Helse Bergen og Bergen kommune samarbeider om pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Ved å ha mange tenester for øyeblikkeleg helsehjelp samla på ein stad, blir det enklare for pasientar og pårørande.
Kor får du hjelp?
I Bergen helsehus i Solheimsviken finn du både den allmennmedisinske legevakta (Bergen legevakt) til kommunen og skadepoliklinikken som er organisert under Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus. Radiologisk seksjon, Bergen helsehus fungerer som ei serviceavdeling for skadepoliklinikken.
Når du kjem til Bergen helsehus må du trekkje kølapp. Du skal enten til den allmennmedisinske legevakta (Bergen legevakt) eller Skadepoliklinikken:
Allmennmedisinsk legevakt
- Akutte medisinske og psykiske sjukdommar
- Hjerneskaking, augeskadar og ryggskadar
- Livskriser og overgrep
Skadepoliklinikken
- Brot
- Kutt og sår
- Brannskadar
- Fysioterapi
- Kontrollar