Sjur Børsheim leiar eit solid team av ortopedar. På kirurgisk avdeling er det no fem fast tilsette overlegar med spesialitet i ortopedisk kirurgi, tre LIS-legar i ortopedi og tre LIS-legar i generell kirurgi og fem turnuslegar. Kirurgisk avdeling har gruppe II-utdanningsstatus i ortopedisk kirurgi. Vi kan tilby eit triveleg arbeidsmiljø og eit stabilt og dugande personale. Er du med?
Søk no: Fast stilling som overlege i ortopedi (lenke)
Rekruttering Voss ortopedi from Haukeland University Hospital on Vimeo.
Variert kvardag - på og utanfor jobb
- Vi har ein variert kvardag der vi gjer mykje forskjellig kirurgi, både elektive inngrep og akutte ting. Det er eit lite, godt og oversiktleg miljø. Alle kjenner kvarandre, og alle veit kor ein har kvarandre.
På Voss kan ein oppleva mange kulturelle ting, men ikke minst er det store mpgelegheiter for å være ute i friluft, både ekstremsport for dei som vil det, og meir vanlge friluftsaktivitetar.
Søk no: Fast stilling som overlege i ortopedi