Helse Bergen og Bergen kommune samarbeider om pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Ved å ha mange tenester for øyeblikkeleg helsehjelp samla på ein stad, blir det enklare for pasientar og pårørande.
Kor får du hjelp?
I Bergen helsehus i Solheimsviken finn du både Skadepoliklinikken, som er organisert under Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus, og den allmennmedisinske legevakta til kommunen, Bergen legevakt.
Skadepoliklinikken behandlar akutte skadar i armar og bein, som brot og forstuingar, kutt, sår og brannskadar.
Pasientane som blir behandla ved Skadepoliklinikken får tilbod om kontrollar og fysioterapi etter behov.
Når du kjem til Bergen helsehus må du trekkje kølapp. Du skal enten til Skadepoliklinikken eller den allmennmedisinske legevakta, Bergen legevakt:
Skadepoliklinikken
- Brot
- Kutt og sår
- Brannskadar
- Fysioterapi
- Kontrollar
Allmennmedisinsk legevakt
- Akutte medisinske og psykiske sjukdommar
- Hjerneskaking, augeskadar og ryggskadar
- Livskriser og overgrep
Medan du ventar på behandling:
- Meld frå dersom sjukdommen eller skaden blir verre medan du ventar på behandling
- Hald den skadde kroppsdelen høgt!
- Fjern ringar ved skade på hender og armar!
Reseptar og sjukemeldingar
- Vi skriv ut reseptar og sjukemeldingar berre for sjukdom eller skade vi behandlar deg for
- Ta kontakt med fastlegen for andre reseptar eller sjukemeldingar
- Ved behov for forlenging av sjukemelding for skaden din, tar du også kontakt med fastlegen.
- Vi skriv ikkje ut sterke smertestillande eller beroligande medikament
Betaling
- Når du er ferdig behandla, går du til Skadepoliklinikkens luke og betaler eigendel for konsultasjonen og eigendel for røntgenbilde som er tatte.
- Dersom du går utan å betale same dag, vil du få tilsendt faktura i etterkant.
- Får du fysioterapi same dag som du har vore til legen, betaler du kun ein eigendel.
- Kjem du til kontroll hos fysioterapeuten er det ein eigen takst for fysioterapitilbodet.
Eigendel og frikortFrikort for helsetenester (helsenorge.no)Gebyr for ikkje møtt
Dersom du ikkje kan møte til avtalt time, må du melde frå seinast dagen før. Du får ellers tilsendt rekning med tredobbel eigendel for timar som du ikkje møter til.
Skadepoliklinikkens ekspedisjon er open kl. 08:30 – 22:15 alle dagar.
Telefon: 55 56 87 55.