Les meir om Voss sjukehusJobb på Voss sjukehusBustad for tilsett
Vi har personalbustader som ligg i bakken rett bak sjukehuset. Det er ikkje flust av slike bustader, så det blir avtale om å bu der i ei tidsavgrensa tid. Slik sikrar vi at det blir plass til nye tilsette som treng bustad. Bustadblokk som heiter «Søsterheimen» er nyleg renovert og har no god standard. Rett bak sjukehuset har vi to einebustadar omtala som «overlegeboligen» - begge desse er eldre hus og har moderat standard.
Gi oss melding tidleg om du treng hjelp til bustad. I tillegg er det mykje utvikling av bustadmarknaden på Voss med nybygg av mange ulike typar. Det er populært å bu på Voss.
Barnehage
Voss sjukehus har ikkje eigen barnehage, men det er god dekning av barnehagar i Voss kommune.
Bedriftsidrettslag
Det er eige idrettslag som driv trim, trening og moro. Nyleg var sjukehuset sitt bedriftsidrettslag med på bedriftsstafetten.
Revy
Sjukehusrevyen er ein kulturinstitusjon i seg sjølv. Gjengen er stabil men treng nye talent. Dette er moro for alle. Det har vore revy annakvart år siste åra og det blir nok ganske sikkert igjen i 2019.
Pensjon og forsikring
Pensjon
Som tilsett i Helse Bergen er du automatisk forsikra i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) når det gjeld:
- Alderspensjon og AvtaleFestet Pensjon (AFP), som blir administrert og utbetalt av KLP
- Uføre-/attføringspensjon, som du kan søkje om etter at retten til sjukepengar er brukt opp, eller når arbeidstakar ikkje lenger kan arbeide til ulagleg tid.
- Etterlattepensjon, som gjeld for attlevande ektefelle, samt registrert partnar gjennom partnarskapslova (gjeld ikkje sambuar) og Barnepensjon som gjeld attlevande barn under 20 år.
Forsikring
Vi tilbyr våre tilsette eigne forsikringar gjennom Helse Vest. Desse forsikringane kjem i tillegg til utbetalingar frå Folketrygda og det du måtte ha av private forsikringar.
Forsikringane er:
- Gruppelivsforsikring
- Tenestereiseforsikring
- Yrkesskadeforsikring (etter Lov om yrkesskadeforsikring)
- Yrkesskade (forhandla fram via SPEKTER)