Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pårørandesamarbeid

Når du er innlagd ved seksjon Askøy vil dine næraste pårørande, dersom du ønskjer dette, bli invitert til samtale saman med deg eller åleine

Viss du ikkje ønskjer involvering frå pårørande, vil me be om å få orientera dei om ulike pårørandetilbod både i avdeling for rusmedisin (AFR) og i kommunen.

Dette er fordi me veit at både pasientar og pårørande, som hovudregel får det betre om begge partar får oppfølging og støtte.

 Alle pasientar innlagde i AFR, blir kartlagde i forhold til om dei bur saman med eller har samvær med barn som pårørande. Dette for å sikra at dei er varetekne på ein god måte.

Pårørande til personar med rusmiddelproblem

Pårørande til personar med rusmiddelavhengnad, som utviklar psykisk liding som følgje av å vera pårørande, skal bli tilvist til psykisk helsevern/ TSB. Her skal dei tilbydast utgreiing og/ eller behandling. I individuell pasientbehandling (med samtykke frå pasient) legg me også til rette for dialog og oppfølging av pårørande etter behov.
Pårørande
Pårørende og pasient sitter i sofa hos behandler. Illustrasjon
Sist oppdatert 16.10.2024