ein så raskt som mogleg får i gang eit samarbeid med fastlege for vidare somatisk utgreiing og tilvising til BUP.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for kartlegging eller behandling av psykiske helseplager må barneverntenesta sikre at barnet/ungdommen får rett helsehjelp, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk helse og rus hos barn og unge - Helsedirektoratet. Barnevernet bør innkalle barnet og familien til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal barnevernet sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Ved mistanke om spisevanskar/-forstyrringar bør fastlegen gjere ei somatisk undersøking før tilvising.

Samarbeid med andre tenester

Barneverntenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke (Barnevernloven §3.2).

Ved spisevanskar hos små barn vil helsestasjon, fastlege og PPT vere dei mest aktuelle samarbeidspartnarane. Dersom barnet har motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar. Ved spiseforstyrringar hos eldre barn og ungdom bør barnevernet samarbeide med skulehelseteneste, fastlege og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Oppfølging av barn og unge er i barnevernet basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 15 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Barneverntenesta skal i alle delar av ei undersøking snakke med barnet, orientere om kva dei vurderer og lytte til kva barnet sjølv tenker er tenleg. Alle som snakkar med barneverntenesta, kan ha med seg ein person dei har tillit til. Les meir om rettane til medverking her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. Dersom undersøkinga avdekker særlege behov i familien eller barnet har utvikla alvorlege åtferdsvanskar, får familien tilbod om frivillige hjelpetiltak. Fylkesnemda kan når det er naudsynt og foreldra ikkje vil samtykke, pålegge hjelpetiltak jf. lov om barneverntenester § 4-3.

 

 

Koordinera​​​nde eining

Kartlegging ved koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresatte si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.

Medverking og samtykke

Brukar/pårørande kan sjølv velje om dei berre ønsker koordinator eller individuell plan. Barnet/ungdommen/føresette sitt ønske om kven som skal vere koordinator, skal bli lagt vekt på når det blir oppnemnt koordinator i kommunen.

Når brukar/føresette søker om IP/koordinator, skal det sendast eit svarbrev på tilvisinga. Vurderinga kan klagast på ved å sende skriftleg klage til tenesta som har svart på søknaden. Søknaden blir då vurdert på nytt, og om klagen ikkje får medhald, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 for endeleg avgjerd.

Les meir her: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/rehabilitering-habilitering-individuell-plan-og-koordinator/individuell-plan-og-koordinator/om-individuell-plan-og-koordinator-formal-og-rettigheter

 

Psykisk helseve​​​rn for barn og unge (BUP) – Sped og småbarn med spisevanskar

​Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med pakkeforløpet Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling. I tråd med pakkeforløpa skal BUP gjere ei brei kartlegging av utviklinga, vanskane og ressurane til barnet.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar

​Utgreiing og behandling av spisevanskar hos små barn krev som oftast tverrfagleg samarbeid på tvers av tenester, og tiltaka bør bygge på eit biopsykososialt perspektiv. Les meir på: Tverrfaglig arbeid ved spise- og ernæringsvansker hos barn: - en veileder (oslo-universitetssykehus.no)

I tråd med pakkeforløpa skal BUP gjere ei grunnleggande kartlegging som kan bestå av:

  • Samtale og anamnese med føresette for å kartlegge
    • Tilknyting
    • Utvikling i spe- og småbarnsalder
    • Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • Psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • Ressursar hos barnet, i familien og nettverk
    • Den psykiske og somatiske helse til barnet og føresette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Observasjon av barnet
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon og barnehage og andre relevante tenester​

Ut frå funn i basisutgreiinga blir det vurdert om det er grunnlag for utvida utgreiing av spisevanskane. Ved behov for umiddelbare tiltak kan utgreiing og behandling skje parallelt. Det er særleg viktig ved mistanke om undervekt eller alvorlege spisevanskar. Utgreiinga ved spisevanskar hos små kan innehalde:

  • Kartlegging av matinntak og måltidsstruktur: måltid og tidspunkt på døgnet, energi- og væskeinntak per døgn, om barnet et selektivt eller har spesielle ritual knytt til måltid.
  • Somatisk undersøking og supplerande medisinske undersøkingar. Avklare om barnet har andre medisinske tilstandar som forstyrrar matinntak, for eksempel hormonelle eller genetiske forstyrringar.
  • Observasjon av barnet.
  • Vurdering av andre typar reguleringsforstyrringar som følelsar, søvn, uro eller sansemotorikk.
  • Måltidsobservasjon med video.
  • Innhenting av vektkurver og annan relevant informasjon frå helsestasjon.
  • Informasjon frå somatisk barneavdeling og eventuelt nyføddavdeling.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein vurdere kor alvorlege symptoma er og om barnet treng behandling i BUP. Tommelfingerregel ved vurdering av alvorsgrad er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap og om vanskane fører til funksjonstap i kvardagen.

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av barnet si fungering og utvikling, vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet. Det bør vurderast kva som er årsak til dei vanskane barnet har, og kva som eventuelt er oppretthaldande faktorar. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. For barn alder 0–5 år blir rettleiar DC: 0-5 brukt i tillegg til ICD-10. Føresette får deretter tilbakemelding om dei vurderingane som er gjort, og ulike behandlingsalternativ.

Tiltak ved spisevanskar

Behandling for barn i denne aldersgruppa vil alltid involvere føresette. Behandlingstilbodet kan vere:

  • Rettleiing til føresette om samspel
  • Rettleiing om ernæring og måltidssituasjon, eksempelvis ved bruk av «Spisetrappen – utvikling av spiseferdigheter»
  • Rettleiing til kommunale instansar etter avtale (barnehage, PPT, barnevern)
  • Samarbeid med andre instansar som barnehage, helsestasjon og fastlege

​Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet. BUP må derfor samarbeide tett med dei tenester som er involvert rundt barnet og familien.

Aktuelle samarbeidspartnarar ved spisevanskar vil særleg vere barnehage, fastlege, helsestasjon, fysio- og ergoterapitenesta, barneverntenesta, eventuelt lokalt «spiseteam» i kommunen, habiliteringstenesta eller somatisk barneavdeling.

​BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Før avslutning skal BUP avklare behov for vidare oppfølging i kommunen, for eksempel av helsestasjon, klinisk ernæringsfysiolog eller lokalt «spiseteam». Det er ønskeleg med eit overføringsmøte med den instans som skal følge barnet og familien vidare. Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar og eventuelt helsestasjon med tydeleg beskriving av behova til barnet og familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering.

Medverking og samtykke

Tilvising til BUP krever informert samtykke frå begge føresette med foreldreansvar for barn og  ungdom under 16 år. All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Føresette må òg samtykke til samarbeid og utveksling av informasjon mellom tenester.

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå barnet si oppleving av vanskane og deira behov for hjelp ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta barnet sine rettar her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 

 

Psykisk helsevern for bar​n og unge (BUP) – eldre barn og ungdom med spiseforstyrringar

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Barn og ungdom med symptom på spiseforstyrringar skal ha utgreiing og behandling i tråd med pakkeforløpet Spiseforstyrrelser hos barn og unge under 23 år - Helsedirektoratet. Pakkeforløpet skal sikre innhald, framdrift, brukarmedverknad og samhandling.

Kartlegging ved mistanke om spiseforstyrringar

​Ved oppstart av ei sak i BUP skal ein alltid gjere ei basisutgreiing. Utgreiinga skal bli utforma i samråd med pasient og føresette, med vekt på symptoma til pasienten, korleis pasienten fungerer, og den psykososiale situasjonen, vanskane og ressursane til pasienten. Ved undervekt eller andre alvorlege somatiske forhold kan det vere naudsynt å kome raskt i gang med behandling. Då kan utgreiing og behandling skje parallelt. Basisutgreiinga kan bestå av:

  • Samtaler med barn og/eller føresette for å kartlegge:

    o Oppleving av vanskane, forventningar, behov og ønske om hjelp
    o Ressursar, styrkar og interesser                                                                         
    o Symptom, vanskar, funksjon
    o Psykisk status
    o Sjølvmordsfare
    o Behov for umiddelbare tiltak, eventuelt behov for kriseplan.

  • Anamnese for å kartlegge
    o Tilknyting
    o Utvikling i spe- og småbarnsalder
    o Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    o Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    o Psykososialt miljø (no og tidlegare)
    o Ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
    o Den psykiske og somatiske helse til barnet og førsette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Standardiserte intervju eller skjema for å kartlegge psykiske plager
  • Traumekartlegging

Ut frå funn i basisutgreiinga skal ein vurdere om det også er grunnlag for utvida utgreiing av vanskane. Ved mistanke om spiseforstyrringar bør utgreiinga innehalde:

Tiltak ved spiseforstyrringar

Poliklinisk behandling er tilrådd ved spiseforstyrringar, så framt den somatiske tilstanden til pasienten er stabil. Vurdering av behandlingsform bør bli gjort ut frå alder, sjukdomsinnsikt, motivasjon for behandling og familieforhold.

Behandlingstilnærming

  • Anbefalt behandling ved alle typar spiseforstyrringar hos barn og ungdom er familiebasert behandling for spiseforstyrringar (FBT). Behandlinga er spesielt utvikla for barn og ungdom som strever med mat og deira familiar, både anoreksi, bulimi og overeting. Les meir her: Behandling og oppfølging - Helsedirektoratet
  • Ved behov for individuell terapi, kan ein eksempelvis tilby kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrringar (CBT-E). I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å gi individuell behandling til ungdommen etter ein første fase med familiebasert terapi.
  • Behandling for spiseforstyrringar må alltid legge vekt på å redusere symptom på spiseforstyrringa: å ete normalt, få eit betre forhold til mat, kropp og vekt, og unngå kompenserande åtferd som slanking, trening eller oppkast.

Familie- og nettverkintervensjonar

  • Psykoedukativ tilnærming til både ungdom, familien og ev. skule.
  • Kartlegge og avhjelpe stressfaktorar i familien og det nære miljøet til ungdommen.
  • Ved betydelege familiebelastningar som påverkar ungdommen negativt, og verkar oppretthaldande på tilstanden, bør ein råde familien til å kontakte familievernkontor eller barneverntenesta for rettleiing.
  • Tett samarbeid med skule og skulehelsetenesta er viktig for å sikre tiltak og tilrettelegging i skulekvardagen.
  • Dersom ungdommen er under omsorg frå barnevernet, kan andre pårørande eller barneverntenesta involverast i behandlinga.

Somatiske og medikamentelle tiltak

  • Den somatiske helsa til pasienten bør vere ein integrert del av behandlinga i BUP, men ansvar for somatisk oppfølging kan overførast til fastlege dersom det er behov for det. I slike tilfelle må ansvar vere avklart med fastlege ved start av behandling.
  • Ved behov for vurdering av spesifikke somatiske tilstandar eller følgetilstandar må BUP samarbeide med barneavdeling om somatisk avklaring.
  • Medikamentelle tiltak kan vere aktuelt ved komorbide tilstandar som depresjon og angst. Blir bare brukt saman med psykososial intervensjon.

Tiltaka ska bli evaluert løpande i samtaler med barnet/ungdommen og føresette. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall. Ved spiseforstyrringar skal ein ha evalueringspunkt etter fire veker og deretter kvar sjette veke. Det kan bli brukt standardiserte verktøy for måling av symptom i samband med evalueringspunkta. 

Ved manglande betring eller forverring av symptom må ein vurdere om ein skal intensivere eller endre det polikliniske behandlingstilbodet. Aktuelle tiltak kan vere hyppigare avtaler, endring av behandlingsmetode eller innlegging ved sengepost. Innlegging ved sengepost kan vere aktuelt ved

  • Stort vekttap på kort tid eller alvorleg undervekt (barn < 2,5 percentil)
  • Ustabile somatiske parameter
  • Høg risiko for suicidalitet eller alvorleg sjølvskading
  • Høg frekvens av overeting eller oppkast
  • Samanbrot i omsorgssituasjonen der familien ikkje maktar å ivareta barnet eller ta ansvar for å sikre matinntak
  • Lang geografisk avstand

​Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet/ungdommen, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet/ungdommen. BUP må derfor samarbeide tett med dei tenester som er involvert rundt barnet/ungdommen og familien.

Dei mest sentrale samarbeidspartnarane ved spiseforstyrringar er helsesjukepleiar, skulen og fastlege. Den somatiske helsa til pasienten bør vere ein integrert del av behandlinga i BUP, men ansvar for somatisk oppfølging kan overførast til fastlege dersom det er behov for det. I slike tilfelle må ansvar vere avklart med fastlege ved start av behandling. Helsesjukepleiar kan vere eit bindeledd mellom BUP og skulen, og det er tilrådd med hyppig kontakt med helsesjukepleiar for utveksling av informasjon. Skulen må få informasjon dersom behandlingstiltaka får konsekvensar for skulekvardagen eller fører til fråvær. Dersom spisevanskane går utover utbytte av opplæringa, må ein drøfte med skulen om det er behov for å involvere PPT.

BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette. ​

Før ein avsluttar saka i BUP, må ein avklare behov for vidare oppfølging i kommunen. Mange ungdommar har behov for oppfølgingssamtaler hos helsesjukepleiar i ein overgangsperiode. Det er ønskeleg med eit overføringsmøte med den instansen som skal følge ungdommen vidare. BUP må sikre at relevant informasjon er formidla til aktuelle samarbeidsinstansar i kommunen. Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet/ungdommen/familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat bli lagt ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.                              

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. Ungdom over 16 år skal sjølv samtykke til både utgreiing og behandling i BUP. Yngre barn har rett til å uttale seg om helsehjelpa både før tilvising og ved oppstart av behandling. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Ved spiseforstyrringar er det vanleg at barnet/ungdommen sjølv ikkje erkjenner problemet eller er ambivalent til å få hjelp. Ein må bruke tid på å motivere han/ho til å ta imot hjelp.

Tilvising til BUP krever informert samtykke frå begge føresette med foreldreansvar for barn og  ungdom under 16 år.  Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Ved bekymring for somatisk eller psykisk helse kan helsepersonell ha informasjonsplikt til føresette også når ungdom er over 16 år. Ungdommen må få informasjon om vurderinga og få påverke korleis informasjonen blir gitt.