Jobb ved Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR)
AFMR er Vestlandets største fagmiljø innan spesialisert rehabilitering i sjukehus. Spesialisert rehabilitering handlar om å kunne behandle eit bredt spekter av medisinske problemstillingar, og krev høgspesialiserte tverrfaglege team.
Avdelinga vår held til i eige bygg på Nordås. Alle pasientar har einerom og tilgang til gode treningsfasilitetar og terapibasseng.
Pasientbehandling
Tilbodet består av døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk.
Sengepostar
Avdelinga har to sengepostar. Dei fleste pasientane vert overført tidleg, som ein del av akuttforløpet. Som medarbeidar får ein arbeide med komplekse medisinske problemstillingar og spesialisert rehabilitering i tidleg fase. Kvardagen ved sengepostane er variert og innhaldsrik. Kompleksiteten krev koordinert innsats frå fleire faggrupper. Ved avdelinga arbeider: Legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, sjukepleiar/spesialsjukepleiar, helsefagarbeidar / hjelpepleiar, nevropsykolog, ergoterapeut, fysioterapeut, logoped, sosionom og kontorpersonell.
Dei to sengepostane har spesialisert seg på ulike diagnosegrupper, men har eit tett fagleg samarbeid og fokus på kompetanseutvikling på tvers.
Post 1: Seksjon for slagrehabilitering og traumatisk hjerneskade
Her er 15 senger for spesialisert rehabilitering etter hjerneslag samla, i tråd med nasjonale retningslinjer. Fire av sengene sengene er regionale, desse er øyremerka tidleg rehabilitering etter alvorleg traumatisk hjerneskade.
Her er 15 senger for spesialisert rehabilitering etter hjerneslag samla, i tråd med nasjonale retningslinjer. Fire av sengene sengene er regionale, desse er øyremerka tidleg rehabilitering etter alvorleg traumatisk hjerneskade.
Post 2: Seksjon for traumatologi og nevrorehabilitering
Denne sengeposten har 18 sengeplassar, og nyttar i tillegg pasienthotellet. Sengeposten har behandlingstilbod for pasientar med:
Oppfølging av nyansatte i sengepostane.
Tilbod til ansatte
Denne sengeposten har 18 sengeplassar, og nyttar i tillegg pasienthotellet. Sengeposten har behandlingstilbod for pasientar med:
- Nevrologisk sjukdom/skade
- Kreft med nevrologisk skade
- Komplekse traumer
- Brannskader
- Komplekse smertetilstandar og funksjonelle lidingar
- Amputasjonar og dysmeli
Oppfølging av nyansatte i sengepostane.
- Fadderordning
- Kompetanseplanar i fleire trinn med gradvis oppbygging av kompetanse
- Nyansattkurs 2 gonger årlig
- E-læringskurs
- Internundervisning
- MAP kurs (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Opplæring i behandlingskonsepta Affolter, Bobath og Coombes
- Forflytningsveiledning
Tilbod til ansatte
- Tilgang til treningsutstyr og basseng på Nordås
- Vannaerobic med instruktør
- Kor
- Haukeland sjukehus Idrettslag (HSI)
Sist oppdatert 12.01.2022