Floen Manger har 21 tilsette. Av desse bur 15 saman med elevane, når dei er på vakt (medleverturnus). Avdelinga har 15 elevplassar.
Besøksadresse
Toskavegen 400, 5936 Manger
Telefon
55 95 89 00
Dagleg struktur
I fase 2 er det ein dagleg struktur frå kl. 07.30 – 15.00 (09.00 – 12.00 laurdagar) kor elevane deltek på tre arbeidsfelt: hushaldning, gard, vedlikehald.
Gruppetilbod
Elevane deltek og i ulike grupper: fleire prosessgrupper, kvinne- og mannsgruppe og Storgruppe. I tillegg er det samlingar ved behov. Elevane har også kvelds- og helgeansvar for hus og gard.
Aktivitetstilbod
Gym, kano, turar (fisketurar, båtturar og gåturar) og musikk er døme på andre aktivitetstilbod.
Butrening
I fase 2 er det også treningsturar til Bergen i fase 3 boligane.
Seksjonsleiar
Aase Turid E. Frammarsvik