Bekymring for barn 0-3 år

Når det gjeld små barn, skal ein ta all bekymring på alvor og ha låg terskel for å sette i verk tiltak. 


Barn kan vere i risiko for skeivutvikling og psykiske vanskar sjølv om dei viser tilsynelatande små teikn eller symptom. Små barn er sårbare for faktorar i miljøet rundt dei, som den psykiske eller fysiske helsa til dei føresette. Teikn som kan gi grunn til bekymring, er at barnet blir veldig stille og tilbaketrekt, gir lite kontakt eller respons, har innsovningsvanskar eller spisevanskar, er veldig uroleg, gret mykje og er vanskeleg å trøyste, eller at barnet snakkar lite og strever med å gjere seg forstått.

Kommunale tenester som helsestasjon og barnehage har ei viktig oppgåve i å oppdage tidlege teikn på psykiske vanskar eller skeivutvikling, kartlegge vanskane og sette inn tiltak. Ved bekymring for den psykiske helsa eller utviklinga til eit lite barn, bør ein vurdere tilvising til BUP eller eventuelt bekymringsmelding til barneverntenesta.

​Kven​​ gjer kva

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde ved bekymring for barn i aldersgruppa 0-3 år.

Fastlege

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse gjennom direkte undersøking av barnet og samtaler med føresette. Ved bekymring for eit lite barn, må fastlegen også kartlegge risikofaktorar hos føresette som kan påverke helsa og utviklinga til barnet. Kartlegginga vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Symptoma, omfanget og verknaden på funksjon i kvardagen (mat, søvn, følelsar, kontaktevne, sensoriske utfordringar, uro)
  • Føresette si oppfatning av utfordringane til barnet og opplysningar om korleis plagene kjem til uttrykk heime og i barnehagen
  • Utviklingshistoria og milepælane til barnet (opplysningar kan hentast inn frå helsestasjon)
  • Medisinsk historie og somatisk status (syn, høyrsel, lengde og vekt, blodprøver ved indikasjon)
  • Relasjon og samspel mellom barnet og føresette
  • Det psykososiale miljøet rundt barnet (traume eller belastningar i familien, fysiske eller psykiske helseplager hos føresette, bruk av alkohol eller andre rusmiddel)
  • Informasjon frå føresette eller andre om kva tiltak og tenester som er prøvd
  • Om ein mistenker psykiske helseplager hos føresette, bør fastlege kartlegge omfanget av desse. Ved depresjon kan ein bruke MADRS eller EPDS. Ved alkohol eller rusproblem kan ein bruke Audit eller Tweak.  
  • Fastlegen si vurdering av vanskane til barnet og alvor av symptoma (korleis barnet fungerer, kontaktevne, teikn på sosial tilbaketrekking eller utviklingsforstyrring?)

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere utviklinga til barnet, korleis barnet fungerer, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og tilvisingsgrunn til BUP.

Vanskar hos barnet kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette.  Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 år

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtaler med føresette. Vurder behov for dobbelttime.
  • Ved lettare vanskar eller samspelsvanskar bør fastlege informere om eller tilvise til aktuelle. behandlingstilbod i kommunen som helsestasjon eller kommunal psykisk helseteneste, som tilbyr samtalar og foreldrerettleiing. Sett eventuelt opp ny time for evaluering av effekt.
  • Ved meir alvorleg bekymring for barnet bør ein sende tilvising til BUP for vidare utgreiing og vurdering.           
  • Samarbeid med føresette og helsestasjon om tiltak i påvente av tilbod i spesialisthelsetenesta. 
  • Dersom føresette har psykiske helseproblem eller rusproblem bør fastlegen sende tilvising til aktuell instans som kommunal psykisk helse og rusteneste eller DPS/TSB. 
  • Omsorgspengar og pleiepengar.

Tilvising til andre tenester

Ved bekymring for den psykiske helsa eller utviklinga til barnet, skal det vere låg terskel for tilvising til BUP. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP. Oppsummeringar frå andre instansar kan sendast som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det er anbefalt at føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov. 

Ved plutseleg tap av ferdigheiter eller mistanke om alvorleg sjukdom eller forstyrring skal det sendast direkte tilvising til spesialisthelsetenesta.

Om ein er usikker på om vanskane til barnet kjem frå fysiske eller psykiske årsaker, skal barnet bli vist til barneavdelinga for somatisk avklaring.

Spørsmål om utviklingsmessige avvik er tilvisingsgrunn til habiliteringsteneste.

Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging. 

Fastlegen bør samarbeide med dei instansane som er involvert rundt barnet eller familien. I nyfødt og barselperioden er jordmordtenesta sentral. Helsestasjonen og PPT er sentrale hjelpetenester ved bekymring for små barn. Andre aktuelle samarbeidspartnarar er psykisk helseteneste i kommunen, fysio- og ergoterapiteneste, barnevern, BUP, habiliteringsteneste og barneavdelinga.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøte dersom føresette sett opp time hos fastlegen i akt​uelt tidsrom.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Føresette må òg samtykke til samarbeid og utveksling av informasjon mellom tenester.

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå barnet si oppleving av vanskane og deira behov for hjelp ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta barnet sine rettar her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).


 

Helsestasjon og sku​lehels​​​eteneste

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

Helsestasjon skal så tidleg som fange opp små barn med samspelsvanskar, psykiske vanskar eller skeivutvikling og sikre at dei får nødvendig oppfølging. Kartlegginga på helsestasjon er tverrfagleg med helsesjukepleiar, helsestasjonslege og fysioterapeut. Helsestasjonen kartlegg gjennom undersøking av barnet, samtaler med føresette og eventuelt samtale med pedagog i barnehagen.

I tillegg til dei vanlege rutineundersøkingane bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet. Ein bør òg kartlegge risikofaktorar hos føresette som kan påverke helsa og utviklinga til barnet. Vidare kan kartlegginga innehalde:

  • Samtale med føresette for å kartlegge korleis barnet fungerer, og utviklingshistoria og oppvekstforholda til barnet
  • Observasjon av barnet i samspel med føresette, ev. ved strukturerte verktøy som NBO (0–3 månader)
  • Kartlegging av utviklinga til barnet og korleis barnet fungerer generelt:
    • milepælsutvikling (f.eks. ASQ)
    • emosjonell utvikling (f.eks ASQ-SE)
    • sosial åtferd og tilbaketrekningsåtferd (f.eks. ADBB)
    • ressursane og styrkane til barnet
  • Observasjon av barnet på helsestasjon eller i barnehagen. Legg særleg merke til teikn på:
    • sosial tilbaketrekking
    • mangelfull utvikling (språk, motorikk)
    • vanskar med sosialt samspel og kommunikasjon
    • reguleringsvanskar (mat, kontakt, uro, søvn)
  • Teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt
  • Vurdering av medisinske tilstandar eller sjukdommar som kan påverke utviklinga til barnet eller samspel med føresette.
  • Vurdering av situasjonen til føresette og korleis dei fungerer. Kartlegg ev. depressive plager (Edinburgh postnatal depresjonsskår) eller problem med alkohol eller rusmiddel (Audit/Tweak).

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere utviklinga til barnet, korleis barnet fungerer, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og tilvisingsgrunn til BUP.

Vanskar hos barnet kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette.  Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 år

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette, og skal tilvise til andre tenester ved behov. Ved bekymring for små barn kan helsestasjonen tilby samtaler og rettleiing til føresette. Nokre aktuelle tema for rettleiing kan vere:

  • Korleis forstå følelsane og behova som barnet har
  • Samspel med barnet
  • Foreldrerolla
  • Opplevde utfordringar i kvardagen
  • Kosthald og søvn
  • Føresette si eigen helse eller utfordringar
  • Andre tema føresette ønsker rettleiing på

Rettleiinga kan bli tilbydd som programbasert foreldrerettleiing eller foreldrekurs dersom kommunen har eit slikt tilbod. Oversikt over aktuelle foreldrestøttande tiltak: Oversikt over foreldrestøttende tiltak (bufdir.no).

Tiltak bør bli evaluert i samtaler med føresette og i dialog med andre involverte instansar. Evalueringa bør bli gjort i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Ved manglande utvikling/endring hos barnet eller forverring av symptom, bør ein vurdere tilvising til spesialisthelsetenesta.

Tilvising til andre tenester

Dersom tiltak i helsestasjonen ikkje er tilstrekkeleg, må helsestasjonen informere om eller sette føresette i kontakt med relevant hjelpeteneste. Ved bekymring for små barn er PPT ei sentral hjelpeteneste. Helsestasjonen kan drøfte sak med PPT etter samtykke frå føresette. Kommunal psykisk helseteneste kan også hjelpe til å gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp for barnet og familien.

Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan sendast som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsestasjon samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Ved plutseleg tap av ferdigheiter eller mistanke om alvorleg sjukdom eller forstyrring, skal ein sende tilvising direkte til spesialisthelsetenesta.

Samarbeid med andre tenester

Helsesjukepleiar har ofte ei sentral rolle for å sikre samarbeid og informasjonsflyt mellom ulike tenester, og særleg mellom barnehage/skule og helsetenestene. Helsestasjonen er ein sentral hjelpeteneste ved bekymring for små barn og samarbeider med dei instansane som er involvert rundt barnet eller familien.

I nyfødt- og barselperioden er jordmordtenesta sentral. Helsestasjonen bør samarbeide med fastlegen, PPT, kommunal psykisk helseteneste, fysio- og ergoterapiteneste, barnevern og BUP. Helsestasjonen gjennomfører som regel faste helsekontrollar og samtaler med føresette parallelt med at barnet/føresette får oppfølging frå andre tenester.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte kring barnet/ungdommen.  Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Føresette må òg samtykke til samarbeid og utveksling av informasjon mellom tenester.

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå barnet si oppleving av vanskane og deira behov for hjelp ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta barnet sine rettar her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 

 

Barn​ehage

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

Barnehagen skal fange opp teikn som gir grunn til uro, for eksempel manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Ved uro for eit barn skal barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette for å få tak i deira forståing av utfordringane til barnet. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. Ved behov for vidare kartlegging og drøfting ber ein om samtykke til det. Bekymring for små barn bør vere basert på systematisk observasjon og dokumentasjon av vedvarande teikn og signal.

Kartlegging kan innehalde:

  • Observasjon av barnet i leik og samspel med andre barn og vaksne. Legg merke til om barnet viser teikn på sosial tilbaketrekking, mangelfull utvikling, vanskar med kommunikasjon eller språk, motoriske vanskar, åtferdsvanskar, reguleringsvanskar (mat, uro, søvn), emosjonelle vanskar eller vald/overgrep/omsorgssvikt.
  • Samtale med føresette om
    • relasjon og eventuelt samspelsvanskar mellom barnet og føresette
    • ressursane og styrkane til barnet
    • belastningar i det psykososiale miljøet til barnet
    • fysiske eller psykiske helseplager hos føresette
  • Kartlegging av utviklinga til barnet ved bruk av ulike verktøy:
    • generell utvikling ved f.eks. ASQ
    • sosioemosjonell utvikling ved f.eks. ASQ-SE
    • språkutvikling
    • kognitiv fungering
  • Drøft saka i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen. Ved behov kan ein drøfte sak med PPT, etter samtykke frå føresette.

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere utviklinga til barnet, korleis barnet fungerer, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og tilvisingsgrunn til BUP.

Vanskar hos barnet kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 år

Barnehagen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får rask hjelp og nødvendige tiltak. I barnehagen kan aktuelle tiltak vere:

  • Pedagogiske tiltak for å sikre tryggleik og inkludering
  • Tilrettelegging rundt barnet ut frå behov
  • Å tilby barnet trygge og varme relasjonar med nærverande vaksne
  • Vaksenstøtte i situasjonar som kan vere utfordrande for barnet
  • Samtaler med føresette ved behov
  • Å etablere samarbeid med aktuelle kommunale instansar etter samtykke frå føresette
  • Kontakte PPT for rettleiing. PPT kan hjelpe barnehagen med kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Drøft ev. behov for tilvising til PPT.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp (§31), skal kommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse). Det skal også bli utarbeidd ein individuell utviklingsplan (IUP) som sikrar at barnet får eit likeverdig tilbod.

Tiltaka i barnehagen bør bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i dialog med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Ved bekymring for den psykiske helsa til små barn er det viktig at barnehagen melder frå til ansvarleg helseteneste dersom ein ikkje ser betring eller tilstanden blir verre.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Etter kartlegging vurderer PPT behov for spesialpedagogisk hjelp.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon, PPT, psykisk helseteneste og fysio- og ergoterapiteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd og rettleiing. Andre aktuelle samarbeidspartnarar er helsestasjon, psykisk helseteneste i kommunen, fysio- og ergoterapitenesta, barnevernteneste, fastlege, BUP og habiliteringsteneste.

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Barnehagen skal legge til rette for samarbeid med føresette, sørge for at dei får nødvendig informasjon, og at dei får moglegheit til å påverke kvardagen til barnet i barnehagen. Retten til medverknad blir sikra ved at føresette får ta del i alle avgjerder og blir involvert i alt samarbeid rundt barnet. Føresette skal alltid samtykke før barnehagen fattar vedtak om og gir spesialpedagogisk hjelp.

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå korleis barnet opplever vanskane, og behovet det har for hjelp, ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 

 

Pedagogisk psykologisk tene​​ste (PPT)

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka anonymt med PPT før det blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

Ved bekymring for den psykiske helsa eller utviklinga til små barn er PPT ein viktig hjelpeinstans. PPT kan rettleie barnehagen i kartlegginga av utfordringane til barnet, og saman med barnehagen og føresette vurdere kva barnet treng av vidare kartlegging og tiltak. Kartlegging i PPT kan inkludere følgande:

  • Samtale med føresette for å kartlegge utviklingshistoria og oppvekstforholda til barnet
  • Innhente opplysningar frå barnehagen, helsestasjon og andre relevante hjelpetenester
  • Kartlegge den generelle utviklinga til barnet:
    • milepælsutvikling ved f.eks. ASQ
    • emosjonell utvikling ved f.eks ASQ-SE
    • åtferd og symptomutvikling
    • den kognitive utviklinga
    • ressursane og styrkane til barnet
  • Observasjon av barnet i leik og samspel i barnehagen. Ver særleg merksam på teikn og signal som:
    • manglande trivsel eller sosial tilbaketrekking
    • mangelfull utvikling (språk, motorikk)
    • vanskar med sosialt samspel og kommunikasjon
    • reguleringsvanskar (mat, kontakt, uro, søvn)
    • emosjonelle vanskar
    • teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt 

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere utviklinga til barnet, korleis barnet fungerer, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og tilvisingsgrunn til BUP.

Vanskar hos barnet kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette.  Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjennomføre ei oppsummering med barnet/ungdommen og føresette og bli einige om aktuelle tiltak.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 år

Rolla til PPT er å støtte barnehagen med å tilrettelegge det pedagogiske tilbodet for barn og ungdom med særskilte behov. PPT kan hjelpe barnehagen med kompetanse- og organisasjonsutvikling og gi rettleiing og råd i enkeltsaker og på systemnivå. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet har spesialpedagogiske behov, skal kommunen fatte enkeltvedtak og barnehagen utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan rettleie barnehagen ved behov.

Ved bekymring for små barn kan andre aktuelle tiltak frå PPT vere:

  • rettleiing til barnehagen i korleis dei skal legge til rette for behova til barnet
  • rettleiing til føresette om barnet si utvikling og opplæringsrelaterte spørsmål
  • å delta i det tverrfaglege samarbeidet rundt barnet 

Tiltaka frå PPT bør bli evaluert jamleg: i faste møte med barnehagen, i dialog med føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet får spesialpedagogisk hjelp, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet.

Ved bekymring for den psykiske helsa eller utviklinga til barnet er det viktig at barnehagen eller PPT melder frå til ansvarleg helseteneste eller eventuelt barnevernet dersom ein ikkje ser betring eller tilstanden blir verre.

Tilvising til andre tenester

Ved bekymring for eit lite barn si psykiske helse eller utvikling, skal PPT i samarbeid med barnehagen sette barnet og føresette i kontakt med aktuelle tenester for kartlegging og oppfølging. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar bør PPT anbefale at barnet blir tilvist til BUP. Ved behov for tilvising til BUP er hovudregelen at vanskane til barnet skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising til BUP. Psykolog i PPT har tilvisingsrett, men fastlege bør gjere ei somatisk vurdering før tilvising. PPT bør sørge for at BUP får relevant informasjon om utfordringane til barnet og korleis desse kjem til syne i opplæringssituasjonen.

Samarbeid med andre tenester

I det tverrfaglege samarbeidet er hovudoppgåva til PPT å støtte barnehagen i å tilrettelegge slik at alle barn får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa opplæringstilbod. Dersom barnet sine vanskar påverkar fungering i barnehagen og særleg utbytte av opplæringa, bør PPT vere med i samarbeidet rundt barnet. 

PPT kan ved behov samarbeide med andre tenester som helsestasjon, kommunal psykisk helseteneste, fastlege, BUP, spesialpedagog, barnevernteneste, fysio- og ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og Statped. Ved utgreiing/behandling i BUP bør PPT vere involvert i utgreiingsfasen og delta i tilbakemeldingsmøte.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. PPT kan delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet etter behov. Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Føresette, barnehagen eller andre tverrfaglege tenester kan ta kontakt med PP-tjenesten for råd og rettleiing. Føresette må samtykke til sakkunnig vurdering og til samarbeid og utveksling av informasjon mellom tenester. Retten til medverknad blir sikra ved at føresette får ta del i alle avgjerder og blir involvert i alt samarbeid rundt barnet.

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå barnet si oppleving av vanskane og deira behov for hjelp ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta barnet sine rettar her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 

 

Kommunale psykiske helseten​​ester for barn og unge

Utgreiing og behandling av psykiske helseplager er ein del av kommunen sitt helse - og omsorgstilbod til barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge eller eit familiesenter som gir behandling. Andre har samla tenestene for barn og unge i ei barne- og familieteneste eller eit familiens hus. Tilbodet kan òg vere lagt til helsestasjon og skulehelsetenesta eller psykolog i kommunen. Felles for tenestene er at dei har ansvar for førebygging, oppfølging og behandling ved lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge.

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

Ved bekymring for den psykiske helsa og utviklinga til små barn kan kommunal psykisk helseteneste vere ei sentral teneste. Tenesta kan hjelpe å finne fram til kva som er rett instans for å hjelpe familien eller samarbeide med barnehage og helsestasjon om kartlegginga.

Ved oppstart av ei sak vil det ofte vere viktig med ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet. Kartlegginga skjer både ved direkte undersøking/observasjon av barnet, samtale med føresette og eventuelt samtale med personale i barnehagen. Ein bør òg kartlegge risikofaktorar hos føresette som kan påverke helsa og utviklinga til barnet.

Kartlegginga kan innehalde:

  • Innhente opplysningar frå helsestasjon, barneavdeling og andre involverte tenester.
  • Samtale med føresette for å kartlegge utviklingshistoria og oppvekstforholda til barnet:
    • relasjon og eventuelt samspelsvanskar mellom barnet og føresette
    • ressursane og styrkane til barnet
    • belastningar i det psykososiale miljøet til barnet
    • fysiske eller psykiske helseplager hos føresette
  • Observere samspelet mellom barnet og føresette, f.eks ved strukturerte verktøy som (Newborn Behavior Observation (NBO) (bufdir.no) eller Alarm Distress Baby Scale (ADBB)
  • Observasjon av barnet i leik og samspel. Vær særleg merksam på teikn og signal som:
    • sosial tilbaketrekking
    • reguleringsvanskar (søvn, mat, følelsar, kontakt, uro)
    • vanskar med sosialt samspel og kommunikasjon
    • teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt.
  • Kartlegge utviklinga til barnet og korleis barnet fungerer generelt:
    • milepælsutvikling f.eks ved ASQ
    • sosial og emosjonell utvikling f.eks ved ASQ-SE
    • sosial tilbaketrekkingsåtferd
    • generelt utviklingsnivå
  • Vurdering av situasjonen til dei føresette. Ved behov kan ein bruke strukturerte kartleggingsverktøy for å kartlegge
    • foreldrestress (Parenting Stress Index, PSI)
    • teikn på depressive plager (Edinburgh postnatal depresjonsskår, EPDS)
    • teikn på rus (Audit eller Tweak)

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere utviklinga til barnet, korleis barnet fungerer, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og tilvisingsgrunn til BUP.

Vanskar hos barnet kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette.  Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med føresette.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 år

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod og kan tilby oppfølging og foreldrerettleiing ved psykiske helseplager, utviklingsvanskar og samspelsvanskar hos små barn. Målet er å hjelpe føresette til å forstå behova til barnet, gi barnet den utviklingsstøtta han/ho treng, og få til godt samspel med barnet.

Ved bekymring for små barn, kan aktuelle tiltak frå psykisk helseteneste vere:

  • Samtaler med føresette om relevante tema, som korleis ein kan forstå følelsane og behova til barnet.
  • Rettleiing i foreldrerolla og utfordringar i kvardagen.
  • Samtaler om føresette si eiga helse eller utfordringar, eller andre tema føresette ønsker rettleiing på.
  • Opplæring til føresette om dei konkrete utfordringane til barnet, eksempelvis utviklingsvanskar, spisevanskar, reguleringsvanskar, samspelsvanskar eller søvnvanskar.
  • Rettleiing til føresette om samspel og tilknyting. Rettleiinga kan eksempelvis ta utgangspunkt i strukturerte samspelsobservasjonar som NBO eller rettleiingsopplegg som COS-P.
  • Foreldrekurs, grupper eller programbaserte rettleingsprogram dersom kommunen har eit slikt tilbod. Oversikt over aktuelle foreldrestøttande tiltak: Oversikt over foreldrestøttende tiltak (bufdir.no) .
  • Familieterapi.
  • Rettleiing til barnehage i samarbeid med PPT.

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet og føresette får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT.

Ved manglande utvikling/endring hos barnet eller forverring av symptom, bør ein vurdere tilvising til spesialisthelsetenesta.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for vidare kartlegging av utviklinga eller læringa til barnet må psykisk helseteneste drøfte med barnehagen og PPT om det kan vere grunnlag for tilvising til PPT.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal psykisk helseteneste sørge for at barnet blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane til barnet skal bli kartlagt i kommunale helse- og omsorgstenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste, som vedlegg til tilvisinga.

Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og gir grunnlag for tilvising til BUP. Dersom barnet viser tap av ferdigheiter eller det er mistanke om alvorleg sjukdom eller forstyrring, bør fastlege vurdere behov for tilvising til barneavdeling.

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i barnets og familiens kvardag. Tenesta skal bidra til at barnet og familien får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp. Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage, helsestasjon, PPT, fastlege, barnevern, fysio- og ergoterapiteneste, BUP og habiliteringsteneste. Det kan vere aktuelt å samarbeide med instansar som er involvert i situasjonen til dei føresette.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Føresette må òg samtykke til samarbeid og utveksling av informasjon mellom tenester.

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå barnet si oppleving av vanskane og deira behov for hjelp ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta barnet sine rettar her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 

 

Fysio- og ergoterap​​iteneste

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Fysio og ergoterapi er ein viktig kompetanse i tverrfagleg kartlegging av helsa og utviklinga til barn. Kartlegginga bør vere basert på samtaler med føresette og personale i barnehagen samt observasjonar av barnet. Ved oppstart av ei ny sak er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging som kan innehalde:

  • Føresette si vurdering av barnet sine ressursar, vanskar og hjelpebehov
  • Barnehagen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet, og behov og ønske om hjelp
  • Motorikken til barnet/ungdommen, motorisk utvikling og ferdigheiter i kvardagen                                                                
  • Muskeltonus, muskelstyrke, bevegelsesrepertoar og mønster
  • Sosial funksjon
  • Samspel med føresette, andre barn og vaksne
  • Syn, blikkontakt og høyrsel
  • Ferdigheiter i leik og aktivitet
  • Funksjon i daglege gjeremål som måltid og påkledning
  • Responsen barnet har på ulike sanseuttrykk (sansemodulering/sanseintegrasjon)
  • Innhente opplysningar frå andre instansar

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere utviklinga til barnet, korleis barnet fungerer, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og tilvisingsgrunn til BUP.

Vanskar hos barnet kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette.  Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ut frå kartlegging lagast ein plan for tiltak og tilrettelegging saman med føresette og eventuelt involverte instansar.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 å

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barnet til auka funksjon, mestring og deltaking i kvardagen. Tiltaka kan bli utført heime hos barnet, i barnehagen eller i lokala til tenesta og kan vere:

  • Sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking, og der ein aktivt involverer føresette og barnehage i måla og tiltaka.
  • Utvikle og styrke barnet/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve meistring.
  • Rettleie føresette og aktuelle instansar i korleis ein kan legge til rette for deltaking i aktivitet og leik.
  • Legge til rette og øve på daglege aktivitetar som måltid og påkledning.
  • Rettleie om kompenserande tiltak ved fin- og grovmotoriske vanskar.
  • Ved behov for tekniske hjelpemiddel, kan tenesta rettleie og hjelpe med å skrive søknad. Bruk av hjelpemiddel skal bidra til meistring, sjølvstende og deltaking i leik og aktivitet.

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med  føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved bekymring for eit lite barn si psykiske helse eller utvikling er det tilrådd å etablere kontakt med aktuell kommunal teneste som kan kartlegge barnets vanskar og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon, PPT, psykisk helseteneste eller fastlege.

Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta, må helsestasjonslege, fastlege eller psykolog i kommunen stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Fysio- og ergoterapitenesta bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan sendast som vedlegg til spesialisthelsetenesta.

Vær særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og gir grunnlag for tilvising til BUP.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av det førebyggande og helsefremmande arbeidet til kommunen. Tenesta samarbeider mest med dei tenestene som er nærmast barnet, som barnehage, helsestasjon, PPT og fastlege. I spesialisthelsetenesta kan både BUP, habiliteringstenesta og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Føresette må òg samtykke til samarbeid og utveksling av informasjon mellom tenester.

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå barnet si oppleving av vanskane og deira behov for hjelp ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta barnet sine rettar her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 

Barnevernte​neste

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

Den viktigaste rolla til barnevernet er å sikre at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Tenesta gir hjelp og støtte til barn, unge og familiar som har det vanskeleg, og set inn hjelpetiltak ved behov. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn.

Som del av kartlegginga skal barnevernet vurdere om barnet har psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar som treng oppfølging frå andre tenester. Barn som får oppfølging frå barnevernet, har høg risiko for psykiske helseplager. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging. Kartlegginga kan innehalde:

  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet har,  og hjelpebehov.
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, og kor lenge dei har vart. Vær særleg merksam på teikn og signal som:
    • sosial tilbaketrekking
    • reguleringsvanskar (søvn, mat, kontakt, uro)
    • utviklingsforstyrringar .
    • fysisk sjukdommar som påverkar barnet si utvikling
  • Korleis vanskane påverkar barnet på ulike arenaer (barnehage, heim, venner, fritid).
  • Samspelet mellom barnet og føresette, og evnt. samspelsvanskar.
  • Om det er risikofaktorar hos føresette som påverkar barnet si psykiske helse eller utvikling.    
  • Teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere utviklinga til barnet, korleis barnet fungerer, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og tilvisingsgrunn til BUP.

Vanskar hos barnet kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette.  Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein tiltaksplan saman med føresette med konkrete mål.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 år

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barneverntenesta er:

  • Samspelsrettleiing til føresette. Ein kan bruke metodar frå programbaserte rettleiingsprogram som Circle of Security (COS), Marte Meo eller Parenting Young Children (PYC).
  • Familiesamtaler og rådslag
  • Familieterapi
  • Miljøterapeut/miljøarbeidar i heimen
  • Støttepersonar/avlastning
  • Opphald ved foreldre-barn-senter for å styrke samspel og foreldreferdigheiter
  • Samarbeidsmøte med dei forskjellige instansane som familien er i kontakt med
  • Fosterheim dersom det er alvorleg omsorgssvikt, og der hjelpetiltak ikkje har effekt på omsorgssituasjonen til barnet                                                

Tiltaka frå barnevernet og tiltaksplanen blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen, for eksempel stafettlogg i BTI-kommunar. Korleis og kven som skal vere med på denne evalueringa, må vere avtalt med føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

  • Tilbakemeldingar frå føresette
  • Tilbakemeldingar frå andre instansar
  • Status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet
  • Vidare ansvar og oppgåvedeling

Tilvising til andre tenester

Ved bekymring for den psykiske helsa eller utviklinga til eit lite barn må barnevernet sikre at vanskane til barnet blir kartlagt av rett helseteneste, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk helse og rus hos barn og unge - Helsedirektoratet. Barnevernet bør så snart som mogleg innkalle føresette til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mindre alvorlege utfordringar kan helsestasjon, PPT eller kommunal psykisk helseteneste gjere kartlegginga.  Om ein får samtykke, kan barnevernet ta direkte kontakt med aktuell helseteneste.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Samarbeid med andre tenester

Barneverntenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke (Barnevernloven §3.2).

Tenesta samarbeider med barnehage, helsestasjon, PPT, psykisk helseteneste og fastlege. I spesialisthelsetenesta kan både BUP, habiliteringstenesta og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn og familiar som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Oppfølging av barn og unge er i barnevernet basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 15 år. I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå barnet si oppleving av vanskane og deira behov for hjelp ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta barnet sine rettar her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

​Dersom undersøkinga avdekker særlege behov i familien eller barnet har utvikla alvorlege åtferdsvanskar, får familien tilbod om frivillige hjelpetiltak. Fylkesnemda kan når det er naudsynt og foreldra ikkje vil samtykke, pålegge hjelpetiltak jf. lov om barneverntenester § 4-3.

 

Koordineran​​de eining

Kartlegging ved koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresatte si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.

Medverking og samtykke

Brukar/pårørande kan sjølv velje om dei berre ønsker koordinator eller individuell plan. Barnet/ungdommen/føresette sitt ønske om kven som skal vere koordinator, skal bli lagt vekt på når det blir oppnemnt koordinator i kommunen.

Når brukar/føresette søker om IP/koordinator, skal det sendast eit svarbrev på tilvisinga. Vurderinga kan klagast på ved å sende skriftleg klage til tenesta som har svart på søknaden. Søknaden blir då vurdert på nytt, og om klagen ikkje får medhald, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 for endeleg avgjerd.

Les meir her: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/rehabilitering-habilitering-individuell-plan-og-koordinator/individuell-plan-og-koordinator/om-individuell-plan-og-koordinator-formal-og-rettigheter

 

 

 

Psykisk helsevern for ​​​barn og unge (BUP)

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med pakkeforløpet Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling. I tråd med pakkeforløpa skal BUP gjere ei brei kartlegging av utviklinga, vanskane og ressurane til barnet. Basisutgreiinga kan bestå av:

  • Samtale og anamnese med føresette for å kartlegge
  • Tilknyting
  • Utvikling i spe- og småbarnsalder
  • Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
  • Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
  • Psykososialt miljø (no og tidlegare)
  • Ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
  • Den psykiske og somatiske helse til barnet og førsette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Observasjon av barnet
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon og barnehage og andre relevante tenester                                                                                                                                                                                                        

Ved behov gjennomfører BUP ei utvida utgreiing. For barn 0–3 år kan utvida utgreiing bestå av:

  • Kartlegging av symptom og utvikling ved bruk av kartleggingsverktøy
  • Somatisk legeundersøking og supplerande medisinske undersøkingar ut frå indikasjon
  • Kognitiv vurdering og utviklingsvurdering
  • Vurdering av samspel og tilknyting mellom barnet og føresette
  • Kartlegging av foreldrestress (Parenting Stress Index, PSI)
  • Kartlegging av symptom på spesifikke tilstandsbilder, eksempelvis autisme, reguleringsvanskar, tilknytingsforstyrring, traume og etevanskar                                                                                                                                                                                                                                                                                             

Ver særleg merksam på at vanskar hos barnet òg kan vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette.  Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av barnet si fungering og utvikling, vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. For barn alder 0–3 år blir rettleiar DC: 0-5 brukt i tillegg til ICD-10.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 år

Behandlar samarbeider med føresette om å utarbeide ein behandlingsplan som oppsummerer planlagte tiltak. Behandling for små barn vil alltid involvere føresette. Aktuelle behandlingstilbod kan vere:

  • Psykoedukasjon og opplæring til føresette om ulike psykiske helseplager/utviklingsvanskar
  • Programbasert foreldrerettleiingsprogram som blir gitt individuelt eller i gruppe
  • Tilknytingsbasert rettleiing til føresette
  • Psykoterapi for barn med psykiske helseplager som eksempelvis reguleringsvanskar, tilknytingsvanskar eller åtferdsvanskar
  • Traumebehandling for barn som har vore utsett for traumatiske hendingar
  • Rettleiing til kommunale instansar som barnehage, PPT eller barnevern

Tiltaka ska bli evaluert løpande i samtaler med føresette og i samarbeidsmøte med andre instanar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet og føresette får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall.

Tilvising til andre tenester

  • Ved behov for medisinsk utgreiing skal ein sende tilvising til barneavdeling.
  • Ved mistanke om cerebral rusrelatert skade hos barnet, ulike genetiske tilstandar/syndrom/avvik, psykisk utviklingshemming eller muskelsjukdomar kan barnet tilvisast til barnehabilitering for vidare oppfølging.
  • Ved bekymring for den psykiske helsa til dei føresette kan BUP initiere tilvising til psykisk helsevern for vaksne eller kommunale tenester, eventuelt via fastlege.

Samarbeid med andre tenester.

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet og familien. BUP må derfor samarbeide tett med dei tenester som er involvert rundt barnet og familien.

Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg barnehage, PPT, helsestasjon, fastlege, fysio-/ergoterapiteneste, psykisk helseteneste i kommunen og barnevernteneste. Samarbeidet inneber kontakt i samband med tilvising og utgreiing, deltaking i samarbeids-/ansvarsgruppe- og tilbakemeldingsmøte for å sikre hjelpsame tiltak og gode overgangar.

Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling. Fastlegen kan bli invitert til å delta digitalt på første del av samarbeidsmøte. Rapport etter utgreiing og behandlingsplan kan ein sende til fastlege/tilvisar og samarbeidande instansar etter samtykke.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet og familien. Før avslutning skal BUP sikre at relevant informasjon blir formidla til alle samarbeidsinstansar. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utgreiing/behandling av komorbide tilstandar eller behov for ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat leggast ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.

Medverking og samtykke

Tilvising til BUP krever informert samtykke frå begge føresette med foreldreansvar for barn og  ungdom under 16 år. All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Føresette må òg samtykke til samarbeid og utveksling av informasjon mellom tenester.

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå barnet si oppleving av vanskane og deira behov for hjelp ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta barnet sine rettar her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 

 

 

Habilitering​​steneste

Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år

Habiliteringsteneste for barn og unge (HABU) skal ivareta tverrfagleg utgreiing/diagnostisering og funksjonskartlegging av barn og unge med medfødt eller tidleg oppstått funksjonsnedsetting.  Målet med habilitering er at barnet/ungdommen skal oppnå deltaking i samfunnet ut frå forutsetningane og behova han/ho har. Kommunen har hovudansvar for habilitering av innbyggarane sine, og kan tilvise til spesialisthelsetenesta ved problemstillingar som krev kompetanse ut over det ein kan forvente frå kommunen.

Utgreiinga i habiliteringstenesta kan innehalde:

  • Oppstartsamtale/forundersøking med føresette og aktuelle instansar rundt barnet (eksempelvis PPT, barnehage, helsestasjon og eventuelt fastlege).
  • Utviklingshistorie/anamneseopptak
  • Observasjon i nærmiljø (heime eller barnehagen)
  • Undersøking ved poliklinikk av lege, ergoterapeut og fysioterapeut
  • Kognitiv kartlegging ved psykolog/nevropsykolog
  • Kartlegging av adaptive ferdigheiter

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere utviklinga til barnet, korleis barnet fungerer, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og tilvisingsgrunn til BUP.

Vanskar hos barnet kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tilbakemelding av kartlegging blir gitt til føresette og aktuelle fagpersonar i PPT og barnehage etter avtale med føresette. Det blir laga ein plan for tiltak.

Tiltak ved bekymring barn 0-3 år

Tiltak frå habiliteringstenesta kan vere:

• Psykoedukasjon til nettverket til barnet

• Rettleiing til føresette

• Rettleiing til kommunen

• Early Intensive Behaviour Intervention (EIBI)

• PRT

• Tilvising til oppfølging av ergoterapeut og fysioterapeut i kommunen

​Tilvising til andre tenester

Habiliteringstenesta tilviser til BUP ved mistanke om autismespekterforstyrring, ADHD, tilknytingsproblematikk og andre psykiske tilstandsbilder.

Ved behov for ulike medisinske utgreiingar (for eksempel blodprøver, MR, EEG, EKG) tilviser HABU internt til somatisk barneavdeling.