Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pårørende og pasient sitter i sofa hos behandler. Illustrasjon

Pårørande til personar med rusmiddelproblem

Pårørande til personar med rusmiddelavhengnad, som utviklar psykisk liding som følgje av å vera pårørande, skal bli tilvist til psykisk helsevern/ TSB. Her skal dei tilbydast utgreiing og/ eller behandling. I individuell pasientbehandling (med samtykke frå pasient) legg me også til rette for dialog og oppfølging av pårørande etter behov.

Helse Bergen

  • Samtale hos behandlar i poliklinikk etter tilvising til TSB frå lege, psykolog, NAV kommune, til Avdeling for rusmedisin (AFR) Helse Bergen.
  • Pårørendeseminar kvart halvår (KoRus)
  • Tilbod om foreldresamtalar, familiesamtalar, parsamtalar, samtalar med barn, etter samtykke frå Pasient
  • drop-in tilbod for pårørande kvar onsdag frå 16.00-18.00 i Kanalveien 5. Dette tilbodet er til alle pårørande uavhengig av om den rusmiddelavhengige er i behandling.

Bergen Kommune: Bergen Legevakt: Livskrisehjelpa (55 56 87 54) Tilbodet kan nyttast om ein sjølv, eller nokon ein er pårørande til, er i ei krise. Opningstider kvard. 08.30-22.30, helg/heilagdag 12.00-20.00

Ivareta – pårørande berørt av rus.Pårørandetelefonen 800 40 567 (Kvardagar 9-15). Pårørandekontakt Ivareta Bergen, (482 82 850). Nettside: ivareta.no/ Email: vareta.avd.bergen@gmail.com

LISA-gruppene sin pårørandegruppe (942 19 464) Blir drive av fagpersonar med lang erfaring frå rusfeltet. Heimeside: www.lisagruppene.no Email:post@lisagruppene.no Møtestad: Magnus Barfotsgate 3, kvar torsdag
kl.18.30-20.30.

Blå Kors: Kompasset – Tilbod til barn og søsken av rusmiddelavhengige
(474 57 892). Blåkors kompasset.Send e-post for meir informasjon via nettsida. Blir drive av fagpersonar med spisskompetanse på barn og unge som pårørande.

Al-Anon Bergen. (938 94 399) Heimeside Al-Anon Norge - Håp og hjelp for familie og venner av alkoholikere Vitalitets-senteret Møhlenpris, 2.etg.Wolffs gate 12

CRUX Kalfaret – Pårørandesenteret i Kalfarveien 84 b, 2 etg. (55 96 01 55)Ope hus kvar torsdag frå kl.15.00-20.00.(Ind.oppflg, temakveldar, aktivitetar for barn). Samarbeid med barneansvarlege i fengsel, NAV, familievernkontor mfl.CRUX Kalfaret behandlingssenter - CRUX (stiftelsencrux.no)

En person som ser på en by
Foto:Colourbox.com

 

Informasjon blir gitt om brukar- og pårørandeorganisasjonar som kan gje rettleiing, støtte og informasjon

 

 

Barn og unge i familien?

Denne informasjonen er til deg som har barn eller unge i familien. Du er kanskje pasient, pårørande eller forelder til eit sjukt barn som har søsken

Barn og unge i familien
Barn held vaksen i handa. Foto
 

 

Ressursar for deg som er pårørande

Pårørandesenteret er eit nasjonalt senter for alle pårørande og fagpersonane som møter dei – uavhengig av diagnose eller relasjon. Målet vårt er å auka livskvaliteten for pårørande.

Ressursar for deg som er pårørande
Diagram

Livskrisehjelpa ved Bergen legevakt

 

Livskrisehjelpa ved Bergen legevakt er kommunetilbodet til menneske i akutte livskriser, til dømes alvorlege livshendingar som ulykker, tap av nære personar i brå død eller sjølvmord, vanskelege samliv eller samlivsbrot. Me kan formidla kontakt til kriseteamet i kommunen ved alvorlege hendingar. Du treng inga tilvising, men ring gjerne på førehand:Telefon 55 56 87 54.

Hjelp til menneske i livskrise
Bergen Legevakt
Sist oppdatert 09.04.2024