Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Brukarpanelet ved Voss sjukehus

Brukarpanelet skal ivareta pasientar og pårørande sine interesser, og vere ein pådrivar i forbetring av tenestene ved Voss sjukehus.

Brukarpanelet er breitt samansett og skal representera brukarar/ pasientar og pårørande frå heile Voss lokalsjukehusområde. Dei representerer ikkje brukarorganisasjonar, men har med seg eigne erfaringar både som brukarar og pårørande inn i arbeidet med å gjera Voss sjukehus til eit endå betre sjukehus.

Hovudoppgåver til panelet er å fremja sakar for Voss sjukehus som er viktige for brukarar og pårørande. Ved å inkludera brukarerfaring i forbetrings- og omstillingsprosessar og i kvalitetsforbetringsprosjekt blir brukarperspektivet belyst på ein systematisk måte.

Område som panelet ynskjer å fokusera på no er kommunikasjon og informasjon til pasientar og pårørande, samt å gjera panelet kjent både for pasientar/pårørande og for seksjonar på Voss sjukehus. Panelet vil ta opp eigne saker, men ynskjer også innspel frå andre brukarar/pasientar av Voss sjukehus og frå seksjonane ved Voss sjukehus.

Saker kan meldast inn via eDialog eller ta kontakt med Kontaktsenteret i Helse Bergen på telefon 55 97 50 00. Les meir her. 

Lurer du på noko – ta kontakt med;

Jorun Sivertsen / jorun.sivertsen@helse-bergen.no
Brukarmedverknadskoordinator Voss sjukehus

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Frå venstre; Stein Egil Solberg, Jorun Sivertsen, Gerd Ingrid Dukstad Hope, Sa-Ing Dale, Kjell Ove Norheim, Marit Heidi Seim, Øystein Ringheim, May Britt Andersen og Marta Hansen
  • Sa-Ing Dale - leiar
  • Øystein Ringheim - nestleiar
  • Gerd Ingrid Dukstad Hope - medlem i KPU
  • Stein Egil Solberg
  • Kjell Ove Norheim 
  • Marit Heidi Seim
  • May Britt Andersen
  • Marta Hansen
  • Jorun Sivertsen - brukarmedverknadkontakt ved Voss sjukehus

Mandat for brukarpanel Voss sjukehus

Haukeland Universitetssjukehus har eit Brukarutval og eit Ungdomsråd som arbeider med brukarmedverknad på systemnivå. Voss sjukehus sitt Brukarpanel arbeider med brukarmedverknad på tenestenivå på Voss sjukehus.

Mål

  • Systematisk brukarmedverknad ved Voss sjukehus gjennom involvering av brukarmedverkarar ved utvikling og evaluering av tenestene

Rolle

  • Brukarpanelet er eit rådgjevande organ for leiargruppa ved sjukehuset

Organisering og saksgang

  • Medlemmene blir vald for ein periode på 2 år, med høve for re-oppnemning to gonger (maks 6 år). Brukarmedverknadskontakt ved sjukehuset er koordinator i brukarpanelet
  • Panelet møtast 2-3 gonger pr. halvår, etter oppsett møteplan
  • Panelet kan både ta opp eigne saker og arbeide på oppdrag frå sjukehuset
  • Panelet kan bli tildelt oppgåver utanom oppsette møter som t.d. prosjektdeltaking
  • Saker blir meld inn til koordinator seinast tre veker før møtet
  • Koordinator, i samarbeid med panelet sin leiar, sender ut skriftleg møteinnkalling med agenda og saksinformasjon seinast èi veke før møtet
  • Koordinator skriv referat frå møta som blir godkjent på sirkulasjon
  • Leiar har ansvar for at årsrapport vert skriven. Årsrapport går til direktør ved Voss sjukehus
  • Leiar og koordinator deltek i ev. nettverk for brukarrepresentantar. Brukarpanelet, samhandlar med andre brukarpanel i Helse Bergen og med brukarorganisasjonar

Samansetting og konstituering

  • Direktør har ansvar for oppnemning av representantar i brukarpanelet
  • Brukarpanelet består av 6-8 personar med erfaringskompetanse
  • Medlemmene gjennomfører opplæring i å vera brukarrepresentant (e-læring)
  • Brukarmedverknadskontakt ved Voss sjukehus er koordinator i brukarpanelet
  • Brukarpanelet konstituerer seg ved oppstart av ny periode
  • Funksjonar i brukarpanelet er leiar, nestleiar og koordinator

Hovudoppgåver

  • Sikra at brukarmedverknad ved Voss sjukehus er systematisk ved å:
    • Fremje saker for Voss sjukehus som er viktige for brukarar og pårørande
    • Bidra med råd og innspel i spørsmål som angår pasienttilbodet
    • Bidra i forbetrings- og omstillingsprosessar og andre faglege prosjekt
    • Èin representant frå brukarpanelet deltek i sjukehuset sitt Kvalitets- og pasientsikkerheitsutval (KPU) saman med èin representant frå Brukarutvalet
    • Bidra med brukarkompetanse i forsking
    • Bidra med brukarkompetanse i kvalitetsforbetringsprosjekt
    • Bidra ved utarbeiding av pasientinformasjon
    • Bidra til at Voss sjukehus fylgjer opp aktuelle punkt i årsmelding frå Pasient og brukarombodet
    • Brukarpanelet skal ikkje behandle saker om enkeltpasientar

Honorering

  • Panelet sine medlemmer blir honorert etter gjeldande satsar i Helse Bergen

Evaluering

  • På kvart møte skal det vera eit evalueringspunkt med fokus på sjukehuset sine tilbakemeldingar til panelet og korleis sjukehuset fylgjer opp innspel frå panelet
  • Brukarpanelet skal evaluerast etter 1 ½ års drift (juni 2026)

12. mars
21. mai
3. september
5. november  

Sjå Brukarmedverknad, Helse Bergen HF

 

Sist oppdatert 13.02.2025