Christer Kvelvane (gastrokirurg)
- Ingen kø. Familievennleg. Fantastisk natur. I tillegg til ein fagleg spennande jobb er det 1000 gode grunnar til å bu og jobbe på Voss.

På kirurgisk avdeling er det no fire fast tilsette overlegar med gastrokirurgisk subspesialitet , 4 LIS-legar og 5 turnuslegar. Kirurgisk avdeling har gruppe II-utdanningsstatus i generell kirurgi.
- Det beste med å være kirurg på Voss er variasjonen i det vi held på med. Vi får operert mykje, har spennande vaktarbeid og korte arbeidslinjer. I tilleg er vi akuttsjukehus med traumefunksjon, seier Christer.
Familievenleg bygd
Christer er blant dei som likar det som er annleis i Vossabygda.
- Her på Voss har du ein fantastisk natur, flotte fjell, ordentleg vinter. Tempoet er lågare, og det er mindre kø. Det er ein flott stad å bu som familiemann.

Å bu på Voss
