Vi tilbyr poliklinisk behandling for vaksne over 18 år i kommunane Øygarden og Askøy etter tilvising frå lege.
Vi tilbyr ei rekkje gruppetilbod og individuelle konsultasjonar hos psykologspesialist /psykolog, psykiater eller psykiatrisk sjukepleiar for pasientar med allmennpsykiatriske problem som for eksempel angst, depresjon og kriser.
Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS.
Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale.
Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider
På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.