Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Planlagd behandling i einmannskammer

Hyperbar oksygenbehandling (HBO) vert gitt som ei seriebehandling fem dagar per veke, måndag til fredag. Kvar behandling tek om lag to timar. Lengda på behandlinga varierer frå to til fire eller seks veker. Det er tilstanden ein vert behandla for som avgjer behandlingslengda.

Trykktank. Foto.

​Hos oss er alle polikliniske pasientar. Det vil seie at du ikkje blir innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden. Dei som bur i nærområdet bur heime.​

Første dag startar med eit informasjonsmøte med påfølgjande time hos lege. Seinare same dag vil ein starte HBO-behandlinga.

I trykkammeret kan du sjå ut og snakke med sjukepleiaren som overvakar deg. Kammeret settast under trykk, og du vil måtte utlikne trykket i øyrane på same måte som når du lettar/landar med fly.

Trykkauka tar om lag 7-14 minuttar, etter dette ligg du i kammeret i om lag 90 minuttar. 

Trykkammeret har acrylglasveggar og du kan høyre musikk eller sjå film/ TV. Du kan ha med eigne CD/DVD-plater eller låne her hos oss.

Etter behandlinga senkast trykket gradvis til vanleg omgjevnadstrykk, og du kan gå ut av kammeret. Heile seansen tar cirka to timar.

Vi anbefaler ikkje at du som er hjemmehørande langt unna Bergen tar med deg eigen bil til Haukeland hotell. Behandlinga kan medføre at du får (forbigåande) synsendringar som gjør at du ikkje kan kjøre bilen heim etter avslutta behandlingsserie.

Brosjyre- velkommen til hyperbarbehandling

SJÅ VIDEO:

 

 
Sist oppdatert 18.01.2017