Medisinsk avdeling Voss

Medisinsk sengepost er ein generell indremedisinsk avdeling som i tillegg ivaretek protesekirurgi for Voss sjukehus.
Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 34 senger. Avdelinga er ei generell indremedisinsk avdeling der omlag 95% av innleggingane er øyeblikkeleg hjelp. Avdelinga har slageining med spesialutdanna personale. I tillegg behandlar avdelinga pasientar som treng protesekirurgi. 
medisinsk ekspedisjon smilende dame i luken
 
Les meir om Medisinsk avdeling Voss

Medisinsk avdeling Voss

Som pasient vil du møta sjukepleiarar, hjelpepleiarar, legar og fagpersonar under utdanning. Avdelinga har spesialkompetanse innan kreftomsorg, smertelindring, hjerneslag, mage-/tarm-, lunge- og hjartesjukdomar samt protesekirurgi.

 
Me har nært samarbeid med andre postar og spesialavdelingar ved sjukehuset som rehabiliteringsteamet, sosionomtenesta, laboratoriet, poliklinikkane, røntgenavdelinga og fysikalsk avdeling. Me samarbeider også med kommunen dersom du treng bistand etter utskriving frå sjukehuset.

Open retur   

Open retur er for å skapa tryggleik både for deg som pasient og dei kring deg. Har du fått tilbud om denne ordninga vil det seie at du er velkommen til å ringje oss direkte på avdelinga, dersom du har behov for å bli innlagd, slik at du slepp gå via legevakten. 

Kontakt

Oppmøtestad
Voss sjukehus i 2. etasje

Logg inn for å endre time

Telefon
Vaktrom 56 53 37 80
Sentralbord 56 53 35 00

Slik kjem du til Voss sjukehus

Bil

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

Buss

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

Parkering på sjukehusområdet

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet på kvardagar mellom kl. 07.00 og 18.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum ved Rokneparken (nær togstasjonen), i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

Taxi

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Tog

​Voss ligg ved Bergensbanen og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.
  • Bergen med tog, ca 1t og 20min

Informasjon om togtider finn du på NSB sine nettsider.

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15:00 - 16:00 og 18:00 - 19:00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga
Fast kviletid mellom kl. 12.00 - 15.00 - ingen visitt i dette tidsrommet.
Pappa og ev. syskjen kan koma på visitt heile dagen fram til kl. 20.00​, utanom i kviletida

Andre besøkande:
kl. 15.00 - 16.00
kl. 18.00 - 19.30

Kva bør du ta med deg til sjukehusopphaldet

Det er ikkje så mykje du treng å t a med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte. 

  • Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
  • Ta også med ei liste over all medisinen du bruker, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
  • Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast. 
  • Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
  • Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
  • Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
  • Litt pengar til kiosken, for eksempel aviser og vekeblad. Vi rår deg elles til å late pengar og verdisaker bli igjen heime.
  • På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.
  • Pasientvenner. På nokre avdelingar vil du møte pasientvenner frå Røde Kors.​​​

Telefon

​Det fins telefon ved kvar seng. Telekort kan du kjøpe i resepsjonen. Telefonane blir stengde for inngåande samtalar mellom kl. 21.00–07.00.
Mobiltelefon kan også brukast, men vis hensyn til medpasientar ved telefonbruk.

Visittid ved Medisinsk sengepost

Vår visittid er kl. 1​5.00 – 16.00 og kl. 18.00 - 19.30

Hemodialysehttps://helse-bergen.no/behandlinger/hemodialyseHemodialyseHHemodialyseHemodialyseHemodialyseHemodialyse

Dialyseavdelinga Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/medisinsk-avdeling-voss/dialyseavdelinga-vossDialyseavdelinga Voss


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.