BUP Fana Fusa Austevoll

BUP Fana, Fusa og Austevoll er ein av sju allmennpoliklinikkar i Helse Bergen, og har opptaksområde Fana bydel, Austevoll kommune og Fusa kommune. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod.

Les meir om BUP Fana Fusa Austevoll

BUP Fana Fusa Austevoll

Kva er ein BUP?

Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklere sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen.

Alle tilvisingar til Klinikk psykisk helsevern for barn og unge går til nærmaste poliklinikk, med mindre det går fram av tilvisinga at pasient eller pårørande har nytta seg av rett til fritt sjukehusval. Pasientar med rett til prioritert helsehjelp får brev om dette, med frist for oppstart. Alle tilvisingar skal vere behandla innan ti verkedagar.

BUP tilbyr evidensbasert behandling så langt det er mogleg. Dette betyr at behandlingsmetodane er basert på forsking.

Utgreiing

  • Generell utgreiing
  • Spesialisert utgreiing (til dømes nevropsykologisk utgreiing)

Behandling

  • Individuell behandling
  • Familiebehandling
  • Gruppebasert behandling
  • Medikamentell behandling

Konsultasjon og rettleiing

BUP er ei spesialisert helseteneste som kan gi råd (konsultasjon) og rettleiing til skuler, helsesøstrer, barnevernstenester, og barnehagar.

I tillegg har vi Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse - Eining for barn og unge. Senteret skal gi eit poliklinisk tilbod til barn og unge med høyrselshemming og psykisk liding i Helse Vest.

Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse

Kontakt

Oppmøtestad

Vi held til i Østre Nesttunveg 20.

 

Telefon
55 97 80 00
måndag - fredag 08.00-15.30
E-post
Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge
BUP Fana, Fusa og Austevoll
Postboks 1400
5021 Bergen

Bybane

​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
Rutetabellar finn du på Skyss.no.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.