HELSENORGE

Om sjukehuset

Voss sjukehus er eit lokalsjukehus med akuttfunksjon for om lag 30.000 innbyggjarar i kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord, Voss og Vaksdal. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn samt frå resten av landet.

rundt vindu inn til operasjonsrom.foto

Noverande Voss sjukehus vart bygd i 1963 og var fylkeskommunalt fram til 2002. Sidan Helseforetaksreformen i 2002 har Voss sjukehus vore ein del av Helse Bergen HF.

Sjukehuset vert leia av sjukehusdirektør Olav Lødemel.​

Eit moderne sjukehus

Gjennom dei siste15 åra har Helse Bergen satsa på og vidareutvikla Voss sjukehus til å bli eit robust og moderne sjukehus.

Rekrutteringa er god både når det gjeld sjukepleiarar og legar. Sjukehuset legg til rette for kompetanseutvikling, spesialist- og vidareutdanning. I praksis vil det seie at sjukehuset gir permisjon til avtalte konferansar og kurs. I tillegg ynskjer vi å stimulere til samarbeid mellom Voss sjukehus og Haukeland universitetssjukehus. Det har vore fleire doktorgradsprosjekt som nyleg er fullført, og fleire pågår. Vi ynskjer å stimulere til at fleire tilsette ved Voss sjukehus kan koma i gang med eigne prosjekt.

Det er satsa tungt på investeringar i medisinsk utstyr og utstyrsparken framstår som moderne og særs bra med MR, CT, gjennolysningslab, ultralydsmaskiner, nye respiratorar, nytt skopiutstyr til kirurgi og ortopedi for å nemne noko. I tillegg har føretaket modernisert IKT-verktøya slik at operasjonsplanlegging (Orbit) , elektronisk kurve (Meona) og digitalt mediakarkiv (DMA ) no er i bruk ved sjukehuset.

Framtida krev at sjukehus samarbeider på tvers. Dette er Voss sjukehus med på gjennom internundervisning i ulike fag via videokonferanse med Haukeland Universitetssjukehus og med Oslo Universitetssjukehus (OuS). Fleire av våre spesialistar deltek også i planlegging av behandling for kreftpasientar gjennom MDT-møter på videokonferanse. (Multidisplinære team = MDT).

Det ligg godt til rette for legar og anna helsepersonell til å kombinere stilling ved Voss sjukehus med anna stilling på Haukeland universitetssjukehus, då begge sjukehus er i same helseføretak. Det har til dømes vore ein suksess med at fleire intensivsjukepleiarar frå Voss har dekka ei sjukepleiarstilling på intensivmedisinsk seksjon på HUS.​


Nøkkeltal

  • Det er rundt 400 tilsette på sjukehuset.
  • Den operative aktiviteten har dei siste to åra lagt rundt 2600 inngrep innanfor gastrokirurgi, ortopedi og gynekologi/ obstetrikk.
  • Fødeavdelinga har mellom 400 og 450 fødslar i året.
  • Sjukehuset har eit budsjett på 357 millionar

Medisinske spesialfelt:

  • Medisin: lungemedisin, kardiologi, gastroenterologi, nefrologi, hematolgi og generell indremedisin
  • Gastrokirurgi: fedmekirurgi, gallekirurgi, tarmkirurgi av ulike typar, proktologi samt traumatologi (teamleiar i traumeteam)
  • Ortopedi: protesekirurgi i hofte, kne, ankel og tær. Atroskopiske prosedyrer i ulike ledd som skulder, handledd, kne og ankel
  • Gynekologi og obstetrikk: fødselshjelp, operative forløsningar og keisarsnitt. Konisering, operasjonar for ulike underlivsplager, lekkasje, fjerning av livmor etc.

Framtidsplanar

Det er planar for vidare vekst ved Voss sjukehus. Frå hausten 2018 fekk me meir areal, då vaksenpsykiatrien flytta ut av sjukehuset til nytt DPS ved Bjørkeli. Den nye medisinske delen av poliklinikken, kardiologi, nefrologi, hematologi og generell medisin er flytta inn i dei nye lokala der. Det er 10 behandlingsrom, fordelt på Med.post sine medisinske dagbehandlingar (4) og Med.pol. (6). Venterom i foajèen mot Vangen i 1. etg.

I eit lengre tidsperspektiv vil det nok bli trong for ei større utbygging ved sjukehuset, nytt dagkirurgisk areal, oppgradering av Akuttmottak og poliklinikk, men endelege planar for dette er ikkje klare enno.


Fann du det du leita etter?