Avdeling for rusmedisin kan tilby døgnbehandling ved seksjon Askøy og ved Floenkollektivet. I Bergensområdet tilbyr også Kalfaret Behandlingssenter og Stiftelsen Bergensklinikkene døgnbehandling. Desse har avtale med Helse Vest. Helse Bergen og Helse Vest kjøper også behandlingsplassar utanfor Helse Vest-regionen.
Målgruppe
Pasientar med alvorlege og omfattande rusproblem, ofte dårleg fungerande nettverk, ustabil busituasjon og manglande aktivitetstilbod (skule/arbeid o.l.).
Behandlinga sitt innhald
Dei fleste døgninstitusjonane tilbyr ein kombinasjon av gruppebehandling og samtalar med den enkelte pasient.
Nokre institusjonar, som til dømes Floenkollektivet, er såkalla terapeutiske samfunn.
Varigheit
Kor lenge ein får behandling i døgninstitusjon blir vurdert ut frå kvar enkelt sin situasjon og behov.
Døgnbehandling
Private tilbod