Radiologisk avdeling, CT

Vi utfører CT-undersøkingar, og nokre CT-vegleia inngrep som biopsi og radiofrekvensablasjon. Dei fleste av våre undersøkingar krev at du som pasient er førebudd på førehand. Mange av undersøkingane våre foregår ved bruk av intravenøst kontrastmiddel som hjelpemiddel til å forbetre diagnostikken. Alle som skal få intravenøs kontrastvæske må ha avklart nyrefunksjonen ved ein blodprøve før timeavtale. Informasjon om blodprøvetaking og andre førebuingar vil følgje med som informasjon i innkallinga di.

Fann du det du leita etter?