BEaBiRD - Bergen group of Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic Disease

BEaBiRD, Bergen group of Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic disease, er ei forskingsgruppe ved Revmatologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus, nært knytta til Klinisk institutt 2 på Universitetet i Bergen (UiB).

Eksteriør Gamle hovedbygg. Foto

BEaBiRD - pages in English

​Om BEaBiRD

BEaBiRD - Bergen group of Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic Disease er ei forskingsgruppe lokalisert på Revmatologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Gruppa er nært knytta opp mot Klinisk institutt ved Universitetet i Bergen.
​​​​Store endringar i behandlinga av revmatiske sjukdommar dei siste 15-20 åra har ført til redusert sjukelegheit og betre prognose for pasientar med sjukdommar som leddgikt og osteoporose. Like fullt varierer sjukdomsforløpet og prognosa vesentleg mellom pasientar, og vi manglar gode verktøy for å skile pasientgrupper med ulike forventa forløp og respons på medikamentell behandling.

Forskingsfelt

Forskingsgruppa arbeider i grenselandet mellom klinisk forsking og laboratorieforsking, og gruppa har to hovudforskingsfelt.

Det første er studiet av epidemiologi og langtidseffektar ved revmatisk sjukdom og osteoporose med sjukdomsspesifikke funksjonsrelaterte utfall, så vel som komplikasjonar, leddkirurgi, hjarte-karsjukdom og død.

Biomarkørar ved revmatisk sjukdom utgjer det andre forskingsfeltet. Vi forskar på serologiske, cellulære og intracellulære biomarkørar hos pasientar med inflammatoriske leddsjukdommar og osteoporose.

Datamateriale

Våre store datakjelder som Norsk Artrittregister (NorArtritt) og Bergen Sjögren kohort, samt biologisk materiale samla i Biobank for revmatiske sjukdommar i Vest-Norge utgjer grunnlaget for vår forsking, saman med kunnskapen representert ved vårt raskt vaksande team av erfarne og unge forskarar. Vidare drar vi nytte av eit mangeårig samarbeid med Broegelmann forskingslaboratorium.

Vårt endelege mål er å mogleggjere individualisert pasientbehandling av sjukdommar som leddgikt, osteoporose, og Sjögren's syndrom ved hjelp av å identifisere undergrupper av pasientar på bakgrunn av kliniske- og laboratoriedata.

Vi er takknemlege for den uvurderlege støtta vi har mottatt frå Riebers allmennnyttige fond ved Johanne Marie Martens Rieber.​

Kontaktinformasjon

Revmatologisk avdeling
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen

Bjørg-Tilde Fevang
+47 55 97 54 23

Johan G. Brun
+47 55 97 54 22

BEaBiRD medlemmar

Bergen group og Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic Disease.

Forskarar

  • Johan G. Brun, professor, MD, PhD
  • Bjørg-Tilde S. Fevang, professor, MD, PhD
  • Clara G. Gjesdal, associate professor, MD, PhD
  • Anne-Kristine H. Halse, associate professor, MD, PhD
  • Ellen M Apalset, MD, PhD
  • Lene Brekke, MD, PhD
  • Lucius I. Bader, MD, PhD
  • Tone Wikene Nystad, MD, PhD
  • Sten Daniel Hammenfors, MD, PhD
  • Solveig Hauge, MD, PhD

Doktorgradskandidatar

  • Christian Lillebø Alsing, MD, LIS, Haraldsplass diakonale sykehus
  • Anja Hjelle, MD, overlege, Revmatologisk avd., Førde sentralsjukehus
  • Sanaa S. Said

Stipendiatar og andre forskarar

  • Haris Caucevic, MD
  • Anja Røym, MD
  • Liv Turid Bertelsen, MD
  • Tor Magne Madland, MD, PhD
  • Karstein Haldorsen MD, PhD
  • Hilde Nordal, MD, PhD
  • Marie Njerve Olsen, MSc
  • Jens Vikse, MD
  • Elisabeth Mæland, MD
  • Hans Kristian Skaug, MD

Samarbeidande forskarar

  • Anne Isine Bolstad, professor, Institutt for klinisk odontologi, UiB
  • Stein Atle Lie, professor, Institutt for klinisk odontologi, UiB
  • Einar Kristoffersen, professor og avdelingssjef, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland universitetssjukehus
  • Bjørn Tore Gjertsen, professor og leder Signalling-targeted therapy group
  • Andreas Diamantopoulos, MD, PhD 
  • Glenn Haugeberg, professor og avdelingsleder, Revmatologisk avd., Sørlandet sykehus
  • Gunnstein Bakland, MD, PhD, Revmatologisk avd., Universitetssykehuset Nord-Norge
  • Marianne Wallenius, MD, PhD, St. Olavs hospital
  • Espen A. Haavardsholm, professor Diakonhjemmet sykehus og UiO
  • Siri Lillegraven, MD, Phd, Diakonhjemmet sykehus
  • Helga Midtbø, MD, PhD, Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
  • Grethe Seppola Tell, professor, Institutt for global helse og samfunnsmediisn, UiB
  • Kjell Arne Johansson, professor, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB og Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS)
  • Karl Ove Hufthammer, biostatistiker, PhD, Kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest  
  • Randi Julie Tangvik, Førsteamanuensis, Klinisk institutt 1, UiB

F​orskingssjukepleiarar og biobankansvarlege

  • Tove Hatletveit
  • Mariela Pina Ayala
  • Jeanett Hetland
  • Åshild Aakre

Retningslinjer

Retningslinjer for utlevering av bioligks materiale frå BRoWn (pdf)Retningslinjer for utlevering av data frå NorArtritt (pdf)

Forsking

Fokusområde og prosjekt

Epidemiologi og langtidseffekt

  1. Epidemiologi og diagnostikk ved Sjögrens syndrom (prosjektleiar Johan G. Brun)
  2. Epidemiologi og langtidseffektar ved kronisk inflammatorisk leddsjukdom (prosjektleiar Bjørg-Tilde Fevang)
  3. Epidemiologi for osteoporose hos pasientar med frakturar (prosjektleiar Ellen M. Apalset) 

Biomarkørar ved revmatisk sjukdom

  1. Biomarkørar ved tidleg og etablert inflammatorisk leddsjukdom (prosjektleiar Anne-Kristine Halse)
  2. Biomarkørar ved osteoporose (prosjektleiar Ellen Apalset)
  3. Celle signalering ved inflammatorisk leddsjukdom (prosjektleiar Lucius I. Bader) 

Våre tilknytningar

Revmatologisk avdelingNorsk kvalitetsregister for artrittsykdommer

Vi samarbeider med

Publikasjonar

Sjå oversikt over våre publikasjonar 
Fann du det du leita etter?