Avtalt møteplass må vere vurdert som trygg for medarbeidarane og pasientens personvern må vere ivaretatt. Dette kan også kombinerast med polikliniske møte og telefonisk oppfølging. I tillegg er koordinerande oppfølging og tett samarbeid med andre aktørar i hjelpeapparatet som pasienten er i kontakt med, viktig i mange pasientforløp.
Målgruppe
Målgruppa for ambulerande rusbehandling er personar som på grunn av somatiske, psykologiske eller sosiale årsaker ikkje er i stand til å nytte seg av, eller har klart å kome i kontakt med, ordinære polikliniske rusbehandlingstilbod i Helse Bergen. Vidare jobbar vi med pasientar som slit med å kome i kontakt med TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling), som til dømes unge eller somatiske pasientar i sjukehuset.
Behandlingstiltak
Val av behandlingstiltak i Ambulant seksjon skal vere individuelt tilpassa, forankra i tverrfagleg team og beskrive i den individuelle pasientens behandlingsplan. Ulike pasientforløp krev ulike og samtidige behandlingstiltak som blir ytt av ulike fagpersonar i behandlarteamet.
Brukermedverknad
Brukarmedverknad er viktig i rusbehandling. Pasienten skal få god informasjon om diagnosen/problemstillinga si og kva slags behandlingstilbod som finst, og som blir anbefalt for han/hennar problemstilling. Pasienten skal få moglegheit til å medverke i planlegginga og gjennomføringa av behandlinga si.
Tilsette
Vi er tverrfaglege team med tilsette som har psykologfagleg, medisinfagleg, sosialfagleg og erfaringsbasert kompetanse:
- Eit behandlarteam som jobbar med pasientar som blir tilvist frå Akuttposten, døgnbehandling eller poliklinikk for ambulerande rusbehandling
- Eit team som jobbar for å kome i kontakt med pasientar tidleg i forløpet, til dømes via somatiske avdelingar på Haukeland sjukehus eller via lokale samarbeidspartnarar.
Tilvising
Alle seksjonar i Avdeling for rusmedisin og avdelingar i Helse Bergen kan tilvise ein pasient til Ambulant seksjon. Dette blir gjort via sekundærtilvising, og rutine for dette ligg i EK. Somatiske avdelingar i Helse Bergen kan be om rustilsyn frå Ambulant seksjon; det ligg ein eigen rutine for dette i EK.
Behandlinga som blir gitt i Ambulant seksjon skal vere i tråd med
nasjonal fagleg retningslinje for behandling og rehabilitering av rusmiddelproblem og avhengigheit. Behandlarane i seksjonen har ikkje akuttfunksjon, men jobbar måndag til fredag kl. 08-15.30, og gjennomfører behandlinga i avtalte møte med pasientane. I tillegg kan pasienten få tilbod om telefonkontakt utanom avtalte møte.
Seksjonsleiar
Eirik Gausvik Musland
Epost: eirik.gausvik.musland@helse-bergen.no